Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2019

Val til kommunestyre og fylkesting vert halde kvart fjerde år. Brukar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre kommunen og fylket vårt dei neste fire åra.

Kommunestyre- og fylkestingsval

Hausten 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Valdagen er måndag 9.september 2019

Opningstida i vallokalet er klokka 9.00 - 21.00

Hemsedal har ein røystekrins og vallokale på valdagen er Hemsedal Kultursal for alle veljarar.

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du stemme på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på regjeringa sine temasider valg.no

Vallister ved kommunestyrevalet

Valstyret i Hemsedal har i møte 14.5.2019 godkjent listeforslaga under som offisielle vallister ved kommunestyrevalet 2019.

Følgjande parti/grupper stiller liste ved kommunestyrevalet i Hemsedal:

Arbeiderpartiet

Fremskrittspartiet

Hemsedal Bygdaliste

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Fylkestingsvalet

Val til fylkestinget vert halde samstundes med val til kommunestyret, og skal spegle den nye fylkesinndelinga som trår i kraft frå 1. januar 2020.

Valet i 2019 skal haldast som om grenseendringa allereie er gjennomført. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og deling.

Det betyr at innbyggjarane i Akershus, Buskerud og Østfold skal velgje sine representantar til fylkestinget i nye Viken fylkeskommune.

Kva for parti som stiller til val i Viken, og kven som står på listene, kan sjå her:

Godkjende vallister til fylkestingvalet i Viken 2019

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Hemsedal kommune sitt valstyre for perioda 2015 - 2019 har 7 medlemer:

Oddvar Grøthe (Sp) leiar
Kjell Erik Skølt (A) nestleiar
Maria Jartman (H)
Tove Eggen Lien (Sp)
Olav Støyten (KrF)
Petter Owesen (HBL)
Marit Foss (HBL)

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her: sakspapir

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset
3560 Hemsedal

Epost: postmottak@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31408800

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Nina Eikre

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har:

Norske statsborgarar
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gang har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg  

Statsborgarar i andre nordiske land
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret  

Andre utanlandske statsborgarar
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore folkeregisterførte som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Du kan ikkje ha mist stemmeretten etter Grunnlova sin § 53.
For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Hemsedal kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

- Hemsedal folkebibliotek
- Tenestetorget i kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Hemsedal, men du kan ikkje stemme i Hemsedal på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Hemsedal kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan dagen etter valdagen klokka 17.00.
Du kan søkje i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn her:
Søknadsskjema for innføring i manntalet 

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet frå 10.august fram til fredag 6.september.  
Viss du stemmer i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til din kommune. Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på.
Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune. Det same gjeld om du stemmer utanfor fylket ditt i fylkestingsvalet.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Tidlegrøysting

Du kan stemme frå 1. juli viss du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting - opningstider

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 6. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Hemsedal kan du stemme på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid: måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsrøysting same stad:
Laurdag 31.august klokka 10 - 14
Torsdag 5.september klokka 15 - 18

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Bygdaheimen

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar. For bebuarane på Bygdaheimen er det førehandsrøysting måndag 2.september klokka 10.30 - 12.30.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Dersom du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 3.september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset
Hemsedalsvegen 2889,
3560 Hemsedal

Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utanlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå fredag 1. juli. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan dagen etter valdagen 9. september kl. 17. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i eigen kommune - slik gjer du

Bilde av framgangsmåte for røystegjeving frå informasjonsbrosjyre

Endre på stemmesetelen - slik gjer du

Bilde av rettleiing frå informasjonsbrosjyre

Verknaden av rettingar på stemmesetelen og valoppgjer ved kommunestyreval

Fordeling av representantplassane

Ved valoppgjeret skal ein ta utgangspunkt i listestemmetala til vallistene.
Kvar stemmesetel inneheld så mange listestemmer som det er representantar i kommunestyret, i Hemsedal 17 representantar. Følgjande tekst er henta frå KMD si valhandbok:

«Slengjarar»
Har veljaren ikkje ført opp kandidatar frå andre vallister, går alle listestemmene til den vallista som stemmesetelen gjeld. Har veljaren ført opp ein eller fleire kandidatar frå andre lister (såkalla «slengjarar»), taper lista tilsvarande mange listestemmer, mens listene til «slengjarane» tener tilsvarande. Reglane om «slengjarar» og kva dei har å seie, finst i vallova § 10-6 tredje ledd, jf. § 7-2 tredje ledd. 

