Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Landbruk

Følg med på Viken-bonden på facebook

Her finn bønder i Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus aktuell informasjon om jordbruk og skogbruk frå Fylkesmannen sin landbruksavdeling i Oslo og Viken.

Viken-bonden

Tilskot i landbruket 

Her finn du ei eiga side om tilskotsordningar i landbruket

Informasjon om beitesesongen frå Mattilsynet

Infoskriv frå Mattilsynet

Jordbruk

Deling etter jordlova

Deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk må godkjennast av departementet (kommunen). Det same gjeld forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn ti år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren). Med eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige.

Jordlova

Deling av landbrukseigedom er heimla i jordlova sin §§ 1 og 12.

Søknad om frådeling frå landbrukseigedom skal innehalde:

•  utfylt søknadsskjema "Deling av grunneigedom"

•  eige skriv med grunngjeving av søknaden

•  kartutsnitt som syner omsøkt areal

•  nabovarsling

Søknad skal sendast til:

Hemsedal kommune, Teknisk etat, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal

Søknadsskjema deling av eigedom

Det er politisk Hovudutval for plan- og ressurs som avgjer søknad om frådeling frå landbrukseigedom.Kurante søknadar vert avgjort administrativt. Sakshandsamingstid kan variere utifrå saka sin karakter.

Gebyr: Handsamingsgebyr for søknad om frådeling etter jordlova er kr. 2000,- og er fastsett i forskrift frå Departementet.

 

Driveplikt og avtale om leie av jord

Jordlova § 8. Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd.

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie ho opp. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og vere skriftleg. Avtaler som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta. Eigaren må sende kopi av avtala til kommunen. Ei leigeavtale som er i strid med andre eller tredje punktum, kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller i høve til offentlege styresmakter.

Mal for avtale om leie av jord

Finn departementet at jordbruksarealet ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet.

 

Omdisponering av jordbruksareal

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida. Om ein ynskjer å bruka dyrka eller dyrkbar jord til anna enn jordbruksproduksjon må det godkjennast av departementet (kommunen).

Omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord skjer i hovudsak gjennom planar, det vil seie at kommunen gjennom vedtak av arealplanar etter plan- og bygningslova vedtek at jordbruksareal skal nyttast til anna enn landbruk. Det kan også søkjast, med heimel i jordlova §9, om omdisponering av jordbruksareal i enkeltsaker. 

Jordlova §9

 

Søknad og saksgang

Søknad om omdisponering skal sendast Landbruksforvaltninga i kommunen. Det er ikkje eige søknadsskjema men søknaden må vere grunngjeven, og det må leggast ved kartutsnitt som syner omsøkt areal. Kartutsnitt kan hentast ut frå Kommunekart,  Gårdskart eller NIBIO KILDEN.

Det er Hovudutval for plan- og ressurs som handsamar søknadar om omdisponering av jordbruksareal i Hemsedal kommune. Kurante saker kan avgjerast av administrasjonen.

 

Konsesjon ved overtaking av landbrukseigedom og buplikt

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. Ein kan "erverve" eigedom ved kjøp, arv, gave o.l. Døme på fast eigedom er hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.

Reglane om konsesjon finn ein i Konsesjonsloven med tilhøyrande forskrifter. Ved dei fleste erverv kan "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom nyttast", men det er også erverv der ein må søke om konsesjon. Konsesjonslova syner kva erverv som er konsesjonsfrie, og når ein må søke konsesjon. Kommunen avgjer søknadar om konsesjon, og stadfestar eigenerklæring om konsesjonsfritak. Kommunen sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen.

Konsesjonslova styrer også buplikt på landbrukseigedom, sjå nedanfor som omtalar dette.

Konsesjonssøkjaren skal betale gebyr, med mindre ein ved ervervet kan nytte skjema "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom" eller om det vert søkt om konsesjon fordi buplikta ikkje skal oppfyllast. Gebyret for ei konsesjonssak er kr. 5000,-.

Skjema: LDIR - 356 Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense eller LDIR- 359 Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider under skjema

Meire informasjon vedkomande regelverket om konsesjon, eller konsesjonsfritak finn du på Landbruksdirektoratet si nettside, eller ved å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

 

Buplikt

Lovverket vedkomande buplikt i landbruket er styrt av konsesjonslova.

Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, jamfør konsesjonslova §§1 og 9.

Bestemmelsen gir ei vid ramme for kva for omsyn som skal trekkast inn:

•  framtidige generasjonar sitt behov

•  landbruksnæringa

•  behovet for utbyggingsgrunn

•  omsynet til miljøet, ålmenne naturverninteresser og friluftsinteresser

•  omsynet til busetjinga


Erverv frå slekt.

Personleg buplikt kan oppstå ved erverv av landbrukseigedom innan slekt og ved kjøp av landbrukseigedom på den opne marknaden. Det er personleg buplikt for eigar på bebygd eigedom der fulldyrka og/eller overflatedyrka jord er meir enn 35 daa, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog.

At ein flytter til eigedomen innan eit år, etter overtaking og forpliktar seg til å oppfylle den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller i nær slekt kan erverve landbrukseigedom av ein slik storleik konsesjonsfritt ved å nytte eigenerklæringsskjema.

Det er ikkje lenger høve til å søke om utsetjing eller fritak frå buplikta på desse eigedomane. Viss ein skal overta ein eigedom som er over denne arealgrensene og ikkje vil/eller kan busetja seg på eigedomen innan fristen for busetjing, må ein søke kommunen om konsesjon for å få overta eigedomen.


Erverv utanom slekt.

Eigedom som vert overteke utanom slekt er konsesjonspliktig dersom den er bebygd og har totalareal på over 100 daa, eller det fulldyrka og overflatedyrkaarealet på eigedomen er meir enn 35 daa. I konsesjonsvurderinga har landbruksstyresmaktene plikt til å vurdere om det er naudsynt å setja vilkår om buplikt på eigedomen, og om buplikta skal vera personleg.


Buplikta er oppfylt når

Buplikta er oppfylt når eigaren er registrert busett på eigedomen etter reglar fastsett i, eller i medhold av lov 16. januar 1970 nr 1. om folkeregistrering, og deretter har budd på eigedomen i minimum fem år samanhengande.


Nedsett konsesjonsgrense (0-konsesjon) er innført i Hemsedal kommune

I kommunar som har innført 0-konsesjon etter §7 i konsesjonslova vil buplikta gjelde alle eigedomar opp til 100 daa totalareal som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. Sjå "Buplikt på bustadeigedom".


Jordbruksareal skal drivast.

Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta er personleg på den måten at eigar av jordbruksareal pliktar at jorda vert drive så lenge vedkomande er eigar av arealet.

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar driv jorda sjølv eller ved at det vert inngått leigeavtale med andre om drift av areala.

Ei slik leigeavtale skal vera:

• skriftleg

• gjelde for minst 10 år

• og må føre til driftsmessige gode løysingar

Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen som slik har mogelegheit til å kontrollere om vilkåra for bortleige etter jordlova er oppfylt.

Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfylt, og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord. Det er i særskilte høve mogleg å søke kommunen om fritak frå driveplikta.

Driveplikta er fastlagt i jordlova § 8.


Beitebruksplan

Beitebruksplan Hemsedal kommune 2018 - 2020 Vedteke 21.06.2018.pdf 

Oversiktskart beitekvalitet med beiteområder.pdf

Oversiktskart beiteområder med kommuneplan.pdf

Oversiktskart beiteområder, dagens beitebruk, installasjonar m.m..pdf

 

Erstatning ved klimatiske skader i vekstsesongen

Jordbruksføretak kan få erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mulig å sikre seg mot. Ordninga gjeld berre skade som er forårsaka av klimatiske forhold (været), og som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot. Føretaket må drive faglig forsvarlig, og førebygge og avgrense skadane. Ordningane: tilskot etter vinterskader på eng, og erstatning ved tap av bikubar vart avvikla i 2015 med verknad frå 2016.

Det er to ordningar som er omfatta av forskrifta:

- erstatning ved avlingssvikt

- erstatning ved svikt i honningproduksjon.

Sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider under erstatning, eller snakk med landbruksforvaltninga i kommunen for meire informasjon. 

