Gratulerer så mykje med dagen.
Velkomen til årets digitale 17 mai feiring.
Tusen takk til alle som har bidrege inn i vår digitale skattekiste.
Ein ekstra takk til våre profesjonelle Bertram Wahl og Jostein Venås som har bidrege med film og redigert alle innsendte bidrag.
17. mai program
Direktesendt underholdning fra bygdaheimen, vert sendt på facebook
Me har også eit arrangement på facebook, sjå meir info nederst i artikkelen.
Gå til facebookarrangement
Tale
Helsing frå 10. klasse ved Elvira og Kari
Toraderkonsert med Familien Albrigtsen
Underholdning samt tale frå Bygdaheimen vil verta lagt inn her når den er klar.
Filmar
17. mai helsing frå Hemsedal kulturskule
Musikkvideo: Frihetssang av Kjellaug Solbakken
Filmfotograf Berthram Wahl har laga ein stemningsfull musikkvideo til låta "Frihetssang", med klypp frå Kjellaugkonserten i kyrkja i 2017, flott hemsedalsnatur og nye opptak frå mai 2020. Blant dei medverkande er Hemsedalskoret, Hemsedal jentekor og Hemsedal Soul Children. "Frihetssang" er eit av 15 spor på CD-en "Hemsedalskoret syng songar av Kjellaug Solbakken", som vart gjeve ut sommaren 2019. Ingrid Kindem har arrangert låta.
Bygdehelsing til digital 17. mai
Bygdafolk har sendt inn små videosnuttar til den digitale 17. mai-komiteen, som Jostein Venås har klyppt saman til ei stemningsfull og søt lita 17. maihelsing- til bygda frå bygda. Bakgrunnsmusikken er ved Erik Wøllo. Hipp hipp hurra!
Ei hemsedalsreise i musikk, landskap og film
Filmskapar Jostein Venås frå Lio har latt seg inspirere av lydlandskapet i "Path finder" av komponsit Erik Wøllo frå Tuv. Filmen startar i svart og tek oss vidare inn i Hemsedal i ulike årstider og mage slags vêr. Ei poetisk og vakker hemsedalsreise!
Elever på teaterlinjen ved Hemsedal kulturskule les diktet;
"I dag står flaggstangen naken" av Nordahl Grieg.
Skrevet like etter invasjonen av Norge i 1940.
Trim for eldre - Sprekingane i Hemsedal, markering av årets aktivitetsdag
1. Klasse på Tuv "Syng ut"
2. Klasse på Tuv "Syng ut"
3. Klasse på Tuv "Syng ut"
4. Klasse på Tuv "Syng ut"
Hemsedal kommune har også ei facebookside med arrangement Hemsedal 17. mai 2020
"Vis oss korleis du feirar din 17. mai i Hemsedal!
Er du til fjells, på ski, ilag med vener/familie, på jobb, på stranda; vis oss din 17. mai!
Send inn bilete og filmsnuttar (ikkje meir enn 3 minutt) via innlegg her på dette arrangementet.
Bilete og filmsnuttar vert publisert jamnleg. Upassande innlegg vert fjerna."
Med ønske om ei fin feiring!
17 mai komiteen og Hemsedal kommune