Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Reguleringsplanar

Planen avgjer

Ein reguleringsplan er eit av dei viktigaste dokumenta som avgjer kva ein eigendom kan nyttast til. Reguleringsplanar er grunnlag for både løyve og avslag. Derfor er det viktig å ha kontroll på reguleringsplanane, det er ofte dei som er avgjerande i forvaltning og evt. utvikling av eigedomen din. Dei seier også noko om kva som kan komme til å skje på naboeigedomen og i planområdet generelt. Ta deg derfor tid til å lese dokument du får tilsendt i samband med varsel om oppstart av planar, og ikkje minst når dei er sendt ut til høyring og offentleg ettersyn etter 1.gongs behandling. Det er då det er mogleg for deg å gi din meining ved å sende merknad/innspel. Desse vert vurdert i neste steg - 2. gongs behandling med påfølgjande vedtak av planen i kommunestyret. Frå det tidspunktet er planen rettskraftig. Det vil seie at den avgjer framtidig bruk av eigedommar innanfor planområdet. Den seier ofte noko om kva, kor stort og høgt du kan byggje. Det kan òg vere nokre vilkår som gjer at du ikkje kan byggje, eller nytte eigedommen før andre vilkår er gjennomført.

Ta deg derfor tid til å lese dokumentet, for det som står der kan ha stor betyding for deg og din eigedom!

Kommunekart

For å finne ut kva reguleringsplan som gjeld i eit område kan du slå opp i Kommunekart.

ikon-link

Planarkiv

Dersom du veit namnet eller ID-nummeret til planen kan du slå opp i planarkivet vårt for å leite fram riktig plan. 

Planarkivet

Planarkivet innheld alle reguleringsplanane i Hemsedal (både gamle planar som ikkje gjeld lenger, gjeldande planar og planar under arbeid). Planar som er ute til høyring finn du under  Offentleg ettersyn og høyring av planar

Rettleiing

For spørsmål, rettleiing eller hjelp, ta kontakt med planavdelinga: plan@hemsedal.kommune.no