- Tredje gong på rad: Hemsedal vart først sertifisert i 2017 – no er kommunen resertifisert for perioden 2026–2029.
- Trygg Trafikk står bak: Ordninga sikrar systematisk arbeid med trafikktryggleik i kommunen.
- Ingen dødsulukker på fem år: Éin alvorleg skadd og 14 lettare skadde – dei fleste ulukkene på rv. 52.
- Ny trafikktryggleiksplan: Skal gjelde dei neste fire åra.
- Hjartesone ved Hemsedal skule: Tiltak for tryggare og meir attraktive skulevegar for born.
Statistikk
I Hemsedal har det ikkje vore drepne i trafikken dei siste fem åra. Éin person er alvorleg skadd, og 14 lettare skadde. Dei fleste ulukkene har skjedd på riksveg 52, og krysset ved Holdebru har hatt fleire ulukker og blir difor vurdert som utsett
Hjartesone
Når det gjeld skulevegane i Trøim sentrum, trengst blant anna betre lys ved gangfelt, tryggare kryss med fartshumpar og breiare fortau ved enkelte område. Hemsedal skule innfører no «Hjartesone» i eit område i Trøim sentrum. Skulen har hatt liknande tiltak ei stund, men Hjartesone er eit nytt konsept der vi jobbar systematisk med trafikktryggleik i skulen. Målet er blant anna å legge ferdselsveg for mjuke trafikantar til alternative skuleruter og få dei vekk frå riksvegen. Tiltaket kombinerer fysiske endringar, opplæringstiltak, involvering av elevar og foreldre og tiltak rundt haldningsskapande arbeid. Dette er ein plan ein skal jobbe etter dei neste fire åra, som skal gjere det tryggare og meir attraktivt for born å gå eller sykle til skulen. Det kan vere ganske skummelt for ungane å gå langs riksvegen. Her er det mykje trafikk, både av bilar og tungtransport. Me ynskjer å ha meir fokus på dette framover.
Les meir om Hjertesone, og prioriterte innsatsområder i Trafikktryggleiksplan 2026-2030, og sjå tiltak i Handlingsdelen.