Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Logoped

Informasjon om logopedtenesta

 • Logopedtenesta er retta mot helse og omsorg og vaksne. Tenesta gjeld for alle dei seks kommunane i Hallingdal.

 • Tenesta skal fordelast prosentvis mellom kommunane ut frå antall innbyggjarar.

 • Logopeden arbeider tett opp mot Hallingdalsjukestugu og rahabiliteringa der ved aktuelle forløp.

 • Logopeden skal i tillegg vere tilgjengeleg for helsepersonell på institusjonane i Hallingdal. Enten ved kurs og undervisning, eller bistå med tilrettelegging rundt enkeltsituasjoner. Institusjonane kan sjøl ta kontakt med logopeden og gjere avtale.

 • Pårørande kan også gjere avtale med logopeden for å få råd og veiledning.

For å få time hos logoped treng du henvisning frå lege eller spesialist. Ta kontakt med fastlegen og han vil henvise deg vidare.

Logopeden har kontor ved Ål Legekontor.

 • Kontortid med klinisk arbeid frå mandag til torsdag frå kl. 08.00 – 16.00. Fredager kun kontortid men kan nåast på mail og               telefon.

 • Logopeden er ikkje tilgjengeleg når han har konsultasjonar.

Kven kan ha bruk for logoped?

 • Pasientar med AFASI etter hjerneslag, ofte med følgevanskar som ordleiting, taleapraksi, dysartri og dysfagi.

 • Parkinson-pasientar som treng hjelp til å vedlikehalde stemmekvalitet.

 • ALS pasientar for å jobbe med pust, tale og tilrettelegging av alternativ kommunikasjon.

 • Ulike stemme- og talevanskar som har oppstått grunna stemmebruk, sjukdom eller skade.

 

Mail: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no
Tlf. 482 177 74

 

Kontaktinformasjon logoped