 

Avlingsskadeerstatning

Avlingsskadeerstatning gjeld klimatisk avleidde forhold som: tørke, stor nedbør, frost, haglbyger, flaum m.v. Avlingssvikt vert definert som svikt i avlingsmengda i forhold til gjennomsnittsavling på det arealet som føretaket nyttar til ulike vekstar. Erstatninga gjeld svikt i avling på rot.

 

Krav og forutsetningar for søknad:

•  Søkjar må vera eit føretak som har rett til å søkje om produksjonstilskot.
•  Føretaket må melde frå til kommunen når avlingssvikt oppstår, eller når ein kan rekna med at slik svikt vil oppstå. I alle høve i god tid før innhausting. Det er eit vilkår at søkjar har prøvd å avgrense skaden.
•  Kommunen skal ha høve til å synfare skaden.
•  Ordninga skal redusere tap som oppstår ved svikt i produsert mengde. Ordninga dekker i utgangspunktet ikkje svikt i avlingskvalitet.
•  Søkjar skal dokumentere ved å ta bilete, og beskrive situasjonen.
•  Avlingsmengda for dei tre siste åra må dokumenterast.
•  Erstatninga vert utrekna med ein eigenandel på 30%, minste utbetaling er kr 5000,-
•  Landbrukskontoret skal kontrollere oppmålinga av årets grovfôravling.

Søknadsfrist 31. oktober, og søknad skal sendast til kommunen.

  

Avløysarordning 

Landbruksvikar:

Landbruksvikarordninga skal bidra til å sikre føretak med husdyr- og planteproduksjon tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar. Landbruksvikar kan brukas av alle som driv eit jordbruksføretak med næringsinntekt på over 1/2 G frå føretaket.

 

Landbrukstjenester:

Det er to avløyserlag/landbrukstjenester som tilbyr landbruksvikar og vanleg avløysing i Hemsedal.

 

Sjukdom/krisesituasjonar

Avøysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon og som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf: " Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v."

Dersom landbruksvikaren ikkje vert nyttatil sjukdomsavløysing, kan vikaren nyttast til anna avløysing.

Det er viktig at landbruksvikaren om mogleg blir bestilt i god tid. For at landbruksvikaren skal vere  beredskap i tilfelle sjukdom, er det og viktig at landbruksvikaren vert nytta til andre oppdrag når han er ledig.

 

Jordprøver

•  Jordbor, esker til prøver og fylgjeskjema ved innsending kan du få på landbrukskontoret.

•  Du sender sjølv inn prøvene til analyse. Adressa står på fylgjeskjema. Om du er medlem av Norsk Landbruksrådgivning Østafjells kan du kontakte dei, då dei sender inn jordprøver på vegne av sine medlemer. 

•  Hugs at jordprøvene som er grunnlaget for gjødselplan, ikkje må vere eldre enn 8 år.

 

Torvuttak 

Torvuttak skal godkjennast av kommunen som omdisponering etter jordlova.  

Det vert vist til Landbruksdepartementet sitt rundskriv M-4/2003 om omdisponering der det står i punkt 7,3 andre avsnitt:

  • «Jord og masseuttak på dyrka eller dyrkbar mark er en form for omdisponering som rammes av forbudet. En må ha samtykke dersom jordsmonn blir fjernet selv om arealet fremdeles nyttes eller kan nyttes til planteproduksjon. For produksjon av plen innebærer dette at det ikkje er nødvendig med samtykke til omdisponering med mindre uttaket av plen fører til at noe jordsmonn blir fjernet.»

 

Søknad

  • Grunneigar må før uttak av torv søke kommunen om omdisponering etter §9 i jordlova.
  • Saman med søknaden skal det følgje kart der det omsøkte arealet er innteikna.

Søknadskjema

 

Sakshandsaming

  • Kommunen skal gjera ei vurdering av om det omsøkte området / arealet vil tole uttak av torv.
  • Vert det vurdert at arealet kan tole torvuttak vil søknaden bli imøtekomen med midlertidig omdisponering med heimel i jordlova § 9.
  • Søknaden kan handsamast administrativt.
  • Det er ingen automatikk i at det vert løyvd torvuttak i høgareliggande, skrinne områder.
  • Det vert uansett sett krav om at torva skal kuttast like under grasrota, og torvlaget som vert teke ut skal ikkje overstige 5 cm.

