Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Startlån bustad

Startlån er eit finansieringstilbod for dei som ikkje får bustadlån i det vanlege lånemarkedet. I Hemsedal er det NAV-kontoret som tek imot og behandlar søknadar om startlån.

Kven kan få startlån?

Viss du ikkje får bustadlån i vanleg bank og ikkje har moglegheit til å spare opp eigenkapital, kan du søkje startlån. Startlån er for barnefamiliar og personar som er i særleg utfordrande situasjonar og manglar ein eigna bustad:

•økonomisk vanskelegstilte husstandar

•du kan miste bustaden ved tvangssal gunna bustadgjeld

•barnefamiliar med behov for ein stabil og trygg bustad raskt

•personar som mottekk trygd / offentlege ytingar

•personar med særlege sosiale eller helsemessige utfordringar

•personar med nedsett funksjonsevne som treng tilpassing av bustad

 

Kva kan startlånet brukast til?

•kjøpe ny eller brukt bustad 

•refinansiering med pant i eigen bustad for å oppretthalde buforholdet

•kjøpe ut ektefelle

•til utbetring

•til tilpassing ved nedsett funksjonsevne

 

Kva må til for å få lån?

Søkjaren må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nødvendige midlar att til livsoppphald.

•bustaden må vere eigna for husstanden og rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du skal bu

•ein hovudregel er at bustaden skal liggje i den kommunen som gjer lån

 

Søknadsskjema

Søknadsskjema og meir informasjon

Forskrift om startlån fra Husbanken