Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Forureining

Statens forurensningstilsyn (SFT), fylkesmannen og kommunen er alle forureiningsmynde etter lov om forureining av 1983.

Kommunen sitt ansvar etter lov om forureining

•forsøpling og avfallsopprydning

•utslepp av avløpsvatn opp til 2000 pe

•registrering av nedgravne oljetankar

•tilsyn med oljeutskiljarar

•brenning av avfall

Spreidd avløp

Næringsavfall

Bakrunn

11. april 2003 vedtok Stortinget å endre definisjonane av avfall i lov om forureiningar og om avfall av 13. mars 1981 (forureiningsloven) frå kategoriane forbruks- og produksjonsavfall til kategoriane nærings- og husholdningsavfall. Endringane trådde i kraft 1. juli 2004.

Som ei følgje av dette blei kommunane sine plikter og ansvar på avfallsfeltet redusert, samtidig som offentlege og private verksemder fekk auka handlefridom.

Ot.prp. nr 87 pkt. 2.6.4 omhandlar korleis ein kan hindre ein eventuell risiko for auka forsøpling som følgje av lovendringa:

•”departementet samtidig med at lovendringen trer i kraft, vil delegere myndighet til kommunene til å føre tilsyn med besitter av næringsavfall etter forurensingslovens § 48 mm”.

•”for å sørge for at kommunene ikke påføres økte kostnader som følge av disse oppgavene, anser departementet det som nødvendig å gi kommunene anledning til å kreve utgiftene knyttet til kontrollarbeidet dekket”.

Miljøverndepartementet gjorde 5. desember 2003 nr. 1909 delegeringsvedtak: •"Samtlige av landets kommuner får delegert myndighet etter forurensingslovens § 48 første ledd til å føre tilsyn med at besitter av næringsavfall som ikke i art eller mengde skiller seg vesentlig fra husholdningsavfall, håndterer dette forsvarlig.

Innenfor det saksområdet der kommunen har fått myndigheit etter forurensingslova § 48, har kommunen også fått myndigheit til å •kreve nødvendige opplysningar av avfallseigar etter § 49 •utføre inspeksjon av eigedom og granske dokumenter og materiell etter § 50 •fastsette forskrift om gebyr etter § 52a •fastsette og frafalle tvangsmulkt etter § 73 •kreve påtale etter § 78 siste ledd og § 79 siste ledd

På bakgrunn av dette vert det utarbeidd forskrift om gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall.

Frå den dato denne forskrifta er gjort gjeldene vil kommunen starte opp tilsyn med eigarar av næringsavfall og kreve gebyr for dette.

Om tilsynsordninga

Som grunnlag for arbeidet med å føre tilsyn med bestemmingane i forureiningsloven og forskrift om miljøretta helsevern, kan kommunen utarbeide retningsliner for kva som er å sjå på som forsvarleg oppbevaring og handtering av avfall.

Kommunen si tilsynsmyndigheit  inneber

•Kommunen skal sjå til at verksemda er orientert om kva krav som er retta mot dei

•Gjennomføre tilsyn med verksemder etter fastsett plan og følgje opp at verksemda retter opp avvik etter fastsett tid.

•I tilfeller der kommunen påviser avvik frå pliktene etter forskrifta, kan desse krevast retta etter forskrifta § 6 jf. kommunehelsetenestelovens § 4a-8.

•Let avfallseigar vere å etterkomme kravet om retting, kan vedkommande ileggast tvangsmulkt

Fastsetjing av gebyr

•Gebyr etter forskrifta er eit kontrollgebyr, dvs. eit gebyr som skal dekke utgiftene knytta til arbeidet med å utføre kontroll

•Gebyret er ikkje straffegebyr med føremål å bøteleggje påvist misleghald.

•Kommunen kan ikkje pålegge kontrollobjektet å betale kontrollgebyr utan at dette er fastsett i ei kommunal forskrift.

•Den enkelte som faktisk blir kontrollert vil bli kravd  for betaling av gebyr fastsett etter forskrift med heimel i § 52 a.

•Det vil ikkje vere høve for kommunen til å kreve et generelt gebyr av einkvar som eig  næringsavfall uavhengig av kontrollvirksomheten.

•Satsen på gebyret skal  ikkje overstige kommunen sine kostnader ved kontrollordninga jf. forureiningslovens § 52 a første ledd første punktum.

