Les om Privat vatn og avløp (utslepp, slamtømming m.m.) her
Faktura 2019
Kommunale eigedomsavgifter vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på en enkel måte seie at kommunen skal fakturere abonnentane for dei utgiftene kommunen har på vatn, avløp, renovasjon m.m.
Årsoppgjer vassmålar
Alle abonnentar som er kopla på offentleg vatn- og kloakknett betalar eit fastledd. Vatn- og kloakkavgiftene vert fakturert to gongar i året; ½ avgifta på termin 2 og resten på termin 4.
Unntak er vassmålarleige og avrekning av vassforbruk 2018 som berre kjem på fyrste halvår. Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk, sjå forklaringar knytt til fakturalinjene under:
Avlest vatn/kloakk.
Dette er ein avrekning av vatnet og kloakken du har brukt i 2017. Kommunen har lagt innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekninga. Om du ikkje har sendt inn vassmålarkort har kommunen stipulert eit antatt forbruk.
Forskot vatn/kloakk.
Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og kloakk for å fordele avgifta på to terminar (vår og haust) og ikkje berre ei stor avrekning ein gong i året.
Frådrag innbet.vatn/kloakk.
Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før.Om du hadde eit høgt vassforbruk i 2017 så vart forskotet satt tilsvarande høgt i 2018. Det får kunden då attende til frådrag på fakturaen 1. halvår 2019. Nytt forskot for 2019 vert basert på avlesing av vassforbruket i 2018.
Slam- og renovasjonsavgifter
Hytterenovasjon og slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.
Slam
•Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006.
•Stoklands er entreprenøren som utfører tøminga (av slam og kloakk) f.o.m. 1 mars 2018. Stokland Bilruter er hovedentreprenør og har engasjert Telemark Godslinjer AS til å utføre all tømming med slamsugebil.
•Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin.
•Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus).
•Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2014, 2018, 2022 osb).
•Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2016, 2018, 2020 osb.)
•Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Stoklands Bilruter.
Ta kontakt her: Stoklands, tlf. 993 70 201
Du vil bli motta ein eigen faktura på denne tømminga frå kommunen.
Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903.
I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken.
Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement.
Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.
Ekstratømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 1 871 |
Pris pr m3 | 534 |
Nødtømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 4 076 |
Pris pr m3 | 534 |
Ikkje utført ekstra - nødtømming:
Type | Pris u/mva |
Ikkje utført | 626 |
Oversikt over slamgebyr:
Gebyrregulativ for slamgebyr i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2019.
Type | Pris m/mva |
Årleg fast gebyr for alle anlegg | 300 |
Pr.m3 for slamavskillere/tette tanker/store anlegg o.l | 563 |
Fastgebyr for minirenseanlegg | 773 |
Pr. m3 for minirenseanlegg | 375 |
Fastgebyr for store anlegg | 1 416 |
Rensegebyr ved tette tanker/ekstra- og nødtømminger - pris pr. m3 | 250 |
Traktor-/spesialbiltømming/liten bil | 708 |
Vatn og avløp
•Hemsedal kommune har innført eit to-delt gebyr, eit fastledd og eit mengdeavhengig ledd etter målt forbruk.
•Gebyrsatsar er vedteken av Hemsedal kommunestyre i behandlinga av årsbudsjett.
•Ein abonnent har til ein kvar tid høve til å installere vassmålar om ein ynskjer fakturering etter reelt vassforbruk.
•Det skal installerast vassmålar i alle nye bygg tilknytta det kommunale nettet. Ta kontakt med autorisert røyrleggjar for installasjon.
• Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Hemsedal kommune
•Oversikt over tilknytingsgebyr vatn og avløp
Tilknytingsgebyra vert berekna i forhold til bygningens storleik i tråd med reglane i NS 3940, teknisk forskrift og vegleiaren "Grad av utnytting" med fylgjande unnatak:
- Utvendig overbygd areal og frittståande garasje/anneks utan innlagt vatn elle avløp kobla til kommunalt avlølpsnett inngår ikkje i berekningsgrunnlaget for tilknytningsavgift. Det same gjeld utvendig bod eller garasje som er kjeda saman med bustaden/fritidsbustaden og som kun har utvendig inngang.
1. Bustadhus
<120m2 BRA | 121 - 180m2 BRA | 181 - 250m2 BRA | >250m2 BRA | |
Vatn | 14 329 | 16 375 | 18 423 | 20 469 |
Avløp | 20 469 | 23 393 | 26 316 | 29 241 |
- Ved tilknyting av bygg som overskrider 250 m2 BRA og som består av fleire bueiningar skal det reknast tilknytningsgebyr pr bueining etter areal.
- Med bueining forstås bustad med eit eller fleire rom med separat inngang, samt eiget bad/wc og kjøkkendel.
2. Fritidsbustader
Fritidsbustader | |
Vatn | 223,75 pr m2 BRA |
Avløp | 330 pr m2 BRA |
3. Næringsverksemd og industri
Overnattings-verksemder, areal som er knytt til overnatting | Forretningsareal* samt anna areal i reiselivsverksemder | Industri og anna verksemd | |
Vatn | 223,75 pr m2 BRA | 113,75 pr m2 BRA | 62,50 pr m2 |
Avløp | 330 pr m2 BRA | 166,25 pr m2 BRA | 92,50 pr m2 |
*areal direkte knytt til kjøp og sal av varer/areal som kunden oppheld seg på. Omfatter ikkje areal som lager, lasteramper mv. Sistnemnte inngår i klassen "industri og anna verksemd".
4. Mellombelse tilknytningar
For mellombelse bygg og brakker bereknast tilknytingsgebyr som fylgjer:
a) For 0 - 1 år reknast 25% av fullt gebyr
b) For 1 - 2 år reknast 50% av fullt gebyr
c) For 2 - 3 år reknast 75% av fullt gebyr
d) For meir enn 3 år reknast 100% av fullt gebyr
5. Gebyrsats for tilknyting som ikkje er godkjent
For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, betalast tilknytingsgebyr etter gjeldane sats på det tidspunkt kravet vert satt fram.
6. Gebyrsats for tilbygg/påbygg av eksisterande bygg
Ved tilbygg eller på bygg som medfører at eit bygg går frå ein arealklasse til ein annan, og arealet på tilbygget eller påbygget er minimum 30m2 BRA, skal differanse i kroner mellom dei to arealklassene betalast.
Oversikt årsgebyr vatn og avløp
Abonnementsgebyr
Abonnementsgebyr er eit fast beløp som betalast av alle eigedommar og bereknas pr eigedom eller bueining.
Forbruksgebyr
Forbruksgebyret er eit variabelt gebyr som vert rekna ut frå forbruk, målt eller stipulert. Eigedomar som har godkjend vassmålar betalar forbruksgebyr basert på årleg vassforbruk og pris pr m3. Andre abonnentar betalar forbruksgebyr etter stipulert forbruk basert på bygningens areal (BRA).
1. Abonnentsgebyr bustad (fast del)
Vatn - m/mva | Avløp - m/mva | |
Bustad | 515,00 | 1415,00 |
2. Abonnentsgebyr fritidsbustad og næring (fast del)
Abonnensgebyret for fritidsbustadar og næringsverksemt trappast opp etter vassforbruk i m3 og framkjem av tabellen under.
VATN
Abonnementsgebyr vatn for fritidsbustad og næringsverksemd
Forbruksklasse (m3) | Pris m/mva |
0 - 200 | 721,00 |
201 - 400 | 1 184,50 |
401 - 500 | 1 648,00 |
501 - 1000 | 2 575,00 |
1001 - 5000 | 7 210,00 |
5001 - 10 000 | 14 420,00 |
10 001 - og høgare | 25 750,00 |
AVLØP
Forbruksklasse (m3) | Pris m/mva |
0 - 200 | 1 839,50 |
201 - 400 | 3 254,50 |
401 - 500 | 4 528,00 |
501 - 1000 | 7 075,00 |
1001 - 5000 | 19 810,00 |
5001 - 10 000 | 45 704,50 |
10 001 - og høgare | 61 722,30 |
3. Forbruksgebyr
Målt forbruk
Vatn - pris m/mva | Avløp - pris m/mva |
16,80 pr m3 | 27,24 pr m3 |
STIPULERT FORBRUK (EIGEDOMMAR UTAN VASSMÅLAR)
For bustad- og fritidseigedommar med stipulert vassforbruk fastsettes årsavgift etter stipulert vassforbruk basert på bebyggelsens samla areal på eigedommen.
Forbruksklasse (m3) | Pris |
0 - 80 m2 | 107 m3 |
81 - 110 m2 | 147 m3 |
111 - 140 m2 | 188 m3 |
141 - 171 m2 | 229 m3 |
Deretter i trinn for kvar 30 m2 | 40 m3 |
ÅRSGEBYR FOR VATN ETTER STIPULERT FORBRUK
Forbruks-klasse (BRA m2) | Berekna forbruk | kr pr m3 vatn | kr pr m3 avløp | Vatn - m/mva | Avløp - m/mva |
0 - 80 m2 | 107 m3 | 16,80 | 27,24 | 1 797,60 | 2 914,68 |
81 - 110 m2 | 147 m3 | 2 469,60 | 4 004,28 | ||
111 - 140 m2 | 188 m3 | 3 158,40 | 5 121,12 | ||
141 - 171 m2 | 229 m3 | 3 847,20 | 6 237,96 | ||
Deretter i trinn for kvar 30 m2 | 40 m3 | 672,00 | 1 089,60 |
4. Vassmålarleige
For eigedommar med vassmålar betalast målarleige på kr 125 pr år.
5. Ubebygd eigedom
For ubebygd eigedom skal det kun betalast abonnentsgebyr i samsvar med kva som er godkjend på eigedommen.
6. Avlesing av vassmålar
Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.
Unnlet abonnenten å lese av målaren, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv lese av målar utan ytterligare varsel til abonnenten. Der kommunen leser av målaren vert det krevd eit gebyr på kr. 800.
