Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommuneplanar, reglement og retningsliner

Planstrategi

Kommunal planlegging skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver og er eit lovbestemt arbeid etter plan- og bygningsloven § 10-1. Formålet er å tydeleggjera kva for planoppgåver kommunen bør starte opp eller føre vidare for å leggje til rette for ei ynskt utvikling i kommunen. Planstrategien skal byggje på oversikten over helsetilstand i kommunen og dannar grunnlaget for utarbeidinga av kommuneplan og vidare økonomiplan, som fordeler midlar der behovet og prioriteringane er størst.

Kommunal planstrategi 2020-2023 er nå lagt ut til offentleg høyring. Alle sentrale dokument finn du under  Offentleg ettersyn og høyring av planar

Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsdokument og gjev rammer for utvikling av samfunnet i Hemsedal og forvaltning av ressursane. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skildrar ynskja utvikling i kommunen. Målsettingar og strategiar frå samfunnsdelen vert konkretisert i arealdelen gjennom juridisk bindande arealforvaltning og økonomiplanen.

Kommuneplan - samfunnsdel 2019-2030

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteken den 07.05.2020, K-sak 52/20. Mål og strategiar i planen gir grunnlag for samarbeid og handling for samfunnsutvikling. Samfunnsdelen vil være eit viktig reiskap for utviklinga i Hemsedal kommune og inneheld kommunen sin visjon og overordna mål fram mot 2030.

Kommuneplan - samfunnsdel 2019-2030

Kommuneplan - arealdel 2018-2030

Kommuneplanen sin arealdel vart vedteken den 06.12.2018, K-sak 93/18. Planen femnar om heile kommunen med unntak av kommunedelplan for Markegardslia - Lykkja. Arbeidet med planen har vore avgrensa til revisjon av vedteken plan. Det er komme mange innspel til både varsel om planoppstart og ved offentleg ettersyn og høyring. Desse er vurdert i planprosessen.

Gå til planarkivet for å lese plandokument, skriv inn 2016007 i søkefeltet.

Beredskapsplan

Beredskapsplanen gjer greie for korleis kommunen si overordna leiing skal organisere seg i kriser og korleis kommunen skal leie innsatsen sin i krisesituasjonar.

Beredskapsplan

Kommunedelplanar - tema

Tematisk kommunedelplan er ein plan for eit bestemt tema eller verksemdsområde. Den skal definere mål og strategiar bygget på dei langsiktige måla angitt i kommuneplanen. Planprosessen ved utarbeiding av kommunedelplan må følgje plan- og bygningsloven og skal ha ein handlingsdel som rullerast årleg.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet - 2018-2021

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vart vedteken den14.12.2017, K-sak 92/17. Planen skal vere eit nyttig verktøy for å planleggje/styre utbygginga av anlegg og område for idrett og friluftsliv.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2018 - 2021

2018 Prioritert handlingsprogram

2018 Uprioritert handlingsprogram

Anleggsoversikt 2017

Idrettsplan kart 2017

Hovedplan VA 2018 - 2030

Kommunedelplan - Hovedplan VA, vedteken 25.09.2018, består av Hovedplan for vannforsyning (HPV) og Hovedplan for avløp og vannmiljø (HPA). Den gir ein status, og peikar på utfordringar og behov rundt vassforsyning og handtering av avløp i Hemsedal kommune.

HPV

HPA

Energi og klimaplan 2019 - 2022

Kommunestyret vedtok i møte 12.11.2018 Energi- og klimaplan for Hemsedal kommune 2019-2022. Planen får status som kommunedelplan.

Plandokument

Vedlegg 2

Vedlegg 3

Kommunedelplanar - areal

Kommunedelplan for ein bestemt del av eit geografisk område er ein overordna plan, som kan vere meir detaljert enn kommuneplanen sin arealdel.

Kommunedelplan for Markegardslia-Lykkja 2015-2027

Gå til planarkivet for å lese plandokument, skriv inn 2012013 i søkefeltet.

Fag- og temaplanar

Trafikktryggleiksplan 2020-2023

Trafikktryggleiksplanen, vedteke 30.01.2020 K-sak 8/20, skal leggja grunnlaget for å utvikle systematisk og målretta trafikktryggleiksarbeid i Hemsedal med fokus på skulenære områder. Handlingsprogrammet med tiltak vert revidert årleg.

