Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kreftkontakt

Kreftkontakten skal vere tilgjengeleg for kreftpasienter, pårørande og helsepersonell.

Kreft fører ofte til store endringar i livet. Tankar og uro rundt behandling, økonomi og praktiske utfordringar er vanleg. Når eit menneske får kreft påverkar dette også dei pårørande. Familiens liv påverkast sosialt og følelsesmessig.

I ulike behandlingsfasar, i livssituasjonen generelt kan det vere behov for ein kontaktperson i kommunen. Kreftkontakten skal vere tilgjengeleg for kreftpasientar, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle i Hemsedal kommune.

Kreftkontakta kan hjelpe til med
  • Informasjon knytt til behandling, diagnose, rehabilitering, lindring og omsorg ved livets  slutt
  • Råd, rettleiing, informasjon og støtte til pasientar og pårørande
  • Samarbeid med heimesjukepleie, fastlege, sjukehus og andre fagpersonar
  • Kreftkontakten kan vere eit bindeledd mellom kommunen og sjukehuset, og kan da bidra til heilskapleg kreftomsorg
  • Heimebesøk hos pasient og pårørande for samtale og rettleiing
  • Oppfølging og samtale med barn og unge som er pårørande

Kontaktinformasjon

Kreftkontakt Liv Marit Gran kan treffast på telefon måndagar klokka 08.00 - 15.30 på telefonnummer 959 86 417. Du kan sende sms viss du ikkje får svar eller send e-post til  liv.marit.gran@hemsedal.kommune.no

For anna samarbeidande helsepersonell kan det sendast e-link eller PLO (pleie- og omsormsorgsmelding) til Hemsedal kommune.