Postadresse
Hemsedal kommune
Ulsåk Oppvekstsenter avd Barnehage
Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
Ulsåk Oppvekstsenter, avd. barnehage
Me er ein barnehage med seks avdelingar for barn frå 1 -5 år, der dei tre småbarnsvdelingane er med 9 til 12 barn per avdeling, og tre avdelingar er for barn frå 3-6 år, på tilsaman 18 barn per avdeling. Vi som arbeider i barnehagen legg vekt på eit godt miljø for både barn og vaksne, basert på tryggleik, omsorg, glede og humør. Trivsel og tryggleik er viktige føresetnader for god læring.
Barnehagen sitt satsingsområde:
For barnehageåret 2019/2020 jobbar vi med sosial kompetanse og med å førebyggje mobbing, gjennom programmet "Være sammen".
Lenke til 1-årig pedagogisk årsplan
Samarbeid med skulen:
Barnehagen ligg på same område som skulen/SFO som har barn frå 1-4. klasse. Vi deler ein stor og god uteleikeplass, der barnehagen og skulen har eit felles ansvar for barna. Vi er også så heldige å ha oppkøyrte skiløyper på jordet ved sidan av barnehagen, som har rasteplass i løypa, og er kobla på løypenettet ellers. Det er jamleg felles møter mellom barnehage og skule, og me har gode rutiner for overgang frå barnehage til skule.