Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kvardagsrehabilitering

KVA ER VIKTIG FOR DEG?

Tilbodet om kvardagsrehabilitering har eksistert i Hemsedal kommune sidan 2016.

Kvardagsrehabilitering er ei førebyggande teneste som har som mål å hjelpe deg til å mestre daglege aktivitetar i kvardagen din. Kvardagsrehabiliteringsperioden er tidsbegrensa, ca 6 veker. Vi ønskjer at du deltek aktivt i denne perioden. Erfaringsmessig opplever mange fysisk og psykisk meistring og auka livskvalitet etter endt periode.
Eit tverrfagleg team (fysioterapeut /sjukepleiar /omsorgsarbeidar) vil koma heim til deg og rettleie og støtte deg undervegs.

Fokuset vårt er: Kva er viktig for deg?

 mestringshjul

Du kan kontakte heimesjukepleia om du, nokon du er pårørande til eller andre som du tenkjer på kan ha nytte av eit slikt tilbod. Vi kan svare på spørsmål eller ta imot søknad om dette tilbodet.

Avdelingsleiar:
Line Strandberg

Tlf: 31 40 88 64 / 916 66 853 mellom kl. 08-15
Mail: Line.Strandberg@hemsedal.kommune.no