Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skal du søkje om dispensasjon?

Skal du søkje om dispensasjon?

Dispensasjon er ei særskilt løyve gitt på bakgrunn av ein skriftleg søknad om varig eller midlertidig å kunne fråvike føresegner i plan‐ og bygningslova, tilhøyrande forskrift eller vedtekt, kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplaner og føresegner.

 

Vilkår for dispensasjon

Ifølgje plan og bygningsloven §19‐1 kan det søkjast om dispensasjon. Ein søknad om dispensasjon skal vera grunngjeve og følgjande vilkår må vera oppfylt for å kunne gje dispensasjon:

  • Omsynet bak føresegna det vert dispensert frå, eller omsynet til lova sin føremålsparagraf, må ikkje bli vesentleg tilsidesett.
  • I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

 Ved dispensasjon skal det også leggast særleg vekt på konsekvensar for helse, miljø, jordvern, sikkerheit og tilgjengelegheit.

 

 Korleis søkje om dispensasjon

Når tiltakshavar/søkjar ønskjer å gjennomføre eit tiltak i strid med plan‐ og bygningsloven eller planer, må han søkje om dispensasjon. Søknad med grunngjeving og nabovarsel sendast til kommunen. Kopi av søknad skal følgje nabovarsel. Det må merkast av på nabovarselet og gjenpart av nabovarselet at det vert søkt om dispensasjon.

 

Skjema for søknad om dispensasjon