Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Folkerøysting

Rådgjevande folkerøysting om målform i grunnskulen i Hemsedal

Valprotokoll for rådgjevande folkerøysting i Hemsedal kommune
om skrifleg målform i grunnskulen - 2021

Valprotokoll.pdf

 

Rådgjevande folkerøysting om skulemålet i Hemsedal kommune

Hemsedal kommune skal hausten 2021 gjennomføre rådgjevande folkerøysting om skulemål ved den nye sentralskulen. Den rådgjevande folkerøystinga skal avklare innbyggjarane si meining om kva målform som skal nyttast i Hemsedal sin nye sentralskule.

Folkerøystinga vert gjennomført samtidig med Stortingsvalet den 13.september. Det er høve til å røyste på førehand i same periode som til Stortingsvalet.
Ver merksam på at stemme til folkerøystinga gjevast samstundes med stemme til Stortingsvalet viss du har røysterett ved båe val.

Stemmerett, stemmesetel, reglement, sakspapir

Klikk her for å lese om kven som har stemmerett, og sjå stemmesetel, reglement og sakspapir

Målform i dag

Hemsedal kommune sitt administrasjonsmål er nøytralt. Hemsedal kommune sitt føretrekte mål ved offentleg forvaltning skal vere nynorsk.
Hemsedal kommune sitt tenestemål er nynorsk
Målforma i grunnskulen er nynorsk, medan dei seinaste 5-10 har bokmål har vorte dominerande.

Fakta om målformer i grunnskulen

Val av hovudmål er regulert i Opplæringslova §2-5 Målformer i grunnskolen

Kven bestemmer kva målform det skal vera i skulen?

Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane.
I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Korleis blir hovudmålet nytta?

Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet. 

Kva skjer med dei som ynskjer eit anna hovudmål enn det kommunen har bestemt?

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved. 

Kva skjer om eg flytter til ein annan kommune med ei anna målform?

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er. 

Skal ikkje alle elevar lære både nynorsk og bokmål?

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring. 

Litt skriftspråkhistorie frå Hemsedal

Hemsedal ligg i det vi gjerne kallar randsona for nynorskens område, dvs. område av landet der nynorsken står svakt, men der ein kjenner godt til ein nynorsk tradisjon.
Hallingmålet ligg tett opp til nynorsk skriftspråk, men som mange andre stader, har «austnorsk» i stor grad vorte barn og unge i Hemsedal sitt talemål.
Fram til 1938 var riksmål, i all hovudak, skriftforma i Hemsedal. Etter skulemålsvalet i 1939 vart nynorsk innført som skulemål. Rett nok fekk elever som hadde starta i skulen før den nye ordninga vart innført, halde fram med å få skrive riksmål. I to av i dei i alt 8 skulekretsane stemde fleirtalet for å innføre riksmål. Heradsstyret tok omsyn til fleirtalet av skulekretsane og vedtok nynorsk som skulemål.
Nynorsk vart i 1973 innført som administrasjonsspråk i Hemsedal kommune etter vedtak i kommunetyret. Med tilvising til dette vedtaket vart dei tilsette og dei folkevalde pålagde å bruke nynorsk som skriftsspråk i tenesta.
Kommunestyret vedtok 1.11.2018 gjeldande administrativ målform.

Bli med på folkemøte 18.august

Hemsedal kommune byr inn til digitalt folkemøte på Teams 18.august klokka 18. Gode og inspirerande representantar frå nynorsk- og bokmålsida deltek for å skape engasjement om valet. 
Me oppfordrar alle hemsedøler til å engasjere seg, og søke god informasjon om fordeler ved begge målformene.

Klikk her for å delta i møtet

Innlegg frå Noregs Mållag og Riksmålsforbundet

Innlegg frå Noregs Mållag - val av målform i skulen

Innlegg frå Riksmålsforbundet - val av målform i skulen