Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Brøyting, strøing, høvling av vintervegar av vei

Brøyting av snø frå offentleg veg til naboeigedom


Hemsedal kommune har stor forståing for at det kan opplevast irriterande for en grunneigar å få snø brøyta eller frest inn på eigedommen. Av omsyn til fellesskapet ber vi imedan om forståing for at dette er naudsynt for å sikre framkommelege vegar for gåande og køyrande.

Meir om brøyting frå offentleg veg til naboeigedom

Vegmyndigheten sin rett til å make snø frå offentleg veg over på privat eigedom vert regulert av paragraf 2 i naboloven. Der heiter det at ”Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom.” Naboloven set dermed grensene for kva vegmyndighetane kan gjera. Dei ulempene du som nabo til vegen vert påført, kan i dei fleste tilfeller sjås på som eit nødvendig onde for at vegen skal haldast køyrbar. Brøyting av snø frå kommunal veg over på naboeigedom er dermed ikkje i strid med naboloven.

I perioder/vintrar med stort snøfall vil tålegrensen for påførte ulemper etter naboloven kunne utvidast – dvs. jo meir snø som fell og må flyttast/fjernast frå vegområdet av hensyn til vegtrafikken, trafikksikkerheit og framkommelegheit, desto større ulempe må naboar til veg måtte tåle som følgje av brøyting/fresing. Det forholdet at snø som kjem inn i hagar eller innkjørslar kan innehalde strøsand eller salt, må også ansjås å liggje innanfor tålegrensen etter naboloven.
Det vert også vist til den lovlighetsvurdering som er skissert i brev frå Statens vegvesen Vegdirektoratet til Statens vegvesen Oppland av 10. februar 1989. Her framgår det:
«Vegdirektoratet antar at en må anvende de samme rettslige prinsipper ved vurdering av ulemper ved snøbrøyting som for andre ulemper i forbindelse med vei. Ulemper som følge av normal snøbrøyting på offentlig vei, herunder snøopplag på private naboeiendommer, er gjennomgående forhold veiens oppsittere erstatningsfritt må finne seg i. Dette har vært praktisert over landet i alle år. Selv om forholdet fra tid til annen har vært påklaget, er en ikke kjent med at det har vært bestridt at det er lovlig adgang til å foreta snøbrøyting på denne måten. Resonnementet er blant annet at veiens naboer også har fordel av veien og at denne holdes oppe vinterstid, og det må av denne grunn kreves særskilte eller betydelige ulemper før ansvaret utløses fra veiholder. Nøyaktig hvor tålegrensen går kan være vanskelig å fastsette, men enkelte holdepunkter kan angis". I samme brev fremgår også: "sitat: At ulemper som følge av normalt vintervedlikehold må tåles uten erstatning, innebærer at det heller ikke utløser ansvar om snøen er sand- eller saltblandet.»


I tillegg vises til Samferdselsdepartementets brev av 9. desember 1969 til vegsjefen i Hordaland:
«Med enkelte unntak blir offentlige veier brøytet for snø. Dette medfører at snøen blir brøytet inn over private avkjørsler. Vanligvis strekker den offentlige veigrunnen seg ikke så langt at man unngår å brøyte snøen inn på de tilstøtende eiendommer. Dette er forhold som man må regne med ved avståelse av grunn til offentlige veiformål. Ved ekspropriasjon eller frivillig avtale om vederlaget for grunnavståelse forutsettes det tatt hensyn til ulemper som følge av dette. Er grunn avstått uten vederlag, må man gå ut fra at også ulempene ved forsvarlig snøbrøyting er godtatt dersom det ikke er tatt uttrykkelig forbehold på dette punkt».

Vinterdrift av kommunale vegar - snøbrøyting og strøing

Vinterdrift av kommunale vegar vert i hovudsak utført av private entreprenørar. Ansvarleg for oppfylging av driftskontraktane er avdelingsleiar for teknisk drift Bjørn Olav Viken. 

Entreprenørane skal utføre vinterdrifta etter krav som angitt i dokumentet «Krav til gjennomføring av vintervedlikehold» i Hemsedal kommune.


Vi ber om forståing for at det ved mye snø, vind eller mildvær vil være stort press på brøytemannskapa, og at det kan ta noko tid før alle vegane er brøyta eller strødd.

Kva er ditt ansvar?
• For at brøytemannskapa skal kome fram og vegen skal bli brøyta eller strødd skikkelig, er det viktig at biler vert parkert på privat grunn.
• Eigar av hus eller grunn mot offentlig stad skal strø fortau utanfor eigedommen når det er glatt. Huseigar har også plikt til å skuffe tak og til å sikre mot takras.
• Snø frå brøyting som blir lagt inn på privat eigedom og i avkøyringar er du er sjølv ansvarlig for å fjerne.
• Du kan ikkje legge snø frå privat eigedom på offentlig veg eller fortau.
• Du må fjerne vegetasjon på eigen grunn som heng ut i køyrebane eller fortau og som dermed er farlig for trafikksikkerheten og til hinder for brøytemannskapa.

Kontaktinformasjon vinterdrift
Spørsmål eller meldingar om snøbrøyting eller strøing på kommunal veg kan rettast til kommunen på telefon 31408800 eller på e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no

Meldingar kan og rettast direkte til brøyteentreprenør jf. tabellen under.

Sone/veg Entreprenør:

Sone 1 – Trøim, alle vegar i bustadfelt samt utanfor offentlege bygg som kommunehus, skule og bibliotek Tormod Eitrheim,
Tlf. 976 00 469

Sone 2 – Ulsåk alle vegar i bustadfelt, parkering på Gravset og Hestanåne, containerplasser langs Lykkjavegen samt Langesetvegen og Hødnsvegen Hemsedal Maskinlang,
Tlf. 911 43 761

Sone 3 – Tuv, omfattar vegar i kommunale bustadfelt, utanfor skulen og containerplassar. Tormod Eitrheim,
Tlf. 976 00 469

Sone 4 – Grøndalsvegen, Hustadvegen og Hulbakvegen samt containerpplass på Tubba og Grøndalen Tormod Eitrheim,
Tlf. 976 00 469

Sone 5 – Liovegen inkl. containerplass Tormod Eitrheim,
Tlf. 976 00 469

Gangveg Holdebakken – Tuv Hemsedal Maskinlag
Tlf. 911 43 761

Meldingar om fylkes- eller riksvegar meldast til vegmeldingssentralen tlf. 175

Krav til drift av gjennomføring av vintervedlikehold