Faktura 2021
Kommunale eigedomsavgifter vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på en enkel måte seie at kommunen skal fakturere abonnentane for dei utgiftene kommunen har på vatn, avløp, renovasjon m.m.
Årsoppgjer vassmålar:
Alle abonnentar som er kopla på offentleg vatn- og kloakknett betalar eit fastledd. Vatn- og kloakkavgiftene vert fakturert to gongar i året; ½ avgifta på termin 2 og resten på termin 4.
Rekninga er delt på to terminar
1. termin gjeld for perioden 1.1. - 30.6. med forfall 20. april
2. termin gjeld for perioden 1.7. -31.12. med forfall 20. oktober
Unntak er vassmålarleige og avrekning av vassforbruk 2020 som berre kjem på fyrste halvår. Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk, sjå forklaringar knytt til fakturalinjene under:
Avlest vatn/kloakk.
Dette er ein avrekning av vatnet og kloakken du har brukt i 2020. Kommunen har lagt innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekninga. Om du ikkje har sendt inn vassmålarkort har kommunen stipulert eit antatt forbruk.
Forskot vatn/kloakk.
Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og kloakk for å fordele avgifta på to terminar (vår og haust) og ikkje berre ei stor avrekning ein gong i året.
Frådrag innbet.vatn/kloakk.
Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før.Om du hadde eit høgt vassforbruk i 2019 så vart forskotet satt tilsvarande høgt i 2020. Det får kunden då attende til frådrag på fakturaen 1. halvår 2021. Nytt forskot for 2021 vert basert på avlesing av vassforbruket i 2020.
Vatn og avløp:
• Hemsedal kommune har innført eit to-delt gebyr, eit fastledd og eit mengdeavhengig ledd etter målt forbruk.
• Gebyrsatsar er vedteken av Hemsedal kommunestyre i behandlinga av årsbudsjett.
• Ein abonnent har til ein kvar tid høve til å installere vassmålar om ein ynskjer fakturering etter reelt vassforbruk.
• Det skal installerast vassmålar i alle nye bygg tilknytta det kommunale nettet. Ta kontakt med autorisert røyrleggjar for installasjon.
• Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Hemsedal kommune
Oversikt over tilknytingsgebyr vatn og avløp
Tilknytningsgebyr: | Vatn m/mva: | Avløp m/mva: |
Sats pr bueining/brukseining | 15 000 | 15 000 |
Tilknytingsgebyret skal være betalt før tilknyting.
Gebyr for avstenging og påsetting av vassforsyninga:
Dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting: kr 2.000,- inkl. mva per gong per eigedom.
Oversikt årsgebyr vatn og avløp
Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:
Abonnementsgebyr:
Eit fast årleg gebyr for kommunens vass- og avløpstenester. Inntektene frå gebyret skal fortrinnsvis dekkje tenestenes kapitalkostnader og indirekte administrasjonskostnadar. I 2021 forventast dette å utgjer 49 % for vann og 42 % for avløp.
Abonnementsgebyr er eit fast beløp som betalast av alle eigedommar og bereknas pr eigedom eller pr bueining.
Forbruksgebyr:
Blir fastsett anten etter faktisk vassforbruk eller stipulert etter størrelsen på eigedomen(BRA).
Stipulert forbruk reknast ut ifrå bruksareal multiplisert med ein faktor på 1,2 m3/m2.
For fritidsbustad er faktoren 0,6 m3/m2.
Bruksareal reknast etter NS-3940
1. Abonnentsgebyr bustad og fritid (fast del)
Vatn - m/mva | Avløp - m/mva | |
Bustad | 844,00 |
1 296,00 |
Fritid | 1 688,00 |
2 593,00 |
2. Abonnentsgebyr næring (fast del)
Abonnensgebyret for nærings- og kombinasjonseigedomar trappast opp etter vassforbruk i m3 og framkjem av tabellen under.
VATN
Abonnementsgebyr vatn for nærings- og kombinasjonseigedomar:
Forbruksklasse (m3) | Pris m/mva |
0 - 300 | 844,00 |
301 - 1000 | 2 531,00 |
1001 - 3000 | 5 063,00 |
3001 - 6000 | 10 125,00 |
6001 - 20.000 | 20 250,00 |
20.001 - 50.000 | 42 188,00 |
50.001 - 150.000 | 84 375,00 |
AVLØP
Forbruksklasse (m3) | Pris m/mva |
0 - 300 | 1 296,00 |
301 - 1000 | 3 889,00 |
1001 - 3000 | 7 778,00 |
3001 - 6000 | 15 555,00 |
6001 - 20.000 | 31 110,00 |
20.001 - 50 000 | 64 813,00 |
50.001 - 150.000 | 129 625,00 |
3. Forbruksgebyr
Målt forbruk
Vatn - pris m/mva | Avløp - pris m/mva |
12,86 pr m3 | 27,61 pr m3 |
STIPULERT FORBRUK (EIGEDOMMAR UTAN VASSMÅLAR)
For bustad- og fritidseigedommar med stipulert vassforbruk fastsettes årsavgift etter stipulert vassforbruk basert på bebyggelsens samla areal på eigedommen.
