Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksiner

Mange alvorlege sjukdomar kan førebyggas med vaksinasjon. Før reise kan det vere aktuelt med vaksiner mot sjukdomar ein ikkje tidlegare er vaksinert mot eller oppfriskningsdosar av vaksiner ein har fått tildegare.

Timebestilling:

Timebestilling på Helsestasjonen hos:
Sigridur Vedvik tlf. 916 66 830 / 31 40 89 73
Ann-Kristin Åsheim tlf. 902 42 061 / 31 40 88 75

Hugs at du må bestille time i god tid før du skal ut og reise!

Helsestasjonen gjer deg råd og rettleiing om helse og reise, vaksinering og kan ordne med malariaresepter.

Prisar: 
For konsultasjon (frå 16. år):
Kr. 350,-    1. gangs konsultasjon
Kr. 155,-    Vidare konsultasjoner
Kr. 100,-    Forbruksmateriell per konsultasjon

Barn:
gratis

I tillegg kjem prisen for dei ulike vaksinene. 

Reisevaksiner - priser per januar 2020   Pris per dose
Polio/Difteri/Stivkrampe/Kikhoste   285,-
Hepatitt A 2 doser

Barn: 250,-

Voksen: 280,-

Hepatitt B 3 doser

Barn: 170,-

Voksen: 215,-

Hepatitt A + B 3 4 doser

Barn: 355,-

Voksen: 470,-

Kolera 1 dose
2 doser
220,-
400,-
Japansk hjernehinnebetennelse - vaksine 2-3 doser 805,-

Tyfoid vaksine

Tyfoid - Vivotif (oral vaksine)

 

205,-

235,-

Meningokokk ACWY - vaksine

Meningokokk C

 

390,-

300,-

Gulfeber - vaksine   380,-
Skogflåttencefalitt 3 doser

Barn: 320,-

Voksen: 330,-

Humant papilloma virus - HPV - Cervarix

Humant papilloma virus - HPV - Gardasil 9

3 doser

3 doser

890,-

1380,-

Rabies  2 doser 515,-
     

Malaria tabeletter - resept fåes hos lege.

Andre vaksiner kan bestilles etter behov.

   

For å få optimal av vaksinasjon bør ein i mange tilfelle starte i god tid før avreise.

Behov for vaksinasjon må vurderast i forhold til sjukdomsbilete til einkvar tid, type reise, reisens varigheit og den reisende sin helsetilstand, alder og tidlegare vaksinasjonsstatus.

På folhelseinstituttet sine nettsider finn du oppdaterte reiseråd og utfyllande informasjon om reisevaksiner.

 

Gratis HPV-vaksine

Til kvinner fødde 1991 og seinare


Alle kvinner som er fødde i 1991, og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomvirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram.

Programmet har starta opp.

Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å forebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av denne sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.


HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine.

Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinasjonsdosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

Ta kontakt med Hemsedal helsestasjon på telefon: 31 40 89 31 /31 40 88 15 om du ynskjer å nytte deg av tilbodet om gratis vaksine mot HPV-infeksjon, Vi setter opp timeavtalar fortløpande.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine