Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Spelemidlar for idrett og fysisk aktivitet

Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.

Spelemidlar

Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.

Spelemidlane vert brukt til tiltak som gjev innbyggjarane høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den medlemsbaserte frivillige idretten.

Anlegg i lokalmiljøet som særleg stimulerer og tilfredstiller born sitt behov for fysisk aktivitet vert prioriterte. Når det gjeld ungdom, er det eit mål å utvikle anlegg som tilfredstiller dei behov ungdom har for utfordring og variasjon.

Krav for å kunne søke om spelemidlar:
• er at tiltaket er med på det prioriterte handlingsprogrammet i"Handlingsplan for idrett og fysisk
aktivitet.”

Innkomne søknader må opp til politisk godkjenning før dei vert sendt til Buskerud fylkeskommune for handsaming.

Søknad

• Frist for innleving av komplett søknad er 1. oktober
• Alle søknader må leverast elektronisk
• Søknadsskjema finn du på www.anleggsregistret.no

For meir informasjon ta kontakt med kulturkonsulent Marit Huso tlf: 31 40 88 20 eller e-post marit.huso@hemsedal.kommune.no