Dømer på gebyrutrekning:
Målt forbruk - Bustadeigedom (120 m3):
Vatn: 844 kr + (120 m3 x 12,86 kr/m3) + 200 kr = 2.587 kr
Avløp: 1.296 kr + (120 m3 x 27,61 kr/m3) = 4.809 kr
Målt forbruk - Fritidsbustad (120 m3):
Vatn: 1.688 kr + (120 m3 x 12,86 kr/m3) + 200 kr = 3.431 kr
Avløp: 2.593 kr + (120 m3 x 27,61 kr/m3) = 6,106 kr
Målt forbruk - Nærings- og kombinasjonseigedom (4.500 m3):
Vatn: (844 kr x 12) + (4.500 m3 x 12,86 kr/m3) + 200 kr = 66.518 kr
Avløp: (1.296 kr x 12) + (4.500 m3 x 27,61 kr/m3) = 139.797 kr
Stipulert forbruk - Bustadeigedom (120 m2 BRA = 144 m3):
Vatn: 844 kr + (120 m2 x 1,2 m3/m2 x 12,86 kr/m3) = 2.696 kr
Avløp: 1.296 kr + (120 m2 x 1,2 m3/m2 x 27,61 kr/m3) = 5.272 kr
4. Vassmålarleige
For eigedommar med vassmålar betalast målarleige på kr 200,- pr år.
5. Ubebygd eigedom
For ubebygd eigedom skal det kun betalast abonnentsgebyr i samsvar med kva som er godkjend på eigedommen.
6. Avlesing av vassmålar
Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.
Epost: vassmalar@hemsedal.kommune.no
Unnlet abonnenten å lese av målaren, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv lese av målar utan ytterligare varsel til abonnenten.
Der kommunen leser av målaren vert det krevd eit gebyr på kr. 1000,-
Renovasjon
• Alle sjølvstendige brukseiningar skal ha eiga renovasjonsordning, og verte fakturert for dette.
• Alle hytter/stølsbuer, tomannsbustader, bustader med leilegheit og einingar med enkel standard m.m. skal ha eiga avgift for renovasjon jf.
Forskrift om avfallsbehandling
Vil du levere til avfallsmottak - Hallingdal Renovasjon
Oversikt over renovasjonsgebyr
Type | Pris m/mva |
Renovasjon dunk | 3 451 |
Renovasjon dunk, stor | 5 178 |
Renovasjon container | 2 648 |
Renovasjon hytte/støl | 1 968 |
Utvida henteavstand | 353 |
Hushaldningar med stativrenovasjon som komposterar organisk avfall kan få 15% reduksjon av gebyret.
Føresetnaden er at dei kan dokumetere at dei har gjennomført komposteringskurs i regi av Hallingdal renovasjon.
Lurer du på kva som skal kvar når ein skal sortere?
Finn svaret på:
Slam
Slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.
• Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006.
• Stoklands er entreprenøren som utfører tøminga (av slam og kloakk) f.o.m. 1. mars 2018. Stokland Bilruter er hovedentreprenør og har engasjert Telemark Godslinjer AS til å utføre all tømming med slamsugebil.
• Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin.
• Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus).
• Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2018, 2022, 2026 osb).
• Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2018, 2020, 2022 osb.)
• Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Stoklands Bilruter.
Ta kontakt her: Stoklands, tlf. 993 70 201
Du vil bli motta ein eigen faktura på denne tømminga frå kommunen.
Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903.
I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken.
Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement.
Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.
Ekstratømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 1 803 |
Pris pr m3 | 580 |
Rensegebyr pr m3 | 260 |
Nødtømming:
Type | Pris m/mva |
Oppmøte | 3 928 |
Pris pr m3 | 580 |
Rensegebyr pr m3 | 260 |
Ikkje utført ekstra - nødtømming:
Type | Pris m/mva |
Ikkje utført | 645 |
Oversikt over slamgebyr:
Gebyrregulativ for slamgebyr i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2021.
Type | Pris m/mva |
Årleg fast gebyr for alle anlegg | 289 |
Pr.m3 for slamavskillere/tette tanker/store anlegg o.l | 611 |
Fastgebyr for minirenseanlegg | 746 |
Pr. m3 for minirenseanlegg | 410 |
Fastgebyr for store anlegg | 1 364 |
Rensegebyr ved tette tanker/ekstra- og nødtømminger - pris pr. m3 | 260 |
Traktor-/spesialbiltømming/liten bil | 770 |
Tilsynsgebyr:
Tilsyn er ei lovpålagt oppgåve kommunen skal utføre. Her i Hallingdal er det eit stort etterslep på tilsyn.
Ved å samarbeide i eit felles kontor for spredt avløp kan ein organisere tilsyna og arbeidet som kjem i etterkant, på ein meir tilfredsstillande måte.
Det kreves kompetanse, personell og økonomi for å gjennomføre tilsyn med små avløpsanlegg.
Som underliggjande prinsipp gjeld at forurensar skal betale for arbeidet kommunen har i forbindelse med tilsyn med små avløpsanlegg.
