Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

17. mai 2021

17.  MAI I HEMSEDAL 2021                                           

Endring!

17. mai programmet på Bygdaheimen er flytta til Hemsedal kirke. Med dette håpar me å kunne dele det flotte 17. mai programmet med heile bygda. Mange lokale aktørar skal i sving for å skape ein god og høgtideleg markering av dagen. Invitere pårørende fra Bygdaheimen vil bli tilvist plass og oppmøte er kl. 12.45. 

Arrangementet i Hemsedal kirke vert filma direkte/streamet og lagt ut på kommunen si facebookside. NB: du du treng ikkje å ha facebookprofil for å kunne sjå arrangementet. 

https://www.facebook.com/hemsedalkommune

 

Kl. 10.15              «Drive inn» Familiegudsteneste ved parkeringa på Kommunehuset

v/ Sokneprest Camilla Osnes                                                    

 

Kl. 11.15              Bilkortesje frå Ulsåk til Tuv.

Oppmøte kl. 11.00 - parkeringsplassen ved KIWI

Også detta året køyrer vi den gamle 17.mai ruta.

Vi inviterer alle type bilar i bilkortesja, kanskje er vi heldig og får med oss veteranbilar/hobbykjøretøy, motorsyklar, skuterkjøretøy og traktor er også velkomne.

I år er fartsgrensa på kortesjen 35 km/t slik at alle kjøretøy kan halde følgje.

Ta med flagg og hugs her gjeld trafikkreglar og smittevernreglane.

 

Kl. 13:00              «Ja vi elsker»  - Kyrkjeklokkene ringer 


Hemsedal kirke – lukka arrangement for spesielt inviterte.

                Deler av arrangementet vert filma og delt på Digital 17. mai på facebook.

    https://www.facebook.com/hemsedalkommune

                              

   Kl. 12.45           Inviterte finn sine tilviste plassar

   Kl. 12.55            Kirkeklokkene ringer

   Kl. 13.00           Felles salutt og ja vi elsker over heile Norge

 

  • 17. mai komiteen ønskjer velkommen

 

  • Tale fra årets 10. klassinger


  • Diktlesing med piano akopagnement

 

  • Folkesong ved KvedarRekrutten

 

  • Årets 17.mai tale av Camilla Underland

 

  • Sang fra Anne Skolt

 

  • Tale fra årets russ

 

  • Allsang: Hemsedalssangen

 

  • Tale frå ordfører Pål Rørby

 

  • Allsang: Fagert er landet

 

  • Ordføraren går i prosesjon med fanen ned til bautaen og legger på blomsterkransen

                               Digital 17. mai – sjå facebooksida                             

 

https://www.facebook.com/hemsedalkommune

                             

Me oppfordrer innbyggarane i Hemsedal til å legge ut filmer fra årets feiring (eller kanskje fjorårets?) eller noe som kan forbindes med nasjonaldagen og legge de ut på facebooksiden til Hemsedal Kommune på 17.mai

                               Tv sending på www.hallingdølen.no


Kl. 21.00              Firing av flagget                                                                             

 

Hemsedalskoret ønsker alle ein strålande 17. mai. 

Hemsedalskoret - frå koronadvale til full 17_maistemning på 3 minutt


Restriksjonar

Regjeringa har ikkje komme med eigne reglar for gjennomføring av nasjonaldagen. Alle arrangement og sosiale samankomster i samband med feiring av 17.mai må difor gjennomførast med gjeldande nasjonale råd og reglar:

  • Det er ikkje tilrådd å ha besøk av fleire enn 5 gjester i eigen heim eller hage

  • Private samankomster på offentleg stad har ei lovfesta antalsbegrensing på 10 personar innandørs og 20 personar utandørs. Dette gjeld også til dømes på serveringsstader og dersom det er ein offentleg arrangør.

