Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Innskriving i grunnskulen

Innskriving til grunnskulen 1.klasse

Alle føresette som har barn som skal byrje ved grunnskulen hausten 2020 skal motta vedtak om innskriving innan 15.desember. Dette gjeld barn født i 2014 og eventuelt barn med vedtak om utsett skulestart. I dette vedtaket vil det blant anna bli gjeve melding om kva skule eleven er innskriven ved.

Føresette som ikkje har motteke brev med vedtak frå skulen, og elevar som flytter til kommunen i tida fram mot skulestart, må sende inn skjema om innskriving innan 31.01.2020.  Dette for at alle elevar som skal byrje ved grunnskulen skal få vedtak om innskriving.

Elektronisk skjema for innskriving

Elevar i grunnskulen har etter Lov om læring rett til å gå på nærskulen. Med få unntak er dette skulen som i avstand ligg nærast heimen. Alle elevar blir difor skriven inn ved nærskulen. Det er mogeleg å søkje om skulebytte, men då skal det søkjast særskilt om dette i begrunna søknad til oppvekstleiar innan 1.januar for påfølgjande skuleår.
Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk på skulen for barna og om foreldremøte i løpet av vårhalvåret.

Foreldremøte på Ulsåk og Tuv skule
Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk på skulen, og om foreldremøte i løpet av vårhalvåret.

Tilflytting av elevar i 2. - 10.klasse.

Så snart de har bestemt dykk for å flytte til Hemsedal er det fint om de tar kontakt med skulen. Sørg for at skulen de flytter frå, sender flyttemelding til Hemsedal kommune. Vi minner også om at flytting skal meldast til Folkeregisteret seinast 8 dagar etter flytting.

Innskrivingsskjema for opplysningar finn du her. Må ikkje sendast elektronisk.

Vi ønskjer alle nye elevar velkomne til Hemsedal.

Framskunda skulestart.

Dersom foreldra søkjer om dette eller samtykkjer i det, kan kommunen etter sakkunnig vurdering frå Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) vedta at barnet skal ta til å skulen i eitt år før, dersom barnet innan 1.april har fylt 5 år.

Prossesen er slik at foreldra sender søknad til oppvekstsjef Gunn Berit Nergård.
Oppvekstsjefen innhentar sakkunnig vurdering frå PPT
Enkeltvedtak blir fatta av oppvekstsjefen.

Kva skal følgje søknaden:
* Grunngjeving frå føresette
* Eventuell annan dokumentasjon.

Det er PPT som skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av den sakkunnige vurderinga frå PPT.

Utsett skulestart.

Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om eit barn er kome langt nok i utviklinga si til å starte i skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten dersom foreldra krev det.

Prossesen er slik at foreldra sender søknad til oppvekstsjef Gunn Berit Nergård. 
Oppvekstsjefen innhentar sakkunnig vurdering frå PPT.
Enkeltvedtak blir fatta av oppvekstsjefen.

Kva skal følgje søknaden:
* Grunngjeving frå føresette
* Eventuell annan dokumentasjon

Prosedyre for søknad om utsett skulestart:
Borna blir observerte/vurderte:
* av føresette
* av personalet på skulen ved innskriving i skulen
* av lærarane på førskuledagane i skulen
* av barnehagen
* av helsestasjon

Det er PPT skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av fråsegna til PPT. 

Klage ved framskunda / utsett skulestart.

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov. 
Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Aktuelle linkar

Opplæringslova §2-1. Rett og plikt til grunnskuleopplæring.