Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad, endring, oppseiing av barnehageplass

Gjeldande for Hemsedal kommune: 

Alle barn har rett til plass i Hemsedal sine barnehagar etter at dei har fylt 1 år. 

Barnehagen har to hovudopptak i året, søknadsfrist 1. mars og 1. november, med oppstart høvesvis i midten av august og i starten av januar.

Korleis søkje, endre eller seie opp barnehageplass?

Ein søkje om barnehageplass gjennom Visma Flyt Barnehage føresettportal: lenke til søknadsportal. Det anbefalast å bruke browsere som Edge eller Google Chrome til portalen.

Dette gjeld om:
1. Du søkjer for fyrste gong

2. Du søkjer endring av plass

3. Du søker overføring til annan barnehage

4. Du skal seie opp heile barnehageplassen

Dersom du skal behalde barnehageplassen slik den er i dag, så treng du ikkje søkje.

bilde av innloggingsportal barnehagesøknad

Ved å klikke på bildet, kjem du til «logg inn i føresettportalen Visma Flyt Barnehage».
Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

I føresettportalen kan du velje nynorsk, bokmål eller engelsk som språk.
Søknad om barnehageplass består av fleire trinn, der de må legge inn informasjon.

Under andre opplysningar – i kommentarfeltet – kan de legge inn dagval dersom de søkjer deltidsplass (3 eller 4 dagar).

Søknaden sendast elektronisk til Visma Flyt Barnehage, som er den nye administrasjonsløysinga for kommunens opptaksmynde. Når søknaden er sendt, vil du få ei stadfesting til den e-postadressa du har oppgitt i søknaden. Dersom du har behov for hjelp i føresettportalen, kan du ta kontakt med Tenestetorget tlf. 31 40 88 00.

Rett til barnehageplass

Frå 01.01.09 er rett til barnehageplass innført.

Lov om barnehagar §12 a slår fast fylgjande:
"Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. 
Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen."

Opptak/endring av plass

  • Hovedopptaket føregår to ganger i året, med søknadsfrist 1. mars og 1. november. Oppstart høvesvis i midten av august og i starten av januar.
  • Ellers i året blir barn tatt inn når det er ledig plass. 
  • Opptak i løpet av året skjer etter venteliste.
  • Barn med funksjonshemming har prioritet uavhengig av alder. 
  • Barnet beheld barnehageplassen til skulestart, eller den blir sagt opp.
  • Dersom foreldre av ulike årsakar vil søkje om permisjon frå barnehageplassen, må ein ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen.

 

Oppseiing av heil plass

Oppseiing av barnehageplass har 1 månads oppseiingstid.

Oppseiinga vert rekna frå den 1. eller 15. månaden etter at kommunen har fått        meldinga.

Born som seier opp plassen etter 1. mai må ha teke 4 veker ferie før plassen opphøyrer.