  • Andre typar arrangement har ei antalsbegrensing på 10 personar innandørs utan faste tilviste sitteplassar, 100 personar innandørs med faste tilviste sitteplassar og 200 personar utandørs. Slike arrangement har strengare krav til gjennomføring og det bør vere ein dialog med kommuneoverlegen for smittevernmessig trygg gjennomføring.

Råd til arrangementer, julebord og sosiale sammenkomster - helsenorge.no

Nasjonaldagsfeiring- regjeringen.no

Hvis det er risiko for at 17. mai-tog eller andre arrangement fører til folkesamlingar eller tiltrekker seg personar fra ulike kommuner, bør dei avlysast. 17. mai-tog, annonserte talar, leiker, kransenedleggelser og liknande er også omfatta av reglene om arrangement.

 Songar

JA VI ELSKER

 

Ja vi elsker dette landet, som det stiger frem

Furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem

Elsker, elsker det og tenker på vår far og mor

Og den sagnatt som senker drømme på vår jord

Og den sagnatt som senker, senker drømme på vår jord

 

Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud

Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut

Alt kva fedrene har kjempet, mødrene har grett

Har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett

Har den Herre stille lempet, så vi vant, vi vant vår rett

 

Ja vi elsker dette landet, som det stiger frem

Furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem

Og som fedres kamp har hevet, det av nød til seir

Også vi når det blir krevet, for dets fred slå leir

Også vi når det blir krevet, for dets fred, dets fred slå leir

 

FAGERT ER LANDET

 

Fagert er landet du oss gav,

Herre vår Gud og vår Fader!

Fagert det stig av blåe hav,

Soli ho sprett og ho glader,

Signar vårt land i nord og sud

Soleis di åsyn lyser, Gud,

Yver vårt Noreg i nåde

 

Signa då Gud, vårt folk og land,

Signa vårt strev og vår møda.

Signa kvar ærleg arbeidshand,

Signa vår åker med grøda!

Gud, utan deg den vesle urt

Veiknar og visnar, bleiknar burt

Ver du oss ljoset og livet.

 

GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND

 

Gud signe vårt dyre fedreland,

Og lat det som hagen bløma!

Lat lysa din fred frå fjell til strand,

Og vinter for vårsol røma!

Lat folket som brødre saman bu,

Som kristne dei kan seg søma.

 

No er det i Noreg atter dag

Med vårsol og song i skogen.

Om sædet enn gror på ymist lag,

Det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd

 til groren ein gong er mogen.

HEMSEDAL

Mel: Dei gamle fjell i syningom

 

Eg veit ein dal imellom fjell

Med berg og gråsteinsur

Der tindar stig og fossar fell

I ven og vill natur

Og denne dalen er oss kjær

Og denne heimen god

For ingen stad slik hugnad er

Som der vår vogge stod

 

Dei fagre fjell i sør og nord

Er dalens beste vern

Med hydnefossen ven og stor

Og djupe, stille tjern

Som drøymer stilt innunder kvelv

Når dagen andar ut

I sus og song frå Heimsil elv

Og svale vind frå nut

 

Vel var det slit og tronge kår

I mang ein tidebolk

Og lenge mellom haust og vår

For både fe og folk

Men heimegrend og gard og støl

Var vondt å skiljast ved

Og difor vart ein hemsedøl

Til sol bak fjell gjekk ned

 

Dei gamle ætter seig i grav

Frå vegen tung og bratt

Då dei la ned sin ferdastav

Tok nye krefter fatt

Og vart det stundom tap og tjon

Og løna heller skral,

Så lyste lell ei framtidsvon

For fagre Hemsedal

 

Og framtidsvona lyser enn

For heim og ættegard.

I hug og hjarta kjærleik brenn

Til det som er og var.

Den gode arven gøymast må

Og odlast i sin grunn,

Men kveik og kraft og signing få

Frå livsens helsebrunn.

Så signe då Gud den gode sæd,

Til groren ein gong er mogen.