Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Personvernerklæring

Erklæringa skal gje informasjon om korleis Hemsedal kommune behandlar personopplysningar og kva rettar registrerte har.
Det er behandlingsansvarleg som avgjer føremålet med behandlinga av personopplysningar og som er ansvarleg for at personopplysningslova og personopplysningsforskrifta vert fylgde. I kommunen er det rådmannen som er behandlingsansvarleg.

Personopplysningslova


Personvernerklæringa følger føresegnene i Lov om behandling av personopplysningar med tilhøyrande forskrift. Les meir om personvern på nettsidene til Datatilsynet.

Personvern og teieplikt

Tilsette i Hemsedal kommune pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til personlege opplysningar om deg.

• Vi sikrer at berre tilsette med tenestleg behov får tilgang til dine personopplysningar.
• Vi sikrer at opplysningane ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som har autorisasjon.
• Vi sikrer at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre våre oppgåver og gje deg ei best mogleg teneste.

Føremålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar du fyller inn i skjema, oversendast elektronisk til Hemsedal kommune. Kommunen må samle inn desse opplysningane for å saksbehandle førespurnaden din. Hemsedal kommune ynsker å gje deg eit digitalt svar på førespurnaden din. For at me skal vere sikre på at du som mottek svaret er rett person, blir du beden om å fylle inn fødselsnummer i våre skjema. Alle personopplysningar vil bli behandla fortruleg og vil berre bli nytta til saksbehandling av den aktuelle saka. Fødselsnummer vil aldri syne på offentleg tilgjengelege dokument.

Samtykke

Om du er einig i at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring av innsamla data om deg. Samtykket gjeld som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og for behandling av opplysningane. Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengelege for Hemsedal kommune, før du sender inn søknaden. Når du har sendt inn søknaden, har du samstundes samtykka i at Hemsedal kommune kan motta og lagre desse opplysningane.

Unnlate samtykke

Om du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. Då må du ta kontakt med tenestetorget for å avtale ei manuell løysing.

Rett til innsyn og sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å få vite kva for personopplysningar vi har om deg, kva dei nyttast til og korleis dei er innhenta. Dette gjeld både manuelle og elektroniske registre. Om du finn at opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane retta eller sletta, såframt det føljer norsk lov.

Denne tenesta er gratis og du skal få svar innan 30 dagar. Vi rettar eller sperrer opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje om opplysningane skal oppbevarast i henhold til anna lovgiving, til dømes arkivlova eller reknekapslova.

Vidareformidling

Kommunen skal ikkje selje, bytte eller vidareformidle informasjon om deg til tredjepart utan at du har samtykka til dette.

Sikker dataoverføring

Alle opplysningar som overførast mellom di datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon.

Nytting av cookies på kommunens nettsider

Ein cookie er ei lita tekstfil som legg seg i internminnet på nettlesaren din. Den gir oss statistikk som vi nyttar til å gjere nettsidene og dei digitale tenestene betre for brukarane våre. Til dette nyttar me analyseverktøyet Google Analytics.

Meir om informasjonskapslar/cookies

Personvernombod

Hemsedal kommune har Personvernombod som du kan kontakte om du har spørsmål om kommunen si behandling av personopplysningar. Personvernombodet skal jobbe for at personvernet ivaretakast på ein god måte, både for tilsette og innbyggjarar.

Personvernombod:
Pia Rørby Ruud
epost: personvernombudet@hemsedal.kommune.no 
Tlf: 31 40 88 11