7. Administrasjonsgebyr
Der kommunen ikkje mottek vassmålarkort/vassmålaravlesing trass to ordinære purringar, tek kommunen eit administrasjonsgebyr på kr 300.
Renovasjon
•Alle sjølvstendige brukseiningar skal ha eiga renovasjonsordning, og verte fakturert for dette.
•Alle hytter/stølsbuer, tomannsbustader, bustader med leilegheit og einingar med enkel standard m.m. skal ha eiga avgift for renovasjon jf.
Forskrift om avfallsbehandling
Vil du levere til avfallsmottak - Hallingdal Renovasjon
Oversikt over renovasjonsgebyr
Type | Pris m/mva |
Renovasjon dunk | 3 063 |
Renovasjon dunk, stor | 4 605 |
Renovasjon container | 2 350 |
Renovasjon hytte/støl | 1 750 |
Utvida henteavstand | 250 |
Hushaldningar med stativrenovasjon som komposterar organisk avfall kan få 20% reduksjon av gebyret.
Føresetnaden er at dei kan dokumetere at dei har gjennomført komposteringskurs som på førehand er godkjent av kommunen.
Feiing/Tilsyn fyringsanlegg
•Gebyr for feiing/tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2. halvår.
•Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no
Oversikt over feiegebyr
Type | Pris m/mva |
Tilsynsgebyr | 1 637,50 pr tilsyn |
Feiesats | 575,00 pr pipe |
Pipe nr 2 (same bygg) | 287,50,- pr pipe |
Timesats | 837,50,- pr påbegynt time |
25% MVA KJEM I TILLEGG TIL DESSE PRISANE.
Ny forskrift om brannførebygging gjeldande frå 01.01.2016
Den nye forskrifta om brannførebygging stiller krav om fleire brannvarslarar i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feiast oftare enn du trur.
Den nye forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje.
Tall på røykvarslerar du må ha etter den nye forskrifta vert avgjort av inndelinga av bustaden i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.
Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda fleire varslerar for å tilfredsstilla krava i den nye forskrifta om brannførebygging.
Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.
No skal også hytta feiast regelmessig
Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannførebyggande arbeid også gjeld fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.
Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiarvesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.
Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.
Kostnadene for eigarane av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meiner pipa di skal feiast.
Feiing og tilsyn på hytta
I 2016 kom ny forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsboligar og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.
Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:
I våre kommunar er det fleire fritidsboligar enn boligar, vi må derfor så snart som mulig få kartlagt omfanget. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må svara på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Vi startar arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. Vi har lagt ut spørreskjemaet her, sjå lenke De kan altså svara her elektronisk, ellers vil spørreskjemaet ligge ved i brevet som alle vil motta, de kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ønsker at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogleg.
Innsendingsskjema ang fritidsboligar
Stige/trinn på tak:
Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppfordrar difor eigarane av fritidsboligane til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. På grunn av den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.
Fyring med gass:
Gasspeiser og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet.
Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing.
Gebyr
Sidan me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år, vart branntilsynsgebyret delt på fire og fakturert med ¼ -del kvart år. Når det no blir ulik frekvens på branntilsyn i bustader og fritidsbustader, vil me frå i år fakturera for heile gebyret på ein gong. Gebyret blir fakturert etter at tilsyn er gjennomført. Sidan heile gebyret frå no blir fakturert på ein gong kan det opplevast som det har vorte ei auking i gebyret, det er ikkje tilfelle.
I overgangen frå gammal til ny ordning vil det være ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut frå kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist.
Når det gjeld feiing blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast. Det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. For dei som brukar fyringsanlegget sjeldan kan det bli endra frekvens, og dei vil oppleve at det vert ei billegare løysing.
Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feiaren forslår, gir beskjed om det så får dei feiing oftare.
Feiaren kjem
Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Dersom tidspunktet ikkje passer, kan du avtale nytt tidspunkt. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.
Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo
Tlf.: 966 25 425
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no
Diverse skjema
Klage på kommunale eigedomsavgifter
(blankett)
Søknad om reduksjon-/fritak for kommunale eigedomsavgifter
(blankett)
Søknad om sanitærabonnement
(blankett)
Søknad om næringsrenovasjon for gardsbruk med utleigehytter
(blankett)
Kontakt oss
Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon
•sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no
Klage/fritak
•Søknad om fritak for avgifter må ha underskrift av eigar.
•Du kan òg hente skjema i Tenestetorget.
•Me oppmodar alle til å nytte fastsette skjema.
Adresseendringar
•Skal samsvare med dei opplysningane som står i Folkeregisteret.
•Me tillet ikkje andre adressatar enn eigar (heimelshavar) av eigdomen, då denne er ansvarleg for betaling av kommunale eigedomsavgifter.
•Unntak; dødsbo ved forelagt uskifteattest og i dei tilfelle det er offentleg oppnevnt verge.
Eigarskifte
•Eigarskifte vert sendt til kommunen fleire gonger i året frå Statens Kartverk, og vert oppdatert jamnleg i våre registre. Det er derfor ikkje naudsynt å melde frå om dette.
•Me vil gjera merksam på at skal desse oppføringane endrast, så skal det tinglysast.