Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kunngjeringar og sakar/planar til høyring

Kunngjeringar/saker til høyring

Kommuneplan - offentleg ettersyn av arealdelen

I samsvar med § 11-14 i plan- og bygningslova vart det i møtet den 12. juni 2018 i sak 37/18 gjort vedtak om utlegging av arealdelen av kommuneplan for Hemsedal kommune til offentleg ettersyn.

 Planen femnar om heile kommunen med unntak av kommunedelplan for Lykkja. Arbeidet har vore avgrensa til revisjon av vedteken plan. Oppbygginga av plankart og områdenummer frå vedteken plan er vidareført. I konsekvensutgreiinga er dei ulike områda gjeve eigne nummer. Det er gjort for å forenkle konsekvensutgreiinga og unngå mistydingar. I eige vedlegg til konsekvensutgreiinga er det både oppgjeve områdenummer som er nytta i konsekvensutgreiinga og områdenummer nytta på plankartet.

Folkemøte

Det vert ope folkemøte i september 2018. Informasjon om ope folkemøte vert lagt ut på heimesida til kommunen.

Planframlegget

Planen femnar om plankart, planomtale, konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Desse dokumenta samt politiske saker er tilgjengelege på heimesida til kommunen www.hemsedal.kommune.no/kunngjeringar. Der ligg og alle dei politiske sakene som har vore handsama i samband med denne revisjonen.  

Ein har valt å framstille arealbruken på 2 plankart. Plankart 1 har hovudvekt på arealbruk, medan plankart 2 har hovudvekt på omsynssoner – faresoner avgrensa til aktsomheitsområde.

Planframlegget med tilhøyrande dokument er lagt ut på heimesida, Tenestetorget og biblioteket i perioden 20. juli – 21 september 2018. Dersom du ønskjer papirutgåve av planframlegget eller har spørsmål, ta kontakt på telefon 31408800 eller på e-postadressa postmottak@hemsedal.kommune.no.

Innspel

Merknader til planen må sendast skriftleg til Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal eller til postmottak@hemsedal.kommune.no, innan 21. september 2018.

Gå til planarkivet for å lese dokument på sak og sjå oppdaterte føresegner, skriv 2016007 i søkefeltet.

Bakkestølane - vedtak av detaljreguleringsplan

I møte 21.6.2018, sak 46/18 vedtok Hemsedal kommunestyre detaljreguleringsplan for Bubakken med heimel i plan- og bygningslova si §§ 12-4 og 12-12.

Gå til planarkivet for å lese dokument på sak og sjå oppdaterte føresegner, skriv 2013002 i søkefeltet.

Bubakken - vedtak av detaljreguleringsplan

I møte 21.6.2018, sak 45/18 vedtok Hemsedal kommunestyre detaljreguleringsplan for Bubakken med heimel i plan- og bygningslova si §§ 12-4 og 12-12.

Gå til planarkivet for å lese dokument på sak og sjå oppdaterte føresegner, skriv 2011007 i søkefeltet.

 

Trøym Sentrum - offentleg ettersyn og høyring av detaljreguleringsplan

Hovudutval Plan og Ressurs gjorde i sak 43/18 den 21.juni 2018 vedtak om leggje planframlegg for Trøym sentrum (planID 2017009) ut på høyring og offentleg ettersyn.

Planframlegget ligg til gjennomsyn på internettadressa www.hemsedal.kommune.no/kunngjeringar samt i papir på kommunehuset og biblioteket. Innspel må sendast skriftleg til Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal eller postmottak@hemsedal.kommune.no, innan 1. september 2018.  Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat eller tenestetorget.

Gå til planarkivet for å lese dokument på sak, skriv inn 2017009 i søkefeltet.

Ny avgrensa høyring av del av Hemsedal Fjellandsby II

Planframlegg for Hemsedal Fjellandsby II låg ute på høyring og offentleg ettersyn i perioden 12.7.2017-1.9.2017. Planen blei deretter vedteke 1.2.2018 (vedlegg 3), med endring i plankartet. Endringa blei ikkje lagt ut på ny høyring for berørte naboar før endeleg vedtak. Dette kom det i ettertid klage på, og kommunen sender no endringa ut på høyring.

