Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Den kulturelle spaserstokken

Målet med Den kulturelle spaserstokken er:

•å sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre

•å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det lokalt vert utvikla gode kunst- og kulturprosjekt innafor eit mangfald av sjangre og uttrykk

•å bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbud på dei arenaer dei eldre befinn seg i dagleglivet

Den kulturelle spaserstokken i Hemsedal

Hemsedal kommune har sidan 2008 fått midlar til den kulturelle spaserstokk.

Dette er ei gruppe samansett av representantar for Hemsedal pensjonistlag, Hemsedal eldreråd, Historielaget, Frivilligsentralen, Helse og omsorg og Kultur og oppvekst.

Det har vore fleire arrangement i løpet av året der profesjonelle har underhelde, som på haustfesten, opninga av sansehagen, diverse arrangement på bygdaheimen, i kinosalen og på biblioteket. I tillegg er det song og musikk kvar tysdag for bebuarane på bygdaheimen.

Eksempel på arrangement
•Johannessen skifter genser
•Prøysenviser
•Folkemusikkutøvarar frå Ungdomsmiljøet på Torpo
•Hemsedal Trekkspelklubb