Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skulefritidsordninga SFO

Kommunen har tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. klasse, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.Skulefritidsordninga legg til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.Skulefritidsordninga gir barna omsorg og tilsyn.

Søke SFO 

Fristen for å søkje SFO-plass i samband med hovudopptaket for 2020 / 2021 er 1. mars 2020.

 

Elektronisk søknad

Rettleiing til elektronisk søknad 

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Hemsedal barne- og ungdomsskule, tlf. 31 40 89 05.
Personar som manglar 11-sifra personnummer må også ta kontakt med 31 40 89 05.

 

Oppseiing

  • Oppseiing av plass i SFO skal gjelde frå 1. eller 15. i månaden.
  • Oppseiing av plassen skal meldast  minimum 1 månad før barnet skal slutte.
  • Oppseiing kan ikkje skje etter 15.mai, og i tilfelle dette skjer, vil foreldrebetalinga likevel halde fram med fast månadleg beløp ut SFO-året.
  • Kommunen kan og seie opp plassar med same frist dersom betalingsfristen vert overskriden med meir enn 2 månader.
  • Oppseiing skal skje via Visma Flyt skole.

 

Prioritet til opptak

Alle som søkjer innan fristen 1.mars, får plass.

Inntak i løpet av skuleåret kan skje etter nærare vurdering og dersom det ikkje fører til behov for auka bemanning. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vert inntaket gjort etter fylgjande vilkår:

1.Barn med særlege vanskar kan takast inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering til grunn for vurderinga av situasjonen og tilråding om inntak.

2.Barn av einslege foreldre i arbeid eller under utdanning, og som åleine fører tilsyn med barnet/barna.

3.Barn som har begge foreldre/føresette i arbeid eller under utdanning.

4.6-åringar kjem føre eldre barn.

Dersom det er plass, kan skulefritidsordninga ta mot barn for kortare periodar der det er særlege grunnar til det (sjukdom i heimen o.a).

Opningstid

  • SFO følgjer skuleåret og startar 15/8.
  • 6-åringane som skal begynne på 1. årstrinn, startar i SFO sine lokale veke 31, men saman med personalet frå barnehagen.
  • SFO er open dei dagane som går inn i skuleruta. I haustferien, vinterferien, i juni etter skuleslutt og i august før skulestart er det høve til å kjøpe dagar. Påmeldinga er bindande med eigen betaling.
  • SFO ved Tuv og Ulsåk skular samarbeider utanom dei 38 vekene som utgjer skuleåret.
  • SFO er stengt i juli, jule- og påskeferie, andre fridagar i skuleåret jf skuleruta.
  • SFO heldt stengt inntil 6 planleggingsdagar som vert brukt til kompetanseheving hjå personalet. Desse dagane er til vanleg dei same som skulen sine.

Opningstid

Kl. 07.30 til 16.30 kvar dag (måndag til fredag) 

Tilbod gjennom året:

Morgen sfo 07.30-08.30

Ettermiddag SFO skuleslutt- 16.30

 

Leksetid

Kommunen skal ha eit tilbod om leksetid for elevar på 1.-4. årstrinn.
Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksetidtilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

 

Prisar SFO 2020

Vedtekne prisar gjeldande frå 1.1.2020

Full betaling  
1 dag pr veke før og etter skulen    545,-
2 dagar pr veke før og etter skulen 1 090,-
3 dagar pr veke før og etter skulen 1 630,-
4 dagar pr veke før og etter skulen 2 165,-
5 dagar før og etter skulen 2 710,-
Berre morgon    610,-
   
Syskenmoderasjon  
30% på den rimelegaste plassen frå barn nr. 2  
   
Kjøp av dag  
Pris pr dag i feriar utanom skuleruta  290,.-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass  320,-
Pris pr dag før og etter skuletid  145,-
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass  155,-
Gebyr ved for sein henting  280,-
Betaling
  • Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for SFO ved budsjetthandsaminga kvart år.
  • Rekninga vert sendt ut forskotsvis kvar månad.
  • Det er foreldrebetaling for plass 10 månader i året.
  • Dersom meir enn 2 månader av foreldrebetalinga utestår vert varsel om oppseiing av plassen sendt frå økonomiavdelinga i kommunen.
  • Brukarar som mistar plassen grunna manglande betaling kan tidlegast få attende plass ved neste ordinære opptak.

Moderasjonsordning

Frå 1. august 2020 er det fastsett to moderasjonsordningar i SFO:
a) Inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for husstandar med elevar på 1. og 2. trinn. Ordninga skal sikre at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta til å betale for ein SFO-plass. 
b) Gratis SFO for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov og som er tildelt SFO-plass (foreldre treng då ikkje søkje for denne ordninga).

Det må søkjast om ordninga A ved å sende inn elektronisk skjema. 
Det er same linken som når du søkjer sfo-plass og logge på med ID-porten.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling
Sist mottekne skattemelding skal leggjast med som dokumentasjon. Dersom husstanden har ein vesentleg eller varig endring av inntekta i forhold til kva skattemeldinga viser, må det i tillegg leggjast med lønnslipp, vedtak frå NAV eller annan dokumentasjon på endra inntekt. 
Fristen for å søkje for skuleåret 2020/2021 er sett til 2.oktober. Søknader som blir innvilga og som er motteke innan fristen vil gjelde frå den 1. august. Søknadar som kjem etter fristen vil ved eit eventuelt vedtak om redusert sats, gjelde frå den 1. i månaden etter at søknaden er motteken.

SFO og skyss.

GENERELT OM BUSSKORT

Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit elektronisk busskort frå skulen. Busskortet er gyldig 17.8.20 – 18.6.21. Busskortet vert deaktivert om sommaren.

Dersom kortet ikkje verker frå skulestart må du gi beskjed til skulen om dette. Ta med busskortet til skulen og du får tildelt midlertidig reisebevis inntil busskortet blir aktivert. Skulekort er gebyrfritt for grunnskoleelevar. Ta godt vare på det!

Kva gjeld når mitt barn har SFO?

Skulefritidsordninga er frivillig, og foreldre/føresette må sjølve bringe og hente barna når ordinær skuleskyss ikkje kan nyttast.

Når du bestiller SFO og kryssar av morgon og ettermiddag, har du ikkje rett på buss desse tidspunkta.

Om ditt barn ikkje skal bruke SFO ein ettermiddag eller ein morgon, har dei ikkje gjeldande busskort denne dagen. Foreldre/føresette må sjølve sørge for at barnet sitt kjem til skulen og/eller heim frå skulen.

Det er viktig at bestillinga av SFO er reell og nøyaktig. Brakar, vår transportleverandør, set opp transport ut frå talet på barn som ikkje er meldt på SFO morgon og ettermiddag. Særleg no med restriksjon i høve pandemien, skal Brakar alltid ha nok kapasitet og skuleeigar skal kjenne til at transporten er forsvarleg.

Klage på SFO

Får du avslag på søknaden, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meinar vedtaket bør endras. Om du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saken sendt vidare til kommunens eigen klagenemnd, som avgjer om klaga skal tas til følge.

 

SFO-vedtekter 

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA

Kontaktinfo

SFO Tuv skule, tlf. 962 27 793

SFO Ulsåk skule, tlf. 971 50 499