Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Elevskyss

Elevskyss

Skysstider 2020-2021

Lykkja - Halbjørhus - Ulsåk - Trøimshallen kl. 07.55
Eikre - Ålrust - Mythevegen - Trøimshallen kl. 08.00
Gol - Hjelmen -  Svøo - Trøimshallen - Skogajordet - Tuv kl. 07.40
Trøimshallen - Skogajordet - Tuv kl. 08.12
Fiskum - Torset - Ulsåk - Trøimshallen - Hulbak - Tuv kl. 07.45
Trøimshallen - Ulsåk kl. 08.10
Grøndalen - Lio - Tuv - Trøimshallen kl. 07.45

 Sjå også www.brakar.no

Generelt om busskort

Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit elektronisk busskort frå skulen. Busskortet er gyldig 17.8.20 – 18.6.21. Busskortet vert deaktivert om sommaren.

Dersom kortet ikkje verker frå skulestart må du gi beskjed til skulen om dette. Ta med busskortet til skulen og du får tildelt midlertidig reisebevis inntil busskortet blir aktivert. Skulekort er gebyrfritt for grunnskoleelevar. Ta godt vare på det!

Kva gjeld når mitt barn har SFO?

Skulefritidsordninga er frivillig, og foreldre/føresette må sjølve bringe og hente barna når ordinær skuleskyss ikkje kan nyttast.

Når du bestiller SFO og kryssar av morgon og ettermiddag, har du ikkje rett på buss desse tidspunkta.

Om ditt barn ikkje skal bruke SFO ein ettermiddag eller ein morgon, har dei ikkje gjeldande busskort denne dagen. Foreldre/føresette må sjølve sørge for at barnet sitt kjem til skulen og/eller heim frå skulen.

Det er viktig at bestillinga av SFO er reell og nøyaktig. Brakar, vår transportleverandør, set opp transport ut frå talet på barn som ikkje er meldt på SFO morgon og ettermiddag. Særleg no med restriksjon i høve pandemien, skal Brakar alltid ha nok kapasitet og skuleeigar skal kjenne til at transporten er forsvarleg.

 

Retten til skuleskyss begrunna i opplæringslova

Det er opplæringslova kapittel 7 som regulerer skuleskyssen i grunnskulen.

•§7-1 slår fast at ”Elevar i 2.-10.klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. 
•For elevar i 1.klasse/førskulen er skyssgrensa to kilometer
•Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda”

Særlege forhold utløyser rett til skuleskyss

Det må vera særlege forhold som utløyser skyssrett med bakgrunn i trafikkfarleg skuleveg.

I kommentarane til lova blir dette formulert slik:

”Loven krever at elevene utsettes for en fare som er utenom det vanlige. Den risiko skoleelever til vanlig utsettes for når de ferdes i trafikken er derfor ikke tilstrekkelig.”

Andre grunnar som kan utløyse rett til skuleskyss 

•Opplæringslova §7-3 seier vidare at ”Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.” 
•I slike tilfelle må det leggjast fram legeerklæring som også seier noko om kor lenge eleven har behov for skyss.

Opplæringslova kapittel 13 regulerer blant anna fordelinga av kommunens og fylkeskommunens ansvar for opplæringa. Det er fylkeskommunen, eller den instansen fylkeskommunen delegerer dette til, som har ansvaret for organiseringa av skuleskyssen.

Foreldre som meiner at barnet deira har rett på skuleskyss på grunn av trafikkfarleg skuleveg, må søkje Hemsedal kommune om slik skyss.

Ved øvrige spørsmål om skuleskyss, ta kontakt med den enkelte skule.

Trygg Trafikk sin rettleiar for særleg farleg eller vanskeleg skuleveg