Skjematisk kan ein seie at ein finn listestemmetalet til kvar liste på denne måten:

  Talet på stemmesetlar gitt for lista x talet på kommunestyrerepresentantar
+ Talet på listestemmer mottekne frå andre lister, ved at kandidatane til lista er førte opp som «slengjarar» på setlane til andre lister
- Talet på listestemmer gitt til andre lister, ved at kandidatane til desse listene er førte opp som «slengjarar» på setlane til lista

Det er likevel berre «slengjarstemmer» til kandidatar som er valbare, som fører til overføring av listestemmer frå ei liste til ei anna.

Vallova § 11-12 første ledd inneheld reglar om fordelinga av representantplassane. Fordelinga skjer på grunnlag av St. Laguës modifiserte metode etter vallova § 11-4.
Listestemmetala vallistene har fått, skal dividerast med 1,4 – 3 – 5 – 7 – 9 osv. Representantplassane blir fordelte til vallistene fortløpande på grunnlag av dei framkomne kvotientane.
Har to lister same kvotient, går representantplassen til den av listene som har størst stemmetal. Har dei same stemmetal, skal plassen fordelast gjennom loddtrekning. Har ei liste fått fleire representantplassar enn lista har valbare kandidatar, skal dei overskytande representantplassane fordelast på dei andre listene etter reglane framfor.

Kandidatkåringa

Kandidatkåringa skjer på grunnlag av § 11-12 andre ledd i vallova.
Kåringa skjer på grunnlag av to faktorar:

1. Stemmetillegg frå partiet
Kandidatar som er oppførte med utheva skrift på stemmesetlane, skal ha eit stemmetillegg tilsvarande 25 % av talet på stemmesetlar som kjem lista til del.

2. Personstemmer frå veljarane
Deretter tel ein dei personlege stemmene som veljarane har gitt til kandidatane. Slike personstemmer kan ein gi på to måtar – som personstemmer til kandidatar på lista etter eller som personstemmer til kandidatar på andre lister («slengjarstemmer»).
Kandidatane som får flest personstemmer samanlagt under 1 og 2, er valde.

Dersom fleire får like mange personstemmer, er rekkjefølgja på den offisielle vallista avgjerande. Kandidatar som ikkje er valbare, skal ikkje reknast med.

Kvar liste skal, i den grad det er mogleg, få tildelt like mange vararepresentantar som lista har av valde representantar + 3.

Informasjonsbrosjyre på fleire språk

Informasjonsbrosjyre for valet hausten 2019 er tilgjengeleg på 16 ulike språk. 
Her er lenke til valg.no

Valresultat Stortingsval 2017

På sida Valgresultat.no finn du oversikt over resultata frå valet 2017

Valresultat kommunestyre- og fylkestingsval 2015

Kommunestyret_2015-2019

Protokoll for Kommunestyrevalet i Hemsedal 2015

Kandidatoppgjer

Slengjaroppgjer

Valresultat Stortingsval 2013

På Kommunal- og regionaldepartementet finn du oversikt frå valet 2013.  

Valresultat kommunestyre- og fylkestingsval 2011

Her er oversikt over resultatet av Kommunestyrevalet 2011 i Hemsedal.

Mandatfordeling i Hemsedal

Stemmefordeling i Hemsedal

Sjå valresultatet presentert på Kommunal- og regionaldepartementet sine websider.

Resultat for Hemsedal i fylkestingsvalet i Buskerud finn du her