Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rettleiing til utfylling av skjema for listeforslag

Forslaget må ha ei overskrift som nemner det parti eller den gruppa som har fremja forslaget. Viss listeforslaget er fremja av eit registrert politisk parti, skal overskrifta vere einslydande med partiet sitt registrerte namn (ikkje namn på lokallaget). Registrerte politiske parti kan velje om partiet sitt namn skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Forslaget må og nemne kva valdistrikt det gjeld for og kva for val.

Det må stå kva for kandidatar som stiller til val på lista. Kandidatane skal vere oppført i rekkefølgje med fornamn, etternamn og fødselsår.

Ved kommunestyreval skal listeforslaget vere utfylt med minimum 7 kandidatar. I Hemsedal maksimum 23 kandidatnamn.

Ved kommunestyrevalet i Hemsedal kan inntil 4 av dei øvste kandidatane på listeforslaget gjevast eit stemmetillegg.
Namn (fornamn, etternamn) på kandidatar som skal ha stemmetillegg skal uthevast ved å bruke STORE bokstavar/feite typar. Namn på andre kandidatar skal skrivast på vanleg måte.

På stemmesetlane er felta for namn avgrensa til maksimalt 30 teikn (inklusiv mellomrom). Det vil derfor vere ein fordel å oppgje korleis namn som er lengre enn 30 teikn skal framstå på stemmesetelen.

For parti som kan stille listeforslag etter forenkla reglar er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av to styremedlemer i partiet sitt lokallag. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.
Andre parti/grupper må til valet i 2019 ha underskrift frå minimum 36 personar med stemmerett i kommunen under sine listeforslag.

Underskrifter stå på same ark som listeforslaget for å vere gyldige. Bruk difor tosidig utskrift når du skriv ut malen. Viss ei liste skal ha fleir underskrifter enn det er plass til i malen, må det skrivast ut fleire eksemplar av malen. 

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje offentleggjerast.

Alle som fremjar listeforslag skal ha ein tillitsvald og ein varatillitsvald. Ved behov, skal dei tillitsvalde ha mynde til å forhandle med valstyret i kommunen om endringar på listeforslaget.
Kven dette er, skal gjevast opp på listeforslaget: 
Før opp «tillitsvald» eller «vara» ved namnet til vedkomande. Dette bør vere dei to øvste underskriftene. 
Viss fleire underskrivarar skal fungere som tillitsutval, med mynde til å trekkje listeforslag attende, bør dette også gjevast opp i listeforslaget. Kontaktopplysingar til det tillitsvalde bør gjevast opp.

Hugs ôg å sende inn vedlegga som skal følgje listeforslaget.

Frist for innlevering er klokka 12 den 31.mars i valåret. I 2019 fell denne datoen på ein sundag og fristen er difor utsett til 1.april 2019 klokka 12.