Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bandtvang for hund

Hemsedal har bandtvang for hund i tida f.o.m 1. april t.om. 31. oktober av omsyn til beitande husdyr, gjeld heile kommunen, også over 1000 moh, (ordinær bandtvang for hund er i tida f.o.m 1. april t.o.m 20. august).

Det er bandtvang heile året i tettstader, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.

 

Vinter:

Hemsedal kommune har bandtvang i dalløypene heile skisesongen. Dalløypene er definert som skiløype frå Gravset til Feten, Torsetrunden, Solløypa, Knuteløypa og Liorunden.

Hemsedal kommune har også bandtvang i skianlegget i Totteskogen og 750 m, 1,2,3,5 og 8 km løypene på Gravset heile skisesongen.

Hemsedal kommune har også bandtvang i alle maskinpreparerte skiløyper i jul, vinterferie og påske. Bandtvang vert då gjeldande i tidsrommet f.o.m. 24. desember t.o.m. 2. januar, i vinterferieveker f.o.m. 20. februar t.o.m. 10. mars og laurdag før palmesundag t.o.m. 2. påskedag. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Kommunen har vedteke Lokal forskrift om bandtvang. I sentrumsområda er det i hovudsak §§3 og 4 som gjeld:
§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske
Hemsedal kommune har bandtvang i dalløypene heile skisesongen. Dalløypene er definert som skiløype frå Gravset til Feten, Torsetrunden, Solløypa, Knuteløypa og Liorunden.
Hemsedal kommune har også bandtvang i skianlegget i Totteskogen og 750 m, 1,2,3,5 og 8 km løypene på Gravset heile skisesongen.
Hemsedal kommune har også bandtvang i alle maskinpreparerte skiløyper i jul, vinterferie og påske. Bandtvang vert då gjeldande i tidsrommet f.o.m. 24. desember t.o.m. 2. januar, i vinterferieveker f.o.m. 20. februar t.o.m. 10. mars og laurdag før palmesundag t.o.m. 2. påskedag. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.
Det er bandtvang heile året i tettstader, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.
§ 4.Avgjerder om ro og hygiene
I tettbygde strøk skal hund verte passa utandørs, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy.
Hundehaldar pliktar å fjerne avføring som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, skiløype og tilrettelagt friluftsområde, eller i andre område som er tilgjengeleg for allmenn ferdsel i tettbygd strøk.

 

Meir informasjon om bandtvang og hundehald finn du i lokal forskrift.

Kommunen kan i tillegg gje forskrift om ekstraordinær bandtvang for å beskytte viltet.

Meir informasjon finn du i hundelova.

Hund i band