Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Plan og planprosess

Kommunen har ansvaret for planleggingsoppgåver og er planleggingsmyndigheit. Kommunestyret skal sjå til at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette fylgjer av lov eller av kommuneplanen sin arealdel og der det er vidare behov for å sikre planavklaring for gjennomføring av bygge- og anleggstiltak.

Reguleringsplan er eit detaljert arealplankart med føresegn for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjeve. Reguleringsplan kan utformast som områderegulering eller detaljregulering. Områderegulering er kommunens planreiskap for meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken, medan detaljregulering er ein detaljert reguleringsplan som legg til rette for konkret gjennomføring av tiltak. Reguleringsplanar er juridisk bindande.

Planprosess

Oppstartsmøte

Før planarbeidet startar opp, må forslagsstillar sende planinitiativ til kommunen seinest samtidig med førespurnad om oppstartsmøte. I oppstartsmøte gir kommunen rammer og føringar for vidare planarbeidet. 

Forslagsstillar skal varsle start av planarbeidet. Dette gjer ein ved kunngjering i avis på staden og gjennom sosiale medium. Samt å skrive til aktuelle høyringsinstansar og part det gjeld, som grunneigarar og naboar. 

1. gongsbehandling

Forslagsstillar utarbeider eit planforslag med bakgrunn i rammer og føringar frå kommunen, og innspel til planforslaget som har kome i samband med varslinga. Det blir stilt spesielle krav til innhaldet og kvaliteten i planleveransen. 

Planforslaget blir sendt inn til kommunen, som gjennomgår det innsendte materiale og førebur saka for 1. gongsbehandling. 

Ved 1. gongsbehandling føreligg det eit konkret forslag til reguleringsplan. Forslaget består av eit plankart og eit sett med føresegner. I tillegg føreligg det eit saksframlegg utarbeidd av administrasjonen i kommunen. 

Offentleg ettersyn - høyring

Når planen er 1. gongsbehandla, blir den sendt ut på høyring og offentleg ettersyn til alle partar det gjeld, og til aktuelle høyringsinstansar. Den blir også annonsert i avis og eventuelt andre relevante medium. I høyringsperioden kan partane og høyringsinstansane kome med innspel og merknader til planen. Høyringsfristen er minimum seks veker. 

2. gongsbehandling

Når høyringsfristen har gått ut, ser administrasjonen gjennom alle innspel og merknader, og førebur ny politisk behandling. Reguleringsplanen blir 2. gongsbehandla i Hovudutval for Plan- og ressurs, før Kommunestyret får planforslaget med innstilling frå utvalet til vedtak. 

Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Når reguleringsplanen er vedteken, er den juridisk bindande. Det betyr at utbygging må skje i medhald av plan. 

Den politiske behandlinga av planar kan følgjast via den politiske møtekalenderen. 

Kunngjering

Etter vedtak skal reguleringsplanen bli kunngjort. Partane det gjeld og aktuelle høyringsinstansar blir varsla om dette gjennom brev. Kunngjeringa blir gjort i avis og på kommunens heimeside. Partane det gjeld har moglegheit til å klage på reguleringsplanen. Klagefristen er tre veker etter at vedtak av planen vart kunngjort.

Klagen sendast til kommunen per e-post: postmottak@hemsedal.kommune.no

Behandlingstid

Når det blir sendt inn eit privat planforslag, har kommunen ein frist på 12 veker på å 1. gongsbehandle planforslaget. Om saka er stor og kompleks, kan fristen forlengast med inntil seks veker.

Meir om reguleringsplanar og framgangsmåte