 

Nydyrking

Med nydyrking er det meint fulldyrking og overflatedyrking av jord. Oppattdyrking av jordbruksareal som har ligge unytta i over 30 år vert også rekna som nydyrking.

Planar om nydyrking skal godkjennast av kommunen. Dette gjeld uavhengig av storleiken på arealet. Det er fastsett eigen forskrift om nydyrking som er heimla i §11 i jordlova. Søknaden skal inneholdet skjema frå Landbruksdirektoratet M-0160, plan for grøfting og opplysningar om planlagt drift av nydyrkingsarealet. Husk kart som viser tiltaksareal og grøfter.  

Du finn meir informasjon om og skjama for nydyrking på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Skjema for grøft-/dreneringsplan finn du her: 

Mal Dreneringsplan_bokmål.docx 
Mal Dreneringsplan_nynorsk.docx

 

Søknad og saksgang

Søknad om nydyrking skal sendast kommunen på eige søknadsskjema. Ved søknaden skal det ligge kart som viser det planlagte nydyrkingsarealet og området rundt. Kommunen ynskjer å koma på synfaring før søknaden vert sendt / teke til behandling. Dette må somregel gjerast på barmark.

Alle søknadar om nydyrking skal sendast på høyring til Buskerud Fylkeskommune i forhold til kulturminne. Dei ynskjer gjerne ei eiga synfaring, særleg om det er registrert kulturminne i området tidlegare. Om nydyrkinga kan berøre vesentlege miljøverdiar skal søknaden også sendast på høyring til Fylkesmannen.

Kommunen gjer normalt administrativt vedtak i søknad om nydyrking etter at høyringsuttalene er på plass.

 

Piggtråd

Det er forbod mot piggtråd i ny gjerding

Bruk av piggtråd i gjerde som regulerer dyr sin ferdsel er forbode etter § 15 i Dyrevelferdslova.

Hemsedal sin lokale forskrift om bruk av piggtråd vart oppheva i samband med at Dyrevelferdslova vart vedteken.

Mattilsynet tolkar §15, fyrste ledd, andre punktum slik:
• det er forbode å setja opp nye gjerde med piggtråd

• det forbode å ha gamle dårlege piggtrådgjerde som er til fare for menneske og dyr

I praksis er det lov å ha piggtråd i gamle gjerde som er sett opp før 1. januar 2010 då ny lov vart vedteken. Dette må vera gjerde som er "oppreist" og i god stand og som utfyller sin funksjon.

Piggtråd kan ikkje brukast når materiale i gamle gjerde vert bytta ut.

Det er forbode å ha gamle farlege piggtrådgjerde, og desse kan påleggast fjernast med heimel i Dyrevelferdslova §3.

 

Dyrevernnemnd.

Kommunane i Hallingdal har felles Dyrevernnemd.

Dyrevernnemnda sorterer inn under Mattilsynet, avdeling nordre Buskerud, Hadeland og Valderes med kontorstad på Gol. Gol kontoret dekker Hallingdalskommunane, og kan kontaktast på Mattilsynet sitt hovudnummer 22 40 00 00, der ein ber om å få snakke med nokon på Gol kontoret.

Golkontoret er opent på kvardagar frå 08:00 – 15:45.

 

Ynskjer du å sende bekymringsmelding, eller ved alvorlege hendingar:

-          bruk fana «Varsle oss» som du finn øvst på mattilsynet si heimeside www.mattilsynet.no

-          ring Mattilsynet sitt hovudnr. 22 40 00 00 (som også er nummeret til beredskapsvakt som er tilgjengeleg heile døgnet).

Dyrevernnemndene skal bistå Mattilsynet i det lokale tilsynsarbeidet med lekmannsskjønn i dyrevelferdssaker. Dyrevernnemnda i Hallingdal har fylgjande medlemer:

Halvor Gauteplass – leiar       Hol kommune

Jorun Teksle Gurigard            Ål kommune

Signe Hovden                         Gol kommune

Magne Thorset                        Hemsedal kommune

Camilla Bjørndalen                 Nes kommune

Torbjørn Grøslandsbråten       Flå kommune.

