Søke SFO
Søknadsfrist for neste års SFO er 1.mars.
SFO tek og imot søknader heile året, og opphaldstida kan justerast etter behov dersom det er ledig kapasitet. Det er også mogeleg å kjøpe ekstra dagar og fridagar etter behov. Dette gjeld både fast påmeldte barn og andre som har behov.
Elektronisk søknad til sfo - endring av plass - oppseiing av sfo-plass
No kan du krysse av for kva dagar du ønskjer plass og om du ønskjar plass morgo og ettermiddag.
Rettleiing til elektronisk søknad
Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Hemsedal barne- og ungdomsskule, tlf. 31 40 89 05.
Personar som manglar 11-sifra personnummer må også ta kontakt med 31 40 89 05.
Oppseiing
- Oppseiing av plass i SFO skal gjelde frå 1. eller 15. i månaden.
- Oppseiing av plassen skal meldast minimum 1 månad før barnet skal slutte.
- Oppseiing kan ikkje skje etter 15.mai, og i tilfelle dette skjer, vil foreldrebetalinga likevel halde fram med fast månadleg beløp ut SFO-året.
- Kommunen kan og seie opp plassar med same frist dersom betalingsfristen vert overskriden med meir enn 2 månader.
- Oppseiing skal skje via Visma Flyt skole.
Prioritet til opptak
Alle som søkjer innan fristen 1.mars, får plass.
Inntak i løpet av skuleåret kan skje etter nærare vurdering og dersom det ikkje fører til behov for auka bemanning. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vert inntaket gjort etter fylgjande vilkår:
- Barn med særlege vanskar kan takast inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering til grunn for vurderinga av situasjonen og tilråding om inntak.
- Barn av einslege foreldre i arbeid eller under utdanning, og som åleine fører tilsyn med barnet/barna.
- Barn som har begge foreldre/føresette i arbeid eller under utdanning.
- 6-åringar kjem føre eldre barn.
Dersom det er plass, kan skulefritidsordninga ta mot barn for kortare periodar der det er særlege grunnar til det (sjukdom i heimen o.a).
Opningstid
- SFO følgjer skuleåret og startar 17. august.
- 6-åringane som skal begynne på 1. årstrinn, startar i SFO sine lokale veke 31, men saman med personalet frå barnehagen.
- SFO er open dei dagane som går inn i skuleruta. I haustferien, vinterferien, i juni etter skuleslutt og i august før skulestart er det høve til å kjøpe dagar. Påmeldinga er bindande med eigen betaling.
- SFO ved Tuv og Ulsåk skular samarbeider utanom dei 38 vekene som utgjer skuleåret.
- SFO er stengt i juli, jule- og påskeferie, andre fridagar i skuleåret jf skuleruta.
- SFO heldt stengt inntil 6 planleggingsdagar som vert brukt til kompetanseheving hjå personalet. Desse dagane er til vanleg dei same som skulen sine.
Opningstid
Kl. 07.30 - 16.30 kvar dag (måndag til fredag)
Tilbod gjennom året:
Morgen SFO kl. 07.30-08.30
Ettermiddag SFO skuleslutt - lkl. 16.30
Leksetid
Kommunen skal ha eit tilbod om leksetid for elevar på 1.-4. årstrinn.
Tilbodet skal vere gratis for elevane.
Elevane skal ha rett til å delta på leksetidtilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.
Prisar SFO 2023
Vedtekne prisar gjeldande frå 1.1.2023
Full betaling | |
1 dag pr veke før og etter skulen | 585,- |
2 dagar pr veke før og etter skulen | 1 170,- |
3 dagar pr veke før og etter skulen | 1 744,- |
4 dagar pr veke før og etter skulen | 2 314,- |
5 dagar før og etter skulen | 2 893,- |
Berre morgon | 652,- |
Syskenmoderasjon | |
30% på den rimelegaste plassen frå barn nr. 2 | |
Kjøp av dag | |
Pris pr dag i feriar utanom skuleruta | 308,- |
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass | 339,- |
Pris pr dag før og etter skuletid | 154,- |
Pris pr dag for dei som ikkje har ordinær plass | 164,- |
Gebyr ved for sein henting | 300,- |
Betaling
- Kommunestyret fastset foreldrebetalinga for SFO ved budsjetthandsaminga kvart år.
- Rekninga vert sendt ut forskotsvis kvar månad.
- Det er foreldrebetaling for plass 10 månader i året.
- Dersom meir enn 2 månader av foreldrebetalinga utestår vert varsel om oppseiing av plassen sendt frå økonomiavdelinga i kommunen.
- Brukarar som mistar plassen grunna manglande betaling kan tidlegast få attende plass ved neste ordinære opptak.
Moderasjonsordning
a) Alle elevar på 1.trinn får 12 timar gratis SFO. Dette treng de ikkje søke om, det blir lagt inn av administrasjonen.
Det er same linken som når du søkjer sfo-plass og logge på med ID-porten.
Fristen for å søkje for skuleåret 2022/2023 er sett til 1.august.
SFO og skyss.
GENERELT OM BUSSKORT
Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit elektronisk busskort frå skulen.
Busskortet er gyldig 17.8.20 – 18.6.21.
Busskortet vert deaktivert om sommaren.
Dersom kortet ikkje verker frå skulestart må du gi beskjed til skulen om dette.
Ta med busskortet til skulen og du får tildelt midlertidig reisebevis inntil busskortet blir aktivert.
Skulekort er gebyrfritt for grunnskoleelevar.
Ta godt vare på det!
Kva gjeld når mitt barn har SFO?
Skulefritidsordninga er frivillig, og foreldre/føresette må sjølve bringe og hente barna når ordinær skuleskyss ikkje kan nyttast.
Når du bestiller SFO og kryssar av morgon og ettermiddag, har du ikkje rett på buss desse tidspunkta.
Om ditt barn ikkje skal bruke SFO ein ettermiddag eller ein morgon, har dei ikkje gjeldande busskort denne dagen.
Foreldre/føresette må sjølve sørge for at barnet sitt kjem til skulen og/eller heim frå skulen.
Det er viktig at bestillinga av SFO er reell og nøyaktig.
Brakar, vår transportleverandør, set opp transport ut frå talet på barn som ikkje er meldt på SFO morgon og ettermiddag. Særleg no med restriksjon i høve pandemien, skal Brakar alltid ha nok kapasitet og skuleeigar skal kjenne til at transporten er forsvarleg.
Klage på SFO
Får du avslag på søknaden, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det.
Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meinar vedtaket bør endras. Om du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saken sendt vidare til kommunens eigen klagenemnd, som avgjer om klaga skal tas til følge.
SFO-vedtekter
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA
Kontaktinfo
SFO Tuv skule, tlf. 940 25 211
SFO Ulsåk skule, tlf. 971 50 499