Som vegeigar har Hemsedal kommune ansvar for trafikktryggleiken langs kommunale vegar, og vidare at det blir jobba for å betre trafikktryggleiken i kommunen også langs fylkes og riksveger (Statens vegvesen sitt ansvar).

Trafikktryggleiksplan Hemsedal kommune 2020-2023 K-Sak 08-2020.pdf

 

Stig- og løypeplan 2015-2018 

Stig- og løypeplanen, vedteke den 09.10.2014, K-sak 64/14 skal leggjast til grunn for all planlegging, og stigar og løyper skal sikrast med eigen arealkategori i alle arealplanar og forvaltningsoppgåver. Planen er kommunens viktigaste reiskap når det gjeld drift og vedlikehald av stigar og løyper. Handlingsprogrammet med tiltak vert revidert årleg.

Gå til planarkivet for å lese dokument og sjå kart, skriv inn  2013008 i søkefeltet

 Avtaleskjema:

  1. Standard grunneigaravtale
  2. Intensjonsavtale om kommersielle aktivitetar i utmark
  3. Avtale om tilrettelegging for ferdsel med hest
  4. Avtale om tilrettelegging av aktivitetsplassar i utmark

Nyttige lenker finn du her: Friluftsliv

 

Beitebruksplan 2018-2022

Hemsedal kommunestyre vedtok den 21.6.2018 i sak 40/18 Beitebruksplan.

Beitebruksplan Hemsedal kommune 2018 - 2020 Vedtatt 21.06.2018.pdf

Oversiktskart beitekvalitet med beiteområder.pdf

Oversiktskart beiteområder med kommuneplan.pdf

Oversiktskart beiteområder, dagens beitebruk, installasjonar m.m..pdf

 

Strategisk Næringsplan 2016-2022

Hemsedal kommunestyret vedtok den 18.06.2015 i sak 27/15 Strategisk næringsplan 2016-2022.

Strategisk næringsplan

 

Forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv- og naturvernområde

Fylkesmannen i Buskerud har godkjent Hemsedal kommune sitt forslag til forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv - og naturvernområde.

Planen gjeld i 5 år, fra og med 2013 - 2018, og er naudsynt for kommunen å ha når det skal søkjast om midler for vidare tilretteleggingstiltak. Det er Buskerud fylkeskommune som tildeler midlar til statleg sikra friluftsområder.

Forvaltningsplan for Rjukandefossen friluftsliv- og naturvernområde

 

Regionale- og interkommunaleplanar

Plan for skilting og skjøtsel av kulturminner i Buskerud 2012-2022

Planrapport

 

Regional plan for Nordfjella med Raudafjell

Fylkestingene i Buskerud, i Hordaland og i Sogn og Fordane vedtok 11.12.juni 2014 Regional plan for Nordfjella med Raudafjell.

Regionalplan for Nordfjella med Raudafjell

Planrapport

Plankart

 

Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres

Overordna mål i energi og klimaplanen:

  • Klimagassutsleppa i Hallingdal og Valdres skal pr årsinnbyggjar reduserast med 5 % innan 2010, med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2030 i høve til utsleppa i 2006.
  • Det er mål om 15 % reduksjon i energibruk pr. m2 i bygg basert på el og olje, innan 2012. Tilsvarande 20 % reduksjon i 2020.

Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres

 

Rettningsliner, reglement og anna

Alkoholpolitiske retningsliner

Kommunestyret vedtok i sak 70/20 den 18.06.2020 alkoholpolitiske retningsliner for Hemsedal kommune for perioden 2020- 2024.

Alkoholpolitiske retningsliner Hemsedal 2020- 2024

 

Målbruksplan 2019-2022

Vedteken Målbruksplan 2019 - 2022 K-sak 54-19.pdf

 

Kulturmelding 2011

Kulturmelding Hemsedal kommune vedteke des 2011

 

Delegeringsreglement

Delegeringsreglement var vedteke i kommunestyret den 05.04.2018, sak 21/18.

Delegeringsreglement

 

Forskrift for avfallsbehandling

Forskrift for avfallsbehandling