Det er eit mål å leggje til rette for at brukarar som ynskjer å bu lengst mogleg i heimen skal kunne gjere det.
Kvifor?
- Brukar vert buande heime med nødvendig helsehjelp og får ivareteke grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.
- Førebyggja behov for heildøgns bustadtilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan få bu lengst mogeleg i eigen heim. Brukar vil kunne få rettleiing og opplæring som gjer at vedkommande i størst mogeleg grad vert sjølvhjelpen i forhold til dagliglivet sine ulike gjeremål.
- Den som mottar tenesta skal klara mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp.
Kriterier for tildeling
Helsetenester i heimen vert tildelt dei som oppheld seg i kommunen og som fyller vilkåra for å få nødvendige helse- og omsorgstenester. Tenesta vert tildelt for å hjelpe den som av fysiske og/eller psykiske orsaker ikkje greier å ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte. Det vert vurdert om brukar må ha hjelp av helsefagleg personell til:
- personlig stell og hygiene
- rørsle og mobilitet
- oppretthalda ernærings- og væskebalanse
- nødvendig aktivitet, søvn og kvile
- respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering
Vidare vert det vurdert om ein har behov for
- hjelpemiddel
- rehabilitering
- psykisk helsearbeid
- miljøarbeid
Tenesta sitt innhald
- Når søknad er motteken vil tildelingskontor ta kontakt for avtale om heimebesøk eller samtale.
- Dersom det oppstår akutt behov for nødvendig helsehjelp vil hjelpa verta sett i gang og kartlegging vil verta utført etterpå. Vedtak vert fatta så snart som mogeleg.
- Brukar får beskjed seinast same dag dersom avtalar må endrast.
- Tenesteytar vil samarbeida med brukar om utføring av tenesta.
- Tenesta vert organisert på ein slik måte at det vert freista å ha færrast mogeleg tenesteytarar, det vil sei primærsjukepleie.
- Alle som mottar helsetenester i heimen ein gang i månaden, i meir enn 3 månader har rett til fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk. Personar med rusavhengigheit har rett til tannbehandling ved offentlig tannklinikk.
- Personalet har ikkje høve til å ta i mot personlege gåver.
Kva må du gjera?
- Søkja tildelingskontoret om tenesta
- Gjera seg kjend med innhaldet i vedtaket.
- Brukar må vera tilstade i heimen for å ta i mot tenesta. Det er ein føresetnad at brukar gir beskjed dersom han/ho ikkje er heime til avtalt tid.
- Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteytar jf. vedtektene i arbeidsmiljølova.
- Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med nødvendig og tilpassa utstyr for eksempel neglesaks, toalettsaker og temperaturmåler til utføring av arbeidsoppgåvene.
- Brukar må sørgja for at vegen er framkomeleg og trygg uansett årstid.
- Det må vera lys utandørs slik at det er lett å finna fram.
- God hygiene er viktig for både brukar og tenesteytar. Det skal det vera flytande såpe og tørkepapir tilgjengelig.
- Nødvendig tilrettelegging i bustaden må aksepterast, f.eks. hjelpemidlar og ommøblering.
- Når det vert søkt om bistand til å administrere medisin må brukar samtykkja til at medikamenthandteringa føregår i samsvar med ”prosedyre for legemiddelhandtering til heimebuande”.
- Forståing for at akutte situasjonar kan oppstå slik at oppdrag kan verta utsatt.
Oppgåver som IKKJE inngår i tenesta
- Brukar som treng akutt medisinsk/kirurgisk og psykiatrisk behandling, skal visast til spesialisthelsetenesta.
- Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim.
- Skyss/ transport i bil.
- Kommunen forbeholder seg retten til å tilby tjenester på andre måter, så lenge dette er forsvarlig.
Kva kostar det?
Det er ikkje eigenbetaling for helsetenester i heimen.
Eventuell bomavgift faktureres.
Lovgrunnlag
Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §§ 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen, her under sjukepleie, miljøarbeidarteneste og psykisk helseteneste.
Søknadsskjema - elektronisk
Søknadsskjema - utskrift
Søknaden skal sendast til:
Hemsedal kommune
Tildelingskontoret
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal
Kontaktinfo
Heimebaserte tenester tlf. 917 24 986
Avdelingsleiar heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)
Konsulent Marianne Brenno Nygård (epost)