Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskotsordningar i landbruket

 

Produksjonstilskot i jordbruket (PT) NB! Absolutte frister.

Søknadsfrist for PT er 15. mars og 15. oktober

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei rekke tilskotsordningar som foretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke på. Det er kommunen som er handsamar og avgjer søknadar om produksjonstilskot. Sjølve tilskotet vert utbetalt sentralt frå Landbruksdirektoratet ein gong i året i februar året etter søknadsåret.

• Éin søknadsprosess med to registreringar

• Del 1: Telledato 1. mars 2018 med søknadsfrist 15. mars

• Del 2: Telledato 1. oktober 2018 med søknadsfrist 15. oktober

• Kan endre innsendt søknad i 14 dagar etter søknadsfristen

• Enkelte opplysningar kan etterregistrerast etter 15. oktober, men innan 10. januar, her under:

  • avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember
  • dyr på utmarksbeite som er tekne ned frå beite seinare enn 15. oktober 
  • slaktegris, kylling og kalkun selde som livdyr mellom 15. okt. og 31. des.

Føremålet

Føremålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning, og tilskotet vert utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal. Dei ulike tilskotsordningane er definert i jordbruksavtala og omtala i rettleiingsheftet, som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang.

Tilskotsordningar

Det er mange ulike ordningar som ligg under begrepet produksjonstilskot. Desse ordningane er aktuelle i vårt område:

  • tilskot til bevaringsverdige storferasar
  • tilskot til grønt- og potetproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon
  • tilskot til husdyr
  • tilskot til dyr på beite
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til økologisk landbruk
  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Elektronisk søknad

Det er berre mogleg å søkje om tilskot elektronisk via Altinn på internett. Denne tenesta er tilgjengeleg frå telledatoen, høvesvis 1. mars for del 1 og 1. oktober for del 2. Link til søknadsskjema og rettleiingshefter finns på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Søknadsfrist er 15 oktober 

Ordninga ligg under produksjonstilskot, og det må nyttast same skjema.

Tilskot til avløysing i landbruket er heimla i Forskrift om tilskot til avløysing.

Avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning der føretak med husdyrproduksjon kan få dekke utgifter til avløysing ved ferie og fritid. For å kunne få tilskot må føretaket disponere dyr og tilskotet kan ikkje overstige foretakets faktiske utgifter.

Du finn meir om tilskotsordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet

 

Avløysing ved sjukdom og fødsel o.l.

Søknadsfrist er fortløpande

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn. Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få tilskot i etterkant av bondens dødsfall.

Ordninga er heimla i Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bondens næringsinntekt frå jordbruk- eller gartneri. Søknad skal sendast til kommunen som handsamar søknadene.

Søknadsskjema og meir om tilskotsordninga finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet

Regionalt miljøtilskot (RMP)

Søknadsfrist i Buskerud er frå og med 2018 flytta til 15. oktober

Regionale miljøtilskot er produsentretta tilskotsordningar for landbruket som er definert i Regionalt miljøprogram for Buskerud.

Det er fastsett eigen forskrift for kvart fylke. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på nettsida til Fylkesmannen i Buskerud og Landbruksdirektoratet

Søknad/søknadsfrist

Søknad skal sendast til kommunen som handsamar søknadane. Søknadsfrist er 15. oktober. Elektronisk søknad må vera levert før midnatt. Rettleiing og hjelpevideoar finn du på Landbruksdirektoratet sine sider eller på nettsida til Fylkesmannen.

 

Statleg grøftetilskot

Søknaden skal sendast til Hemsedal kommune. Det ingen søknadsfrist, og søknadar vert behandla fortløpande heile året.

Tilskudd til drenering av jordbruksjord kom i 2014, og forskrift vart fastsett av Landbruks- og matdepartementet 25.06.2013.

Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord

Det er også kommunelt tilskot til grøfting av jordbruksareal, sjå tilskotsordninga:

Tilskotet kan gis til tidlegare grøfta jord, og formålet med forskrifta er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å kunne gje auka jordbruksproduksjon på areala samt redusere fare for erosjon og overflateavrenning av næringstoff til vassdrag.

Du finn søknadskjema og regelverk på landbruksdirektoratet sine nettsida

 

Kommunalt tilskot til ymse jord og skogbruksformål

Søknadsfrist er 1. oktober

Midlane er ein årleg sum avsett frå kommunen sine konsesjonsavgiftsinntekter. Den årlege summen har vore 250 000 – 300 000 dei siste åra.

Forskrifta til ordninga vart revidert av Hemsedal kommunestyre i sak 74/16.

