Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Historia om reinen, kultursalen mandag 12 januar kl.19.

Villrein i Hemsedal - Hemsedal kommune og stiftinga Norges Høgfjellskole inviterer til gratis fagkveld med tema villrein.

Invitasjon villreinkveld i Hemsedal kultursal 12 januar 2026-bilder-0.jpg

Invitasjon villreinkveld i Hemsedal kultursal 12 januar 2026-bilder-1.jpg

Denne kvelden er via til den lange
vandringa som villreinen har gjort
gjennom Europa og den historia som vi
har felles med dette fantastiske dyret.På grunn av sjukdomen CWD vart
villreinen i nørre del (sone 2) av Nordfjella
skoten ned i 2017-2018. No skal den
friskmelde reinen frå sørre delen (sone 1)
få tilgang til dei gode beiteområda i Ål og
Hemsedal på nytt.

For oss i Hemsedal er det særleg
vinterbeitene over mot Ål som er viktige.
På nordsida av dalen har vi reindrift.
Villreinen og tamreinen er same art. Difor
treng vi alle saman å bli betre kjent med
reinen vi har i fjella våre!

Vi trur både større ungar, ivrige turfolk og
gamle jegerar vil ha glede av foredraget
og få ei minnerik stund i kultursalen
denne kvelden!

 

 

Sist endret: 09.01.2026