Nytt fra 01.01.2020 er eit tilsynsgebyr på alle slamanlegg – dette grunna opprettelsen av felles kontor for spredt avløp i Hallingdal.
Tilsynsgebyret for 2021 er kr 500,- inkl. mva per anlegg.
Brann og feiing
• Gebyr for feiing/tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2. halvår.
• Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no
Er du bekymra for din eller andres brannsikkerhet? Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønsker å melde frå? Uansett kven eller kva din bekymring gjeld, ønsker brannvesenet å høyre frå deg. Saman kan vi unngå at branner oppstår og potensielt redde liv.
Oversikt over feiegebyr
Type | Pris m/mva |
Branntilsyn pr. bustad | 1 437,50 |
Feiesats pr. pipe | 562,50 |
Pipe nr 2 på same bygg | 281,25 |
Timesats for anna arbeid | 833,75 |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel - bustad | 395,00 |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - bustad | 1 437,50 |
Branntilsyn - tilsyn fritidsbustad | 1 687,50 |
Feiing fritidsbustad - pipe 1 | 562,50 |
Feiing fritidsbustad - pipe 2 på same bygg | 281,25 |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel - fritid |
395,00 |
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - fritid |
1 687,50 |
Forskrift om brannførebygging gjeldande frå 01.01.2016
Forskrifta om brannførebygging stiller krav om fleire brannvarslarar i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feiast oftare enn du trur.
Forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje.
Tall på røykvarslerar du må ha etter den nye forskrifta vert avgjort av inndelinga av bustaden i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.
Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda fleire varslerar for å tilfredsstilla krava i den nye forskrifta om brannførebygging.
Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.
No skal også hytta feiast regelmessig
Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannførebyggande arbeid også gjeld fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.
Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiarvesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.
Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.
Kostnadene for eigarane av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meiner pipa di skal feiast.
Feiing og tilsyn på hytta
I 2016 kom ein forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsboligar og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.
Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:
I våre kommunar er det fleire fritidsboligar enn boligar, vi må derfor så snart som mulig få kartlagt omfanget. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må svara på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Vi starta arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. Vi har lagt ut spørreskjemaet her, sjå lenke De kan altså svara her elektronisk, ellers vil spørreskjemaet ligge ved i brevet som alle vil motta, de kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ønsker at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogleg.
Innsendingsskjema ang fritidsboligar
Stige/trinn på tak:
Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppfordrar difor eigarane av fritidsboligane til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. På grunn av den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.
Fyring med gass:
Gasspeiser og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet.
Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing.
Gebyr
Sidan me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år, vart branntilsynsgebyret delt på fire og fakturert med ¼ -del kvart år. Når det no blir ulik frekvens på branntilsyn i bustader og fritidsbustader, vil me frå i år fakturera for heile gebyret på ein gong. Gebyret blir fakturert etter at tilsyn er gjennomført. Sidan heile gebyret frå no blir fakturert på ein gong kan det opplevast som det har vorte ei auking i gebyret, det er ikkje tilfelle.
I overgangen frå gammal til ny ordning vil det være ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut frå kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist.
Når det gjeld feiing blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast. Det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. For dei som brukar fyringsanlegget sjeldan kan det bli endra frekvens, og dei vil oppleve at det vert ei billegare løysing.
Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feiaren forslår, gir beskjed om det så får dei feiing oftare.
Feiaren kjem
Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Dersom tidspunktet ikkje passer, kan du avtale nytt tidspunkt. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.
Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo
Tlf.: 966 25 425
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no
Kontakt oss
Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon
•sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no
Epost vedk. vassmålaravlesning: vassmalar@hemsedal.kommune.no
Klage/fritak
Retningsliner for fritak for gebyrplikt i samband med renovasjonsgebyr
Heimel om fritak ligg i §4 andre ledd i forskrifta jf. forurensningslova § 30.
• Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg dokumentert.
• Kommunen kan kreve fotodokumentasjon der den finn det teneleg.
• Dispensasjon kan berre bli gjeve for særskilte eiendomar.
Vedtak fattet etter desse bestemmelsane er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklages ihht. klagereglane i forvaltningslova.
Felles retningsliner for fritak frå renovasjon i Hallingdal og Krødsherad vart vedteke i Hovudutval for Plan og Ressurs 29.08.2013 - Sak 53/13
Felles retningsliner
Søknad om fritak for kommunale avgifter
• Du kan òg hente skjema i Tenestetorget.
• Me oppmodar alle til å nytte fastsett.
• Me tillet ikkje andre adressatar enn eigar (heimelshavar) av eigdomen, då denne er ansvarleg for betaling av kommunale eigedomsavgifter.
• Unntak; dødsbo ved forelagt uskifteattest og i dei tilfelle det er offentleg oppnevnt verge.
Eigarskifte
• Eigarskifte vert sendt til kommunen fleire gonger i året frå Statens Kartverk, og vert oppdatert jamnleg i våre registre. Det er derfor ikkje naudsynt å melde frå om dette.
• Me vil gjera merksam på at skal desse oppføringane endrast, så skal det tinglysast.
Adresseendringar
• Skal samsvare med dei opplysningane som står i Folkeregisteret