 

Veterinærvakta

Kommunane har overteke ansvaret for veterinærvakta utanom ordinær arbeidstid. Veterinærvakta er viktig for å opperetthalde god dyrevelferd og er ein nødvendig del av beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdomar.

Hemsedal har saman med kommunane Gol, Nes og Flå inngått avtale med dei privatpraktiserande veterinærane i nedre Hallingdal om vaktordning. 

Veterinærvakta gjeld alle tider av døgnet unnateke ordinær kontortid på kvardagar (måndag – fredag) kl. 08 – 16.

Veterinærvakt for Hemsedal kommune er:

Veterinærene Nedre Hallingdal DA Sentrumsvegen 60 3550 Gol

Vakttelefon er: 32 07 46 75

 

Lagring og bruk av husdyrgjødsel

Reglar for bruk og oppbevaring av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam er heimla i Forskrift om gjødselvarar mv. av organisk opphav,Forskrift om organisk gjødsel.

Del III i forskrifta omhandlar lagring og bruk.

- Det er eit krav å ha ein gjødslingsplan jf. § 22

§ 23.Spredetidspunkt

- Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er berre tillete i perioden 15. februar til 1. november.

- Det er ikkje tillete å spreie gjødselvarer på snødekt eller frossen mark.

- Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde bør gjerast så tidlig i vekstsesongen  at det er moglegheit for betydelig gjenvekst som vert hausta eller beita, og skal gjerast senast innan 1. september

- Husdyrgjødsel skal nedmoldast straks, og innan 18 timar etter spreiing.

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane om bruk og lagring, med unntak av visse reglar for avløpsslam, jf. Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

Søknad om dispensasjon skal sendast til Hemsedal kommune.

Søknadsskjema om disp. frå spreietidspunkt

 

Miljøplan avvikla frå 2015

Oppgåvene som har inngått i miljøplan er imidlertid i hovedsak videreført.

-   Krav om gjødslingsplan vert vidareført gjennom forskrift om gjødslingsplanlegging, og gjeld foretak som driv planteproduksjon og som mottek produksjonstilskot i jordbruket.

- Krav om sprøytejournal vert vidareført tilsvarande gjennom forskrift om plantevernmidler.

Brot på bestemmelsane om gjødslingsplan og sprøytejournal vil føre til avkorting i produksjonstilskotet, jf. forskrift om produksjonstilskot.

Forskrift om gjødselplanlegging

Forskrift om plantevernmidlar

 

Skogbruk

Rådgjeving og forvaltning av lover, forskrifter og tilskotsordningar

Rådgjeving
• Næringsavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til resultatområdet skogbruk.
• Informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i skogbruket.
• Avdelinga skal vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, særleg SND (Statens nærings- og distriktsutviklingsfond).

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar skogressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte.

Skogbrukssjefen har det daglege ansvar for skogoppsynet og skogkulturen i kommunen, m.a. oppfølging av barkebilleangrep og stimulering til auka satsing på ungskogpleie.

Fylgjande saker etter ulike forskrifter og lover i skogbruket vert handsama hjå avdelinga:
• omdisponering av skogsareal
• vegbygging •skogskjøtsel
• hogst i verneskog
• rentemiddelbudsjett for skogbruket
• bruk av skogavgiftsordninga •tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader
• tilskot til bygging av skogsveg
• tilskot til drift i vanskeleg terreng
• tilskot til m.a. planting, ungskogpleie, markberedning og stammekvisting
• søknad om bygdeutviklingsmidler, tilleggsnæringar (BU-midler)

Hogst i verneskog

Meldingen skal innehalde informasjon om:

• hogstområdet si plassering

• bestandnummer i skogbruksplanen

• høgde over havet

• hogstkvantum

• planlagt starttidspunkt

• hogstform

• kven som utfører drifta

• send meldingen til skogbrukssjefen

Melding om hogst i verneskog

Lovar / regler og andre nyttige lenker

Landbruksveg:

Lov om landbruksveg

Etablering av landbruksveg

Skogbrukslova

Tiltaksstrategi_2016_2019