Høyringsbrev.pdf

Vedlegg 1.pdf

Vedlegg 2.pdf

Vedlegg 3.pdf

Vedlegg 4.pdf

Vedlegg 5.pdf

Vedlegg 6.pdf

Detaljregulering fritidsbebyggelse F7 Lykkja - oppstart av planarbeid

Det vert med dette varsla om igangsatt planarbeid for detaljreguleringen av område F7 i kommunedelplan for Markegardslia - Lykkja, jfr. pbl. § 12-8. Formålet med planarbeidet er å regulere området til fritidsbebyggelse. Planområdet ligger sør for fv. 223, like nord for Storvatnet i Markegardslia-Lykkja.

Gjeldende føringar for planområdet finn man i kommunedelplan for Markegardslia-Lykkja, PlanID 2012013 (vedtatt 18.06.2015). Området F7 er ellers uregulert, ubebygd, og uten adkomstveg.

Gå til planarkivet for å lese dokument på sak, skriv inn 2017006 i søkefeltet

Vassforsyning, avløp og vassmiljø 2018-2030

Kommunedelplan for vassforsyning, avløp og vassmiljø 2018-2030 lagt ut til offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 11-4, har Hovudutval for plan og ressurs i sak 26/18 og 27/18 vedteke å legge følgjande planforslag ut til offentleg ettersyn:

• Hovudplan for vassforsyning 2018 – 2030
• Hovudplan for avløp og vassmiljø 2018 – 2030

Merknader til planforslaget vert å sende Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal (e-post: postmottak@hemsedal.kommune.no) innan 8. juni 2018.

Hemsedal Fjellandsby F1 - vedtak av reguleringsplan

I møte den 1.2.2018, sak 3/18 vedtok Hemsedal kommunestyre detaljreguleringsplan for Hemsedal Fjellandsby F1 med heimel i plan- og bygningslova si §§ 12-4 og 12-12.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå oppdaterte planføresegner, skriv inn 2016002 i søkefeltet 

Skarsnuten - vedtak av reguleringsplan

I møte den 5.4.2018, sak 26/18 vedtok Hemsedal kommunestyre detaljreguleringsplan for Gangvge/turveg Holdebakken-Tuv med heimel i plan- og bygningslova si §§ 12-4 og 12-12.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå oppdaterte planføresegner, skriv inn 2012014 i søkefeltet

Hemsedal Fjellandsby II - vedtak av reguleringsplan

I møte den 1.2.2018, sak 4/18 vedtok Hemsedal kommunestyre detaljreguleringsplan for Hemsedal Fjellandsby II med heimel i plan- og bygningslova si §§ 12-4 og 12-12.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå oppdaterte planføresegner, skriv inn 2016004 i søkefeltet

Reguleringsplan for Totteskogen - oppstart av planarbeid

REVIDERING AV REGULERINGSPLAN FOR NY NEDFART OG TOTTESKOGEN OG BRUHAUG CAMPING

Det vert med dette varsla om igangsett arbeid med endring av reguleringsplan for Totteskogen og ny nedfart Trøim sentrum (planid 2009004) med utviding i nordaust med Bruhaug camping.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for vidare utvikling, i tråd med Hemsedal kommunestyret sitt vedtak i sak 31/17.

Totten Utvikling AS i sambarbeid med Skistar AS er oppdragsgjevar for arbeida.

Grunneigarar og naboar vert varsla direkte. 

Merknader til planarbeidet kan sendast til Hallinglos AS v/ Ragnhild Halbjørhus, Granvegen 7, 3560 HEMSEDAL eller e-post ragnhild@hallinglos.no  innan 01.3.2018

Innspill får veien videre.pdf

Områdeplan Trøym vest føringar for vidare planarbeid i området.pdf

Varslingsbrev.pdf