Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Faktura 2022

Kommunale eigedomsavgifter vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på en enkel måte seie at kommunen skal fakturere abonnentane for dei utgiftene kommunen har på vatn, avløp, renovasjon m.m.

Årsoppgjer vassmålar:
Alle abonnentar som er kopla på offentleg vatn- og kloakknett betalar eit fastledd.

Forfallsdatoar for kommunale gebyr:

Ved 2 fakturaer i året - forfall 20. april og 20. oktober.                                                                                                                          Ved 4 fakturaer i året - forfall 20. april, 20. juli, 20. oktober og 20. desember.

Frå 2022 kan  me tilby å dela opp faktura i 4 terminar. OBS: du vil då få faktura digitalt 4 gonger i din nettbank. Vanleg papirfaktura vil då utgå.

Fleksibel terminhåndtering - oppdeling av faktura

Unntak er vassmålarleige og avrekning av vassforbruk 2021 som berre kjem på fyrste halvår. Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk, sjå forklaringar knytt til fakturalinjene under:

Avlest vatn/kloakk.

Dette er ein avrekning av vatnet og kloakken du har brukt i 2021. Kommunen har lagt innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekninga. Om du ikkje har sendt inn vassmålarkort har kommunen stipulert eit antatt forbruk.

Forskot vatn/kloakk.

Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og kloakk for å fordele avgifta på heile året, og ikkje berre ei stor avrekning ein gong i året.

Frådrag innbet.vatn/kloakk.

Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før. Om du hadde eit høgt vassforbruk i 2020 så vart forskotet satt tilsvarande høgt i 2021. Det får kunden då attende til frådrag på fakturaen 1. halvår 2022. Nytt forskot for 2022 vert basert på avlesing av vassforbruket i 2021.