Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturplan - Hemsedal kommune set i gang arbeidet med kulturplan - vi vil høyre frå deg!


No startar vi arbeidet med å lage ein kulturplan for bygda vår. Målet er å få ein tydeleg og langsiktig plan for korleis vi skal utvikle kulturlivet i Hemsedal.
Kultur handlar om identitet, trivsel og fellesskap – og er avgjerande for at Hemsedal skal vera ei attraktiv kommune å bu i, flytte til og besøke.  

Kultur i Hemsedal – for alle, heile livet
Vi ønskjer at alle skal ha høve til å leva gode og meiningsfulle liv, og vera med på å utvikla bygda vår.
Hemsedal skal vera eit inkluderande lokalsamfunn der alle kjenner seg velkomne og har tilgang til kunst, kultur, idrett og friluftsliv gjennom heile livet.
Hemsedal kommune vil vera ein aktiv samarbeidspartnar for å skapa eit rikt og levande kulturliv.  

Kvifor kulturplan?
* Gir retning og prioriteringar for kulturarbeidet
* Sikrar forutsigbarheit for lag, organisasjonar og kulturaktørar
* Har ei viktig rolle i samfunnsutviklinga
* Legg grunnlag for nye idear og samarbeid
* Tek vare på kulturarv og lokal identitet  

Vi treng dine innspel!
Kva utfordringar ser du? Kva moglegheiter har vi?
Vi ønskjer brei medverknad frå heile bygda.
I tida framover vil vi invitere til opne møte – tid og stad blir kunngjort etter kvart.
Har du allereie tankar eller forslag? 

Send inn dine idear – og bli med i trekninga av 3 «kinopakker» (4 billettar og popcorn)!

Send innspel skriftleg til postmottak@hemsedal.kommune.no innan 31.12.2025.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med kulturetaten: Lisbeth Skølt, mobil 45 03 56 71  

Saman skapar vi eit levande kulturliv!

Kulturplan 3 farger 4-5.jpg

Sist endret: 24.11.2025