Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Korleis skal retningslinene for alkohol vera i Hemsedal?

Har du innspel til korleis alkoholpolitikken skal utøvast, har du nå sjansen til å koma med innspel.

Illustrasjon - Samling av grønne flasker

Kva meiner du? 

Dei alkoholpolitiske retningslinene skal oppdaterast innan sommaren 2024. Hemsedal kommune synest det er viktig å fanga opp signala frå bransjen, organisasjonar og andre interessenter. Retningslinene har allereie våre til førstegangsbehandling hjå Hovudutval for Livsløp. No skal dei ut på offentleg høyring. 

Me inviterer dermed til å koma med innspel på desse retningslinene. 

Denne politiske behandlinga vil også ta stilling til om det skal stillas krav til alle bevillingshavere om ny søknad eller om noverande bevillingsperiode skal vidareførast utan søknad (visse krav kan stillast, sjå pkt 2 i retningslinene).  

Kva kan du gjera? 

Har du innspel og forslag til justeringar på dei alkoholpolitiske retningslinene er det fint om du sender forslaga til e-dialog (sikker epost) innan 10. mai 2024. 

Slik skal retningslinene behandlast: 

  • Hovudutval for Livsløp har hatt førstegangsbehandling og komt med forslag til endring. 
  • Invitasjon til innspel på retningsliner frå bransje og andre interesserte
  • Administrasjonen utarbeider forslag til nye retningsliner
  • Politisk behandling vår 2024. Kommunestyret vedtek nye alkoholpolitiske retningsliner 2024 - 2028. 

Sist endret: 29.04.2024