Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2021

Val til Stortinget vert halde kvart fjerde år. Nyttar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre landet vårt dei neste fire åra.

Stortingsval og sametingsval

Artikkelen er ikkje ferdig - vil bli oppdatert med datoar når det er gjort politiske vedtak

 

Hausten 2021 er det val til Storting og Sameting

Valdagen er måndag 13.september 2021

Hemsedal har ein røystekrins og vallokale på valdagen er Hemsedal kultursal for alle veljarar.

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du stemme på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på valdirektoratet sine temasider valg.no

Buskerud valdistrikt sine lister til stortingsvalet

Det er framleis dei opprinnelege 19 fylka som utgjer dei 19 valgdistrikta (med justering for kommunar som er overført mellom fylke/valdistrikt). Dette inneber at Viken fylke har tre ulike valdistrikt: Akershus, Buskerud og Østfold.

Frå Buskerud valdistrikt skal det velgjast 8 representantar til stortinget.
Totalt frå Viken fylke skal det velgjast 37 representantar.
Meir om mandatfordelinga mellom vadistrikta kan du lese på Valdirektoratet sine sider.

Ved Stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister.

Disse partia/gruppene kan du som er manntalsført i ein av kommunane i Buskerud valdistrikt stemme på ved stortingsvalet:
lenke til Viken fylkeskommune sine nettsider <- sette inn lenke

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Hemsedal kommune sitt valstyre for perioden 2020 - 2023 har --- medlemmer:
(ikkje vald pr d.d.)

navn og hyperkobling til epost (parti) leiar
navn og hyperkobling til epost (parti) nestleiar
navn og hyperkobling til epost (parti) 
navn og hyperkobling til epost (parti)
navn og hyperkobling til epost (parti) 
navn og hyperkobling til epost (parti)
navn og hyperkobling til epost (parti) 

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her: sakspapir

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal

Epost: postmottak@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31408800

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Nina Eikre

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved stortingsval har:

Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg

Ansatte i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Viss dei ikkje nokon gang har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Hemsedal kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

- Hemsedal folkebibliotek
- Tenestetorget i kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Hemsedal, men du kan ikkje stemme i Hemsedal på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Hemsedal kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busette i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan dagen etter valdagen kl. 17.00.
Du kan søkje i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn her:

Søknadsskjema for innføring i manntalet: pdf-format og doc-format

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsstemming

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.  
Viss du stemmer i ein kommune utanfor fylket/valdistriktet der du er registrert som busett, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane for ditt fylke/valdistrikt. Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på. Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eige fylke/valdistrikt.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntallsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.

Tidlegstemming 1.juli - 8.august

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 6. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsstemming 9.august - 10.september

Den 9. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 10. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Hemsedal kan du stemme på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming same stad:
Laurdag dd.mm.åå kl. ---------
Torsdag dd.mm.åå kl -----------

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 9.august - 10.september

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du bur (lenke til valg.no). <- brutt lenke, legge inn ny når tilgjengeleg

Bygdaheimen

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting ------ september kl. 10.30 - 12.30.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast ------ september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889,
3560 Hemsedal

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå 1. juli til og med 3.september 2021. På Svalbard har sysselmannen sett frist for å stemme på førehand til ------ for å sikre at stemmene kjem fram i tide. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet. <- oppdatere lenke

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i vallokale i eigen kommune 

Sametingsvalet

Sametingsvalet vert halde samtidig med stortingsvalet. I 2021 er valdagen måndag 13. september.

For å kunne stemme ved sametingsval må du vere registrert i Sametingets valmanntal og ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Du kan skrive deg inn i valmanntalet kva tid som helst, men for at du skal ha stemmerett ved sametingsvalet i 2021, må innmeldinga di ha kome Sametinget i hende innan 30.06.2021. Når du registrerer deg må du gje erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.

Om du bur i ein kommune som har færre enn 30 personar registrert i Sametingets valmanntal, kan du berre stemme på førehand. Det er åpna for tidlegstemming etter avtale med kommunane frå 1. juli. Den ordinære førhåndsstemminga innanriks startar 9. august og varar til 10.september. For Svalbard og Jan Mayen og utanriks gjeld andre datoar. Du kan stemme på førehand i alle kommunar i heile landet. Det går fram av valkortet kvar stemmegjevinga skal sendast.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du er folkeregistrert.

Registreringsskjema og meir informasjon om sametingsvalet finn du på Sametinget sine sider:
www.sametinget.no

Valresultat 2019

Hemsedal kommunestyre 2019 - 2023

Kandidatoppgjer - stemmetal pr.parti

Slengjaroppgjer - partisamandrag

Kommunestyrevalet i Hemsedal 2019 - protokoll for valstyret i Hemsedal

Fylkestingsvalet i Viken 2019 - protokoll for valstyret i Hemsedal

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Viken finn du her

Valresultat 2017

På sida Valgresultat.no finn du oversikt over resultata frå valet 2017

Valresultat 2015

Her er resultatet av kommunestyre- og fylkestingsvalet i Hemsedal 2015:

Kommunestyret_2015-2019

Protokoll for Kommunestyrevalet i Hemsedal 2015

Kandidatoppgjer

Slengjaroppgjer

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Buskerud finn du her

Valresultat 2013

På sida Valgresultat.no finn du oversikt over resultata frå valet 2013 

Valresultat 2011

Her er resultatet av Kommunestyrevalet 2011 i Hemsedal:

Mandatfordeling i Hemsedal

Stemmefordeling i Hemsedal

Sjå valresultatet presentert på Kommunal- og regionaldepartementet sine websider.

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Buskerud finn du her