Nedgravne oljetanker

Nedgravde oljetankar (og øvrige oljetankar) representerer ei betydeleg kjelde til forureining av grunnen.

Erfaring viser at nedgravde oljetankar ofte blir liggande utan noko form for kontroll inntil det oppstår lekkasje.

Totalt finns det ca. 300 000 nedgravde oljetankar her i landet  fordelt på 150 000 ståltankar og 150 000 glassfibertankar (kjelde: SFT).

Dei alvorligaste problema oppstår ved forureining av overflatevatn eller grunnvatn i lausmassar og fjell, men også plante- og dyrelivet i vatn og vassdrag og innemiljøet i hus kan bli skadelidande.

Lokalt tilsyn

•Hemsedal og Gol kommunar samarbeider med Hallingdal brann - og redningsteneste iks om gjennomføringa av tilsynet.

•Feiarane har med seg registreringsskjema når dei er ute på oppdrag

•Feiar leverer skjema til huseigar.

•Huseigar fyller ut skjemaet

•Huseigar sender det til kommunen.

•På den måten vil kommunen i løpet av nokre år få  betre oversikt over antal oljetankar og vite meir om forureiningsfaren.

Ulovleg deponering av avfall

Meld frå om ulovlege fyllplassar!

Kommunen får stadig meldingar om ulovlege fyllplassar. Ser du nokon som tømmer søppelet sitt i naturen - kontakt kommunen eller politiet!

I samsvar med forureiningsloven § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet. Bestemminga gjeld også skipsvrak, flyvrak og andre liknande større gjenstandar.

Kommunen sakshandsamar desse sakene etter Statens Forurensningstilsyn (SFTs) veileder 1713/2000 - "Forsøpling og avfallsopprydding - Veiledning til kommunane". Dette inneber følgjande:

Saksgang ved avdekking

•Ulovleg forsøpling avdekka ved at kommunen mottar opplysningar om forsøpling av den ansvarlege eller av andre

•Kommunen sjølv gjer ein observasjon eller kartlegging

•Kommunen dreg på synfaring til området, iht forureiningslovens §50 for å avklare omfang og type forsøpling, kven som er ansvarlig osb.

•Dersom henstilling ikkje fører fram, vert det gjeve begrunna pålegg med frist for gjennomføring.

•Det vert vert lagt vekt på omfanget av saka, fare for forureining, sjenanse, kostnad og fare for ytterligare forsøpling

•Ny frist for gjennomføring vert sett

Dersom pålegg ikkje vert fylgt opp har kommunen tre alternativ

a) ilegge forureiningsgebyr som skal vere så stort at det ikkje løner seg å fortsette det ulovlege forholdet,
b) kommunen ryddar opp på forureinars rekning,
c) forholdet vert meldt til politiet og forureinar vert ilagt bot

Brenning av avfall

Lokal forskrift open brenning av avfall og brenning i småomnar for Hallingdal

•Kommunane i Hallingdal har i fellesskap utarbeida ein lik lokal forskrift for opne brenning av avfall og brenning av småomnar. Denne tek for seg kva som er lov å brenne og kva som ikkje er lov. Lov om forurensning og delegeringsbrev frå Miljøverndepartementet gjev kommunane moglegheit tilk å lage ei slik forskrift.

•Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT.

•Brannvesenet skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.

•Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen

Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.

Særleg om bråtebrann/ flate / rankebrenning

•Generelt er bråtebrann forbode i perioden 15. april til 15. september i eller i nærleiken av utmark.

•Det er lov å drive flatebrenning og brenning av hogstavfall dersom forholda tilseier dette, men då er det krav til brenningsleiar.

•Det skal vere utarbeidd ein plan for dette.

•Planen skal sendast brannsjefen i god tid før brenninga tek til.

•Naboar må varslast (Nabolova § 5).

•Unngå brenning på søndagar og andre helgedagar og på dagar der det er arrangement og tilskipingar i bygda

•Brenning bør skje i god tid før mørkets frambrot

•Det er viktig med etterkontroll av staden

Særleg om røyk som helse - og trivselsproblem

•Bråtebrenning og anna brenning av hage- og jordbruksavfall må ikkje utførast i eller nær tettstader eller der røyken kan vere til sjenanse for andre. Røyk kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med astma-plager (Forskrift om miljøretta helsevern § 9)

•Vurder ver og vind med tanke både på brannfare og røykplager for andre