Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Prisar og reduksjonsordningar-barnehage

Prisar 2021

I tabellen er det oversikt over betalingssatsar, redusert betaling og kjøp av dagar. Vedteken av kommunestyret 17.12.2020.

Frå 1.5.2015 vart det innført rimelegare barnehageplassar for dei som tener minst.
Her finn du meir informasjon om ordningane med redusert betaling.

Betalingssatsar gjeldande frå 1.1 2021

Full betaling Sats
3 dagar 2 600,-
4 dagar 2 950,-
5 dagar 3 230,-
   
Søskenmoderasjon 30% ved barn nr 2.  
   
Søskenmoderasjon 50% frå barn nr 3.  
   
Matpengar  
3 dagar 220,-/230,-
4 dager 290,-/300,-
5 dagar 360,-/400,-
   
Kjøp av dag 500,-
Gebyr ved for sein henting 280,-
   

Foresatte app

Reduksjonsordningar

A) Syskenmoderasjon
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2 og 50 % syskenmoderasjon for barn nr 3 eller fleire.


B) Reduksjon i foreldrebetalinga pga låg inntekt
Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig brutto kapital- og personinntekt på mindre enn kr 592167,-  jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på https://barnehage.visma.no/Hemsedal

C) Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr veke. Familiar eller hushaldingar som har ei samla bruttoinntekt på mindre enn kr 583650,- jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på https://barnehage.visma.no/Hemsedal

Søknad for barnehageåret 2021/2022

Søknadsfrist 15. juni 2021.

Vedtak som blir gjort for 2021/2022 er gjeldande frå 15. august 2021.
Når foreldre/føresette søker kan dei etter vurdering få innvilga søknaden frå påfølgande månad.
Som hovudregel skal søknad og vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid gjelde for eit barnehageår av gongen.
For barnehageåret 2021/2022 vil sjølmelding for 2020 være grunnlaget for vedtaket.

Søkjarar som har rett på begge ordningar, skal sende berre ein søknad kvart år.

NB: Har du ikkje norsk id-nummer, ta kontakt med tenestetorget for å søkje manuelt.

 

Kontantstøtte

Barn som mottek kontantstøtte og som søkjer barnehageplass, vil få en reduksjon i kontantstøtta etter kor stor barnehageplass barnet får tildelt.

Kontakt NAV for meir informasjon eller les her.