Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ein nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftelsen vart oppretta i 2003 av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning.

Meir informasjon om Miljøfyrtårn kan du lese her: www.miljofyrtarn.no

Miljøfyrtårnarbeidet i Hemsedal kommune

Hemsedal kommune vedtok å innføre Miljøfyrtårnprogrammet i 2008, og i 2009 vedtok kommunen vidare at alle kommunale verksemder skulle verte sertifisert som Miljøfyrtårn. Hemsedal kommunehus vart sertifisert som miljøfyrtårn i 2009 og i åra etter vart HBU, Ulsåk oppvekstsenter, Tuv oppvekstsenter, Legekontoret og Bygdaheimen sertifisert som miljøfyrtårn. 

Innføring av Hovedkontormodellen

Hovedkontorkravet forankrar miljøstyringssystemet på hovedkontoret og i hele verksemda, og avklarar kva for prosessar og miljøkrav som vert oppfylt av hovedkontoret (eksempel kommunehuset) og ikkje av den enkelte underliggande eining (eksempel barnehage). Hovedhensikta med denne modellen er å få eit kvalitativt best mogleg utbytte av Miljøfyrtårn i heile verksemda. 

Hovedkontoret (Hemsedal kommunehus) vart sertifisert 18. november 2022 - jfr. beslutningsnotatet. 

Årlig rapportering klima og miljø

Klima og miljørapport 2022 - Bygdaheimen Hemsedal kommune.pdf

Klima og miljørapport 2022 - Hemsedal kommune Helsesenteret.pdf

Klima og miljørapport 2022 - Hemsedal kommune kommunehuset.pdf

Klima og miljørapport 2022 - Hemsedal skole.pdf 

Klima og miljørapport 2022 - Ulsåk oppvekstsenter.pdf

Klima og miljørapport 2022 - Tuv barnehage.pdf

 

Miljøfyrtårn i privat sektor

Fleire små og mellomstore verksemder i Hemsedal er også sertifiserte som miljøfyrtårn. Per nå er det 11 stk. 

Meir informasjon om desse verksemdene finn du her Avansert søk virksomheter - Stiftelsen Miljøfyrtårn

 

Meir informasjon om energi og klimaregnskap