Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rettleiing til skjema for innlevering av listeforslag

Forslaget må ha ei overskrift som nemner det parti eller den gruppa som har fremja forslaget. Viss listeforslaget er fremja av eit registrert politisk parti, skal overskrifta vere einslydande med partiet sitt registrerte namn. Registrerte politiske parti kan velje om partiet sitt namn skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Forslaget må og nemne kva valdistrikt det gjeld for og kva for val.

Det må stå kva for kandidatar som stiller til val på lista. Kandidatane skal vere oppført i rekkefølgje med fornamn, etternamn og fødselsår.

Ved kommunestyreval skal listeforslaget vere utfylt med minimum 7 kandidatar. I Hemsedal maksimum 23 kandidatnamn.

Ved kommunestyrevalet i Hemsedal kan inntil 4 av dei øvste kandidatane på listeforslaget gjevast eit stemmetillegg.

Namn (fornamn, etternamn) på kandidatar som skal ha stemmetillegg skal uthevast ved å bruke store bokstavar/kursiv/feite typar. Namn på andre kandidatar skal skrivast på vanleg måte.

På stemmesetlane er namn avgrensa til maksimalt 35 teikn (inklusiv mellomrom). Det vil derfor vere ein fordel å oppgje korleis namn som er lengre enn 35 teikn skal framstå på stemmesetelen.

Registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2013 anten fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller minst 5 000 stemmer på landsbasis, eller er blitt registrert i Partiregisteret etter stortingsvalet 2013, kan stille valliste ved kommunestyrevalet 2015 etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeforslaget.

For desse er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av to styremedlemer i partiet sitt lokallag. Underskrivarane må ha stemmerett i kommunen.

Hugs og å sende inn vedlegga som skal følgje listeforslaget.

Frist for innlevering er klokka 12 den 31.mars i valåret.