 Det er mogeleg å søke om tilskot til fylgjande tiltak:

- fulldyrking

- grøfting av tidlegare dyrka jord og beite

- fjerning av gamle beitegjerde

- tilskot til sperregjerde i utmark

- kommunalt tilskot til investering i samband med stølsdrift

- tilskot til utmarkstilsyn i samband med barmarksesong

- stipend til ungdom, og andre frå Hemsedal til landbruksutdanning

- skogplanting og ungskogpleie

- tilskot til vedlikehald av skogsvegar med fokus på auka nedbør og erosjon

- vasskvalitet på gardsbruk

- ombygging av driftsbygningar til bruk i tilleggsnæring

- foredling av råstoff frå lokalt landbruk

- andre viktige tiltak for landbruket

- spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Det er også mogeleg å søke tilskot til saker som har fått innvilga SMIL tilskot. Høgaste tilskot er kr. 20 000,- pr tiltak, og sum tilskot inkludert SMIL tilskot skal ikkje overstige 50% av kostnaden.

Dei einskilde tiltakspunkta er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje, men tilskot til nydyrking, grøfting og tiltak på stølar med aktiv støling har 1. prioritet før andre søknadar ved tilskotsbeløp utover ramma. Ved behov for ytterlegare prioritering vert søkjarar som søker om produksjonstilskot prioritert.

For meir informasjon om dei ulike tiltaka sjå Reviderte vedtekter.

Skriftleg søknad skal sendast til Hemsedal kommune før fristen. Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga

 

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknadsfrist for SMIL-tilskot er 1. april og 1. oktober

SMIL- midlane er avgrensa til dei som er berettiga produksjonstilskot i landbruket.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket: regelverk og søknadsskjema

Det er mogleg å søkje tilskot til fylgjande tiltak: •ta vare på og fremje biologisk mangfald og halde gamal kulturmark i hevd. •ta vare på, og drive skjøtsel på og omkring kulturminne og kulturmiljø. •utvendig restaurering av verneverdige bygningar i landbruket •legge til rette for ferdsel til fots, og oppleving av landbruket sitt kulturlandskap gjennom friluftsliv og rekreasjon, eller andre tiltak som er viktige for kulturlandskapet men som ikkje kjem inn under nokon av punkta over. •Ulike tiltak som kan reduserer forureining frå landbruket

Tiltaksstrategien for SMIL- midlar i Hallingdal 2016- 2019 

 

BU-midlar, finansiering av bruksutbygging

Søknadsfrist er fortløpande

Innovasjon Norge tilbyr finansieringshjelp, med anna til investeringar i landbruket i form av ulike tilskot og lån.

Du kan lese meir om dei ulike tilskuddsordningane på Innovasjon Norge sine sider, der finn du og elektronisk søknadsskjema til dei ulike ordningane.

Innovasjon Norge

Det er mogeleg å søke om stønad til investeringar innanfor både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæring (investeringstilskot og rentestønad). Det er også mogleg å søke etablerarstipend frå bygdeutviklingsmidlane for å starte ny verksemd utanom tradisjonelt landbruk.

Registreringsskjema til kommunen

Investering i tradisjonelt landbruk

Tilleggsnæring til landbruket

Etablererstønad

Ta kontakt med landbruksavdelinga i kommunen viss det er noko du lurar på i forhold til søknadar til Innovasjon Norge.

Kommunen skal også gje uttale i alle slike saker, derfor er alle søknadar innom kommunen før dei vert sendt Innovasjon Norge. Søknadane vert vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeida av Innovasjon Norge.

Sjå Buskerud sine: Fylkesvise retningslinjer for søknadsprosedyre og

Forskrift om bygdeutviklingsmidlar  for meire informasjon.

 

Nærings og miljøtilskot i skogbruket

Søknadsfrist er fortløpande

Tildeling av NMSK tilskot til skogbruket er regulert etter forskrift om «Tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» fastsett av Landbruksdepartementet 4.februar. 2004. Dette er midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket samt til skogbruksplanlegging.

Tilskotet har som formål at det ut frå lokale prioriteringar og tilpassingar vert stimulert til auka verdiskaping i skogbruket.

Hallingskog har utarbeidd tilskotsstrategi for ordninga som er felles for heile Hallingdal, og det kan jamfør ordninga gjevast tilskot til:

• Skogkultur

• Prosjekt for å utvikle skogbruket lokalt/regionalt

• Miljøtiltak i skog

• Vegbygging

• Skogsdrift med taubane og hest

• Utdrift av skogsvirke til bioenergi

Tilskot til vegbygging, skogsdrift med taubane og hest, og utdrift av skogsvirke til bioenergi vert løyvd av Fylkesmannen.

Ny revidert tiltaksstrategi vart utarbeida av Hallingskog og gjeller i planperioden 2016 til 2019. Denne dannar grunnlag for fordeling av tilskotsmidlane. Målgruppe for tilskotet er skogeigarane i Hemsedal kommune.

Tilskot vert utbetalt fortløpande etter innlevert dokumentasjon på at tiltaket er gjennomført.

Tiltaksstrategi for NMSK