Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Oppføljing av næringssenger

På kommunestyremøte den 12.5.2016, sak 27/16 ble det vedteke at Hemsedal kommune skal prioritere ein kontroll av at regulerte områder til turistverksemd i kommunen, «senger i næring», vert nytta i tråd med reguleringsføremålet.

Bakgrunnen for vedtaket er signal om at einingar i slike næringsområder, eigd av private, vert nytta som fritidseiningar. Kommunen sin «varmseng politikk», jfr. vedteke næringsplan skal følgjast opp, sjå link:

http://www.hemsedal.kommune.no/teknisk-eiendom-og-naring/strategisk-naringsplan-2016-2022/

Prosjektplan, ressursbruk og gjennomføring av prosjekt «Næringsformål i turistområdet – oppfølgjing og kontroll» vert handsama i samband med revidering av økonomi og handlingsplan 2016.

Kommunen er no i gang med arbeidet og både administrasjonen og det politiske har vore i kontakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette for å få ein presisering om forståing av plan og bygningsloven med tanke på krav til utleigeplikt.

Ein jobbar vidare med å få til eit møte med departementet snarast der ordførar, leiar for plan og ressurs og representantar frå den administrative leiinga i kommunen stillar.