Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot til rusfrie aktivitetar for barn og unge

Tilskot av kulturmidlar og tilskot til rusfrie aktivitetar for barn og unge - haust 2018

Hemsedal kommune ynskjer å støtte felleskulturen slik at den kjem flest mogeleg til gode. Viktige verkemiddel er gode tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet vi ynskjer i kulturlivet.

Alle lag og organisasjonar i Hemsedal kommune kan søkje om tilskot til drift (ein gong i året). Det vert også gjeve støtte til arrangement og prosjekt. Dei som arbeider med målgruppa born og unge vil bli prioritert ved tildelinga.

Ein føresetnad for at laget vert vurdert, er at det har medlemskontigent og fører medlemslister.
Tilskot til Rusfrie aktivitetar skal tildelast aktivitet for barn og unge. Retningsliner er under utarbeiding.

Komplett søknad må vere kommunen i hende innan 1.oktober.
Søknadene vert handsama i Hovudutval for Livsløp.
Søknad til kulturmidlar og rusfrie aktivitetar må fyllast ut på skjema for kulturmidlar. Hugs å merke søknaden med Rusfrie aktivitetar om du søkjer den ordninga.
Søknadsskjema og retningsliner for kulturmidlar finn du her  eller ved å kontakte Tenestetorget.