Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Koordinerande eining

Hemsedal har ei koordinerande eining (KE) som skal sørge for at tenestene (støttekontakt, avlasting med meir) til deg som mottaker vert sett i samanheng.

Meldeskjema

Tiltaka som vert sett i verk skal ha kontinuitet. Me som koordinerande eining skal bidra til at dei ulike som tilbyr tenestene samarbeider og legg til rette for at du som mottakar kan vera med å planlegge og organisere habiliterings- og rehabiliteringsperioda.

Koordinerande eining skal:


•sørge for at tenester vert sett i samanheng.
•sikre kontinuitet i tjenesteytinga.
•bidra til at tjenesteytarane samarbeider om planlegging og organisering av tilboda.
•legge til rette for brukermedverknad.

Les meir på helsedirektoratet sine nettsider om koordinerande eining.

Koordinerande eining omfattar desse tenestene:


•Støttekontakt/ fritidskontakt
•Brukerstyrt personlig assistent (BPA)
•Omsorgslønn
•Privat og offentleg avlasting
•Individuell plan
•Kontaktpunkt for spesialisthelsetenesta
•Transportteneste (TT-kort) - overtatt av Viken fylkeskommune frå 01.01.2021.
•Parkerings- / ledsagerbevis
•Demensteam
•Saksbehandling
•Kartlegging av hjelpebehov

BPA- brukerstyrt personlig assistent

Brukerstyrt personlig assistent (BPA) er ein ordning som er særleg tilrettelagt for menneske med omfattande funksjonsnedsettingar. I prinsippet omfattar ordninga de same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester - som bistand til stell, pleie, måltider, fritidsaktiviteter og alle andre nødvendige kvardagslege gjøremål.

Info om BPA - Helse Norge

 

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er kommunal betaling til pårørande med omsorg for personar som har særleg omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom. Kravet for å søkje om omsorgsstønad er at omsorgsarbeidet foregår i eigen heim.

Omsorgsbehovet er grunnlag for vurdering av søknad.

Behovet vert vurdert ut frå desse kriteria:

  • om du arbeidar mange timar pr månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet føre til mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangle på fritid

Har du spørsmål vedrørande omsorgsstønad kan du kontakte koordinerande eining mandag til fredag kl. 08.00 - 15.00 på tlf: 974 98 919  


Følgjekort (ledsagerbevis)

Har du behov for følgje eller assistanse for å kunne gå på offentlege arrangement kan du søkje på følgjekort.

Eit følgjekort gjer det mogleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnadar på offentlege kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga gjeld. Den funksjonshemma betalar gjeldande prisar.

Info om følgjekort - Helse Norge

Søknadsskjema følgjekort

TT-kort (transport for funksjonshemma)

TT-kort er eit tilrettelagt transporttilbod med drosje for dei som ikkje kan, eller har vesentlege vanskar med å bruke vanlege kollektive transportmiddel. Føremålet med tenesta er å gjere funksjonshemma meir mobile og i stand til å ta del i det alminnelege samfunnsliv.

Ordninga er ikkje rettighetsbasert og skal ikkje vere eit alternativ for manglande kollektivtilbud.

Frå 1. januar 2021 er det ei ny felles TT-ordning som vil gjelde for heile Viken. Etter denne datoen skal alle nye søknader sendast og sakshandsamast sentralt av Viken fylkeskommune.

Saman med søknadsskjema skal det følgje legeerklæring.

Alle som har TT-kort i den gamle TT-ordninga i Viken per 31. desember 2020 treng ikkje foreta seg noko. Du vil bli overført til ny overgangsordning, ei overgangsordning som vil vare i to år. Viken fylkeskommune vil sende deg informasjon om dette.

Her kan du lese meir om ordninga og skrive ut søknadsskjema

Forskrift om TT-ordninga gjeldande frå 01.01.2021.

Parkeringsløyve

Parkeringsløyve for funksjonshemma gir i samband med transport av den som har fått løyve, lov til å parkere kjøyretøy i heile landet på reserverte parkeringsplassar for bevegelseshemma merka med offentleg trafikkskilt.

Beviset gir ôg rett til å parkere avgiftsfritt og utover lengste fastsette parkeringstid. Bevis blir gitt til personar som har ein bevegelsesshemming og evt. til organisasjonar som transporterer bevegelseshemma.

Info om parkeringsløyve - Helse Norge

Søknadskjema

NB: her skal det følgje med ei legeerklæring som seier at hensyn til helsetilstand treng parkerinsløyve.

Søknadskjema (generell søknadskjema)

Søknad om tjenester

Kontaktinfo

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Koordinerande eining  Koordinerande eining (epost)

Helse og omsorgsjef  Inger Lill Solberg (epost)

Konsulent Kirsten Marie Brenno (epost)