Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Langtidsplass

Langtidsopphald på sjukeheim er ei heildøgns buform for personar som har trong for omfattande og tverrfagleg pleie, og som er heilt avhengige av praktisk og personleg hjelp for å klara daglege gjeremål. Opphaldet skal dekkje behovet for heildøgns pleie og omsorg, og er i nokre tilfelle ei permanent løysing fram til livets slutt.

Kriteriar for tildeling

Grundig kartlegging og vurdering må utførast for å koma fram til om langtidsopphald er riktig omsorgsnivå for den enkelte.

Føresetnader:

  • Alle andre alternative tenester er vorte vurdert og/eller prøvd utan noko særleg effekt.
  • Brukar med somatisk helsesvikt og/eller demensdiagnose, som har behov for omfattande medisinsk behandling som ikkje kan ytast i heimen.
  • Brukar med omfattande døgnkontinuerlig behov for pleie og omsorg, som ikkje kan oppfyllast tilstrekkeleg i eigen heim eller annan tilpassa bustad.
  • Brukar som er varig ute av stand til å ta vare på eiga helse og meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.
Kva får du?

Tenesta vert tildelt for ein lengre periode eller som eit opphald livet ut.

  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Medisinsk behandling, pleie og tilsyn som ikkje krev sjukehusinnlegging.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • Brukarane får individuell pleie, behandling, tilsyn og rettleiing, der målet er at dei skal greie seg mest mogeleg sjølv.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester, skal få tilbod om å få utarbeidd ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1.
  • Fri transport til behandling hjå spesialisthelsetenesta.
  • Fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.
Vederlag/kva kostar det?

For langtidsplass blir vederlaget er rekna ut etter inntekt. Du betalar 75 % av grunnbeløpet og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt frå.

Lovgrunnlag

Langtidsopphald er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §3-2 punkt 6, bokstav c.

Vederlag for opphaldet er heimla i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 4, jf. helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Søknadsskjema - elektronisk

Søknadsskjema - utskrift

 

 

Kontaktinformasjon

Hemsedal Bygdaheim Tlf: 31 40 88 60

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Virksomheitsleiar helse- og omsorg Henrik Thorset (epost)

Avdelingsleiar Hemsedal Bygdaheim Hege Owesen (epost)

Avdelingsleiar Heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)

Konsulent Marianne Brenno Nygård (epost)

Helse og omsorgsjef  Anita Foss Midlang (epost)

Kvalitet - og fagutvikler Elise Jakobsen (epost)