Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Listeforslag til kommunestyrevalet - informasjon til parti / forslagstillarar

Listeforslag må vere kome inn til kommunen innan fristen som er klokka 12 den 31.mars i valåret. Sidan 31. mars 2019 fell på ein sundag, er fristen for innlevering forskuva til 1. april 2019 kl. 12.00 dagtid. Posten må vere komen fram, eller forslaget må vere levert direkte, innan fristen. Det er forslagsstillarane som har ansvar for å sjå til at forslaget kjem fram i tide.

Fristen for å trekkje tilbake eit listeforslag er 20. april kl. 12.

Vallova har reglar om kva for krav som skal stillast til vallister: lenke til Lovdata Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut forslag til valliste, som deretter skal godkjennast av valstyret. 

Kven som kan veljast til kommunestyret

Vallova har reglar om kven som kan veljast og har plikt til å ta imot val til kommunestyre: Veljast til kommunestyret kan alle som har stemmerett ved valet, og som på valdagen er folkeregistrert som busette i kommunen, og som ikkje er utelukka eller friteken. 

Det vil seie at kandidatane anten må vere norske statsborgarar eller utanlandske statsborgarar som har stått innført i Folkeregisteret som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. For statsborgarar frå dei andre nordiske landa er det tilstrekkeleg at dei har flytt til Noreg og er registrerte i Folkeregisteret innan skjeringsdatoen for manntalsregistreringa, som er den 30. juni. Vidare må kandidatane fylle 18 år innan utløpet av valåret.

Kven som er utelukka frå val til komunestyret står i vallova §3-3(3). Kven som kan krevje seg friteken for val står i §3-4. Vallova finn du her: lenke til Lovdata

Kor mange namn på lista?

For val til kommunestyre stiller vallova krav om at det er oppført minst sju kandidatnamn på lista. Oppover er det ei maksimumsgrense på like mange kandidatar som det skal veljast representantar pluss eit tillegg på inntil seks kandidatnamn. På forslag til vallister til kommunestyrevalet i Hemsedal skal det etter dette stå mellom 7 - 23 namn.

Ved kommunestyreval kan dei øvste kandidatane på lista gjevast eit stemmetillegg. Desse kandidatane får då eit tillegg i sitt personlege røystetal som svarar til 25 prosent av talet på røystesetlar som lista får ved valet. Dei kandidatane som får eit slikt røystetillegg frå partiet, skal stå først på listeframlegget og med utheva skrift. I Hemsedal kan inntil 4 kandidatar få slikt tillegg.

Listeforslaga skal innehalde fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane. Det er opp til forslagsstillarane om dei i tillegg ønskjer å føre på stilling og/eller bustad for kandidatane. Dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista, skal stilling og/eller bustadsadresse gjevast opp. Viss opplysning om stilling og/eller bustad til kandidatane blir ført opp på listeforslaget, må dette gjerast for alle kandidatane på lista. I Hemsedal har det vore vanleg å berre bruke namn og fødselsdato på listene.

Krav til underskrifter på listeforslag

Vallova set som krav at listeforslag skal ha eit visst tal underskrfter.

Kva for parti kan stille liste etter forenkla regelverk?

Det følgjer av vallova at registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2017 anten

  • fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller
  • fekk minst 5 000 stemmer på landsbasis, eller
  • er blitt registrert i Partiregisteret etter stortingsvalet 2013

kan stille valliste ved kommunestyrevalet 2019 etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeforslaget.  For desse er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av to styremedlemer i partiet sitt lokallag. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.

Kva for parti som kan stille liste etter desse reglane finn du her: valg.no

Andre parti / grupper

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om såkalla ”forenkla modell” må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i kommunen. Ved kommunestyreval må det samlast inn så mange underskrifter at det utgjer 2 % av talet på røysteføre ved førre kommunestyreval. For Hemsedal utgjer dette 36 underskrifter for lister til valet i 2019.

Viss du vil lese meir om listeforslag og krav til disse finn du dette på regjeringa sin valportal Valg.no

Meir om listeforslag til kommunestyrevalet

Valstyret i Hemsedal arbeider med godkjenning av listene i april/mai og skal innan 1.juni avgjere om forslag til vallister og tilbakekallingar av listeforslag kan godkjennast.

Behandling av listeforslaga i valstyret

Valstyret skal undersøkje om dei listeforslaga som er komne inn, fyller krava i lova, under dette om forslagsstillarane og kandidatane oppfyller krava i vallova.

Om det trengst skal valstyret ved forhandlingar med den tillitsvalde for lista arbeide for å få listeforslaget i samsvar med krava i lova.

Melding til kandidatane

Valstyret skal gje melding til alle kandidatane på vallistene om at dei er sette opp på eit listeforslag. I meldinga vert det opplyst om grunnane for å kunne krevje seg friteken for val. Kandidatane får ein frist for å melde frå til valstyret i Hemsedal viss dei ynskjer å krevje fritak frå å stille til val.

Endringar i listeforslag etter at innleveringsfristen har gått ut

Det følgjer av valforskrifta at når innleveringsfristen har gått ut, kan forslagsstillarane berre gjere dei endringane på listeforslaget som er nødvendig for å bringe forslaget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova.

Godkjenning av vallistene

Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast 1. juni Seinast same dato skal dei godkjende listeforslaga (dei offisielle vallistene) leggjast ut til gjennomsyn.

Melding til forslagsstillarane

Så snart listene er godkjende må valstyret sende melding til dei tillitsvalde og sende dei ein kopi av det godkjende listeframlegget.

Blir listeforslaget ikkje godkjent må valstyret snarast sende melding til den tillitsvalde om dette og samstundes opplyse om høvet til og vilkåra for å klage.

Klage

Vallova fastset at det er høve til å klage innan ein viss frist for dei som meiner valstyret må gjere om eit vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag. Fristen er 7 dagar frå offentleggjeringa av overskrifta på dei godkjende vallistene. Bakgrunnen for regelen er å førebyggje ugyldige val ved å rette opp eventuelle feil før valet. På den måten vil ein sleppe å gå i uvisse når det gjeld om valet vil bli gyldig eller ikkje.