Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Stadnamn i Hemsedal

Hemsedal Historielag har over lengre tid jobba med innsamling av stadnamn.I samarbeid med Språkrådet og Hemsedal kommune har desse stadnamna no registrert i eit dataprogram.

På bilete viser vi Astrilègo – eit namn ved Vavatn. Historia fortel at Astri skulle ned til bygda att frå stølen i Hydalen for å fø. Ho rakk ikkje ned, men fødde ved Vavatn der plassen fekk namne Astrilègo

Astrilego, bilde av kart og forklaring

Finn du namn i databasen som du kjenner ei historia til, skriv ned og send til Hemsedal kommune.

Link til stadnamna:

https://www.edd.uio.no/navneregistrering/aapen/hovedside.html

Om du har lyst til å sjå, gå inn på linken legg inn Hemsedal under kommune i søkefeltet, da får du heile lista

Legg du inn gnr og bnr i tillegg vil du få opp namn som er ligg under det gardsnummeret.

Hemsedal kommune er stolt over innsatsen som samarbeidet med Hemsedal Historielag har resultert i og vi har fått teke vare på 3873 namn. Ein ser at ved å gjera slike innsamlingar tek ein vare på ein kulturarv som ein kan dele med nye generasjonar.

Hemsedal kommune set og stor pris på at Språkrådet har kome med ei innsynsløysing slik at ein kan dele kunnskapen. 

 

Lukke til.