Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hemsedal Kulturskule

.. finn du i Hemsedalsvegen 2889, inngang Hemsedal Kultursal

Velkomen til Hemsedal kulturskule!

Vi er stolte av å kunne tilby elevane følgjande undervisning: 

Instrumentundervisning:
Piano, fiolin, fløyte, gitar/elgitar, bassgitar 

Gruppeundervisning: Kor, JUBA JUBA, keramikk, teater, film og redigering, dans mix, dans teknikk og hiphop for gutar. 

I tillegg har me song-ensemble og band. Dette er det ikkje mogleg å melde seg på, men det blir sett saman av elevar og lærarar ved kulturskulen. 

Følg med på Facebook sida vår, Hemsedal Kulturskule, for fortløpande informasjon. Flott om du vil like FB sida og gjere ho kjend!

Christelle Haug er leiar for Hemsedal Kulturskule
christelle.haug@hemsedal.kommune.no - Tlf. 993 67 492

Søknad og oppseiing

Søknad - opptak

Nye elevar

Allerede elev i kulturskulen

Det må søkast om plass for kvart nytt skuleår.

Eleven vert automatisk sett på venteliste og blir tildelt plass dersom kulturskulen har ledig kapasitet.

Dette skjer fortløpande. Eit kulturskuleår er haust + vår, akkurat som den vanlege skulen.

Viktig: Dersom eleven har spesielle behov me må ta omsyn til, må leiar informerast skriftleg ved påmelding. 

Oppseiing :

Dersom du beheld plassen ut skuleåret, treng du ikkje seie opp plassen, men vil du fortsette i nytt skuleår må du reregistrere deg.

Det er opent for søknad / re-registrering kvart år frå midten av juni.

Vil du slutte før kulturskuleåret er ferdig, må det meldast skriftleg per epost til kulturskulen sin leiar innan 10. desember. 

 

Kulturskulen har nokre instrument til utleige. Elevar kan ikkje gå ut frå at det er instrument disponible til ei kvar tid.

Instrument for leige

• keyboard

• fiolin

• fløyte

Prisar og redusert betaling

Ein vanleg kulturskuletime er frå 25 til 60 min, alt etter kva time det gjeld.

Pris pr. semester                                 1 372,- 

Vaksne pr. semester                            2 200,-

Søskenmoderasjon - 25%
Moderasjon ved fleire aktivitetar - 25%

Instrumentleige
Pris pr. semester                                 250,-