Korleis klimaendringane vil påverke Hemsedal er vanskeleg å seie. Uansett, alle grunneigarar må i større grad sjølv sjekke kor vidt eigen grunn, bygg eller anlegg er godt rusta for å møte endringar i klima. Hemsedal kommune oppfordrar difor alle som har eigedom til sjølv å følgje med på kva for avbøtande tiltak ein kan gjere anten det er overvasshandtering, grøfterens eller andre tilhøve.
Regelverket for bygging i bratt terreng er endra. Om du til døme har bygg frå 1970- tallet i eit område, er det ikkje gitt at dette bygget tilfredsstiller dagens krav i høve tryggleik, om ein må bygge nytt. NVE har kartlagt fare for skred i deler av Hemsedal, og kartlegginga syner korleis ulike skred (snø, jord, eller steinsprang) kan påverke eigedommar som ligg på aust- og nordsida av dalen frå Grøndalen til Ulsåk. Rapporten ligg her,
http://publikasjoner.nve.no/rapport/2018/rapport2018_07.pdf
Har du spørsmål, og ønskjer meir info – ta kontakt med teknisk etat.