Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommuneplan for Hemsedal - Samfunnsdelen 2019-2030

Barn i huske

Høyringsframlegg Samfunnsdel vedtak 05092019 k-sak 49

Resultat innbyggerundersøkelse Hemsedal juni 2019

Resultat innbyggerundersøking juni 2019 - kommentarer

 

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skal gi retning for utvikling av kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen er kommunens viktigste plan, og skal leggje føringar for alle andre planar i kommunen.

 

Hemsedal kommune varslar med dette offentleg ettersyn av kommuneplanen sin samfunnsdel.
Varslet vert annonsert i Hallingdølen i veke 39.

I medhald av plan og bygningslova § 11-14 har kommunestyret i K-sak 49/19 vedteke å legge framlegg til ny samfunnsdel ut på høyring. Ingen av partane får dokumenta tilsendt i papirformat.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er tilgjengeleg på Hemsedal kommunehus, i tenestetorget, på Hemsedal bibliotek og på våre heimesider – www.hemsedal.kommune.no

Kommunen ønsker innspel og idéar fra innbyggarar i planprosessen og inviterar til deltaking. Innspel sendast skriftleg til Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal eller postmottak@hemsedal.kommune.noinnan 1. november 2019.  